Hopp til innhold

Voldshendelse på Sjusjøen

Oppsummert

En kvinne, en mann og en tenåring er sendt til sykehus etter en voldshendelse i en hytte på Sjusjøen. Skadeomfanget hos de involverte er usikkert.

  • Fremstilles for varetekt

    Mannen som fredag ble siktet for grov kroppsskade på Sjusjøen fremstilles i dag for varetektsfengsling i Hedmarken tingrett. Det skriver politiet Innlandet i en pressemelding.

  • Mann sikta etter valdshending

    Ein mann i 50-åra er sikta for grov kroppsskade etter valdshendinga på Sjusjøen. Alle dei tre involverte er på sjukehus, men ingen skal vere livstrugande skadde, melder politiet. Dei vil gjere avhøyr så raskt dei kan.

  • Ein av dei skadde er i tenåra

    Ein av dei skadde i valdshendinga på ei hytte på Sjusjøen var ein person under 18, seier politiet. Alle tre er sendt til sjukehuset. Personen i tenåra, og ein voksen mann er køyrd til Lillehammer sjukehus. Ei voksen kvinne blir sendt til Ullevål sjukehus.

  • Tre til sjukehus etter valdshending

    Dei tre personane som var involverte i valdshendinga på Sjusjøen er blitt sendt til sjukehuset, melder politiet. Dei veit ikkje kor alvorleg skadane er, og gjer undersøkingar på adressa no. Dei tre har nær relasjon til kvarandre.

  • Valdshending på Sjusjøen

    Naudetatane har rykka ut til ei privat adresse på Sjusjøen etter melding om ei valdshending der. Kva som er skjedd eller kor alvorlege skader det er snakk om, er ikkje avklart. Tre personar skal vere involvert i hendinga.