Hopp til innhold

Moods of Norway opna i LA

Laurdag 16. mai opna Moods of Norway sin første butikk i USA. Butikken ligg i Hollywood i Los Angeles.

Video nsps_upload_2009_5_22_13_35_31_1296.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Foto: Svein Arild Vatsø

Frå før har klesprodusenten frå Stryn butikkar i Oslo, Bergen, Stryn, Trondheim og Flø i Norge. I utlandet har dei butikkar i Tokyo og på Island.

Sjå også Moods of Norway opnar nye butikkar

Kleda vert selde mellom anna i Skandinavia, Spania, USA og Japan. Den nyaste kolleksjonen deira vert vist under Oslo Fashion Week i midten av februar, og har fått namnet "Coctail Travels".

Dei skal også lansere ein kolleksjon dei har laga i samarbeid med Helly Hansen .

Gründerne bak klesmerket er Peder Børresen og Simen Staalnacke. Med på laget er også økonomisjef Jan Egil Flo.

I 2007 omsette dei for om lag 27 millionar kroner.