I dag vart ein Harvard-rapport om det innovative norske klesmerket Moods of Norway lagt fram i Oslo.
Rapporten skal brukast i undervisninga på Harvard Business School. Der skal studentane kunne lese, diskutere og bruke det norske klesfirmaet som eksempel.
Frå nachspiel til Harvard
Simen Staalnacke og Peder Børresen var godt nøgde i dag når rapporten vart lagt fram i regi av Norsk Designråd.
- Det er veldig, veldig morosamt for oss at verdas med anerkjende universitet tek tak i vesle Moods of Norway frå Noreg. Vi synest det er rasande festleg og kjempekjekt, seier gründer Simen Staalnacke.
Moods of Norway starta som ein ide på eit nachspiel for seks år sidan. I dag har verksemda vorte eit solid merkenamn med 25 tilsette, og ei omsetjing på 100 millionar kroner i 2009.
Kolleksjonane til Moods of Norway vert fotografert i Stryn i Sogn og Fjordane.
Foto: NRKDei har framleis hovudkontor i Stryn. Gullkjeder, rosa genserar og små påsydde traktorlogoar har vorte ein del av varemerket. Gründer Peder Børresen innrømmer at dei spelar på norske stereotypiske førestellingar med fjell og fjord.
- Men vi har aldri brukt ostehøvelen – vi prøver å overraske med den norske historia, seier Peder Børresen.
Dansk dame bak
Æra for at Moods of Norway vert studieeksempel ved Harvard er det danske Dorte Krogh som har, ein grafisk designar som sjølv har studert ved universitetet. Det var ho som sette det heile i gang.
- Denne verksemda har ein utruleg sterk strategi for kva dei vil, seier Dorte Krogh.
Ho meiner at karane frå Moods set seg sjølv i scene, samstundes som det heile er svært ekte.
LES ÒG:
LES ÒG:
Spanande diskusjonstema
Rapporten om Moods of Norway vert no lagt ut i Harvard Business School sitt bibliotek der handelshøgskular frå heile verda kjøper sine studieeksempel. Tidlegare professor ved Harvard Business School Robert D. Austin er ein av forfattarane bak rapporten. Han seier det er mykje ein kan diskutere når det gjeld konseptet til den norske verksemda.
- Nokre av hovudtema med Moods of Norway vert kva dei sel - sel dei klede, eller noko meir?, undrar professor Austin.
I tillegg meiner Austin at måten Moods of Norway bruker autensitet og noregsreklame på er spanande tema for ein diskusjon.