Hopp til innhold

Slik blir Moods-kolleksjonen i 2010

Moods of Norway trekkjer grensene langt, men ikkje for langt når dei fotograferer bileta til sommarkolleksjonen for 2010.

Fotoshoot i Stryn

- Vi prøver å finne dei stadane der du får sjå mest mogleg norsk natur, der antrekka våre blir ein ganske stor kontrast, fortel Moods-gründerane Peder Børresen (t.v.) og Simen Staalnacke.

Foto: Eline Buvarp Årda

- Vi hadde tenkt å klippe ein sau som ein puddel, og farge den rosa. Men det hadde blitt så mykje styr, fortel Peder Børresen, ein av gründerane bak klesmerket Moods of Norway.

Forelska i Hopland

I helga fotograferte dei bileta til neste års sommarkolleksjon - "Coctail Farming" som er tema for kolleksjonen. Den skjedde sjølvsagt i heimbygda Stryn, med hagen til Wenche Hammer i Hopland og Nordfjorden som råme.

- Det er berre flott det, å vise bygda frå si beste side, smiler ho.

Daniel og Julie

Delegasjonen på 12 personar fotograferte, justerte og styla modellane Daniel og Julie. Men det var ikkje berre kleda som vart fargerike på bileta.

- Dei må ha visse moods-element. Kleda må sjølvsagt sjå veldig bra ut, så må vi ha den rosa øksa og vedkubbane. Det passar veldig bra, seier medgründer Simen Staalnacke.

Rosa moods-touch

Nok ein gang køyrer Moods of Norway på med mange klare og sterke fargar i kleda sine. Ifølgje Staalnacke er det både i tida, og eitt av varemerka til verksemda. Og det var liten tvil om kva som er favorittfargen til duoen.

- No har vi teke ein god del norske jordbruksreiskapar og farga dei rosa. Vi har ein rosa ljå, eit par raker, bøtter, mjølkespann og økser. Det er Moods-touch på jordbruksreiskap, ler Staalnacke.

Traktorstatistikk

Ikkje noko er vilkårleg for stryneverksemda. På armen til 2010-skjorta kan du til dømes finne traktorstatistikk.

- Det er 234 432 registrerte traktorar i Norge. Det er ny statistikk frå Statistisk Sentralbyrå kvart fjerde år, så den har vi akkurat oppdatert. For dei som er interesserte i statistikk, så kan eg opplyse at det er blitt 8,5 prosent fleire traktorar i løpet av dei siste fire åra, seier Børresen og Staalnacke.