Hopp til innhold

Meiner «bygdeslum» skremmer folk frå å flytte til distrikta

RENA (NRK): Fleire stader i landet står gamle og forlatne spøkelseshus. No vil eit utval at staten skal betale riving for å lokke unge til bygda.

Slum og forfall

SPØKELSESHUS: Fleire hus som dette på Rena blir ståande til forfall. Eigarane bur andre plassar i landet og det er kostbart for dei å rive det.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Om eit ungt par kjem til ei bygd for å søkje jobb, og det du ser rundt deg er slum. Da er det ikkje freistande å busetja seg der med familien, seier professor Kristian Aasbrenn. Han jobber ved Høgskolen i Innlandet.

Han har vore med i eit demografiutval som regjeringa har utnemnd. Dei har sett på konsekvensane av at fleire grender nå blir avfolka.

– Det er ganske opplagt at der folketalet går attende, vil det bli ståande mange hus ubrukt og vil forsterke inntrykket av forfall, seier han.

Slum
Slum
Slum
Slum
Slum

Hindrar tilflytting

Demografiutvalet har komme med forslag til korleis ein kan prøve å gjere distrikta meir attraktive. Riving av spøkelseshus kan vere dyrt. Dei vil difor at staten skal løyve midlar til å fjerne forslumminga.

– Slum er eit omgrep ein ofte knyter til urbane strøk, men det vi ser nå er at det stort sett skjer på bygda, seier Kristian Aasbrenn.

Slum

FORFALL: Bygg som dette gir inntrykk av at bygdene er under forfall, meiner Kristian Aasbrenn.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Han seier dette er eitt av fleire radikale tiltak for å hindre fråflytting. Sjølv om ein ikkje kan fjerne all visuell forsøpling, kan det vere eit signal om at dette er noko ein ikkje vil ha.

– Eigarane av dei falleferdige bygga bur heilt andre stader i landet. Årsaka til at forslumming nå skjer mest i bygdene, er at i byen har tomta ein verdi, det er ikkje tilfelle på bygda. Difor blir slike hus berre ståande.

Svært kostbart å rive

I ei undersøking gjort av Norsk takst, anslår 56 prosent av landbrukstakstmennene at det generelle vedlikehaldsetterslepet ligg på mellom fem og ti år. Men mange stader er det hundre års etterslep. Det seier leiaren i landbruksavdelinga til Norsk takst, Asbjørn Frafjord.

Asbjørn Frafjord, leiar i landbruksavdelinga i Norsk takst.

DYRT: Asbjørn Frafjord forklarer at riving av desse gamle husa kan koste veldig mykje for dei som eig dei.

Foto: Takst team

– Å rive eit vanleg bustadhus kan ligge på rundt 200 000 kroner. Ein større driftsbygning på ein gard kan fort koste ein million å bli kvitt, seier Frafjord.

Mange gamle hus inneheld asbest og anna spesialavfall, og takstmannen trur mange vil søkje støtte til riving om løyvingane er store nok.

Slum

SLUM: Demografiutvalet seier det blir meir og meir slumliknande i bygdene med mange slike hus som står og forfell.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Demografiutvalet sitt forslag om at Staten skal bidra er sendt på høyring. Fristen er 26. mars.

Distrikts- og digitaliseringsminister, Linda Hofstad Helleland seier regjeringa alt er i gang med å utarbeide fleire strategiar for innland, kyst og mindre tettstader. Der vurderer dei også forslaga til utvalet.

Digitaliserings- og distriktsminister Linda Hofstad Helleland på sitt første ministerbesøk i Bø.

VURDERER: Linda Hofstad Helleland seier dei vurderer forslaget om å løyve midlar til å fjerne bygdeslum.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

– Utover dette vil oppfølginga av innspel og forslag så langt som mogeleg bli knytt til aktuelle prosessar for politikkutvikling i regjeringa. Det kan til dømes vere meldingar til Stortinget, strategiar frå regjeringa, aktuelle utgreiingsoppdrag og komande statsbudsjett, seier ho.

Ein svart dag for bygder og kulturminner

Ola H. Fjeldheim i Fortidsminneforeininga er i harnisk over forslaget og meiner det berre gagnar rivingsglade gravemaskinførarar.

Ola H. Fjeldheim. Fortidsminneforeninga

TRIST: Ola Fjeldheim i Fortidsminneforeininga seier dei forstår at spøkelseshusa ikkje ser fine ut, men meiner det er trist å skulle rive dei.

Foto: Fortidsminneforeningen

– Dette er eit kunnskapslaust forslag. Ein skal ikkje langt attende i tida før Grünerløkka var Oslos slum. Når folk fekk auga opp for dei falleferdige husa der vart dette raskt Oslos «hottaste» bustadområde, seier han.

Fjeldheim meiner dei falleferdige husa er gull for Distrikts-Noreg, og at dei ber på store moglegheiter for bygdene.

– Husa er ute av bruk i ei periode, men når interessa kjem attende er dette ein viktig ressurs for bygda som dei ikkje må sløse bort med eit statleg, bortkasta rivetilskot.

Flere saker fra Innlandet