Hopp til innhold

Vi slår eit slag for bonden

Kyrne Dagros, Rosa, Staslin og kalvane Odd og Åsmund gjer lykke. #NRKfjos frå mjølkefjøset på garden Ulberg i Sør-Fron får fram varme kjensler hos oss som hadde ei bestemor med gard og interesse og engasjement hos dei som aldri har vore i eit fjøs. Det er eksotisk og ukjend for mange!

Ku på Ulberg gård

MJØLKEPRODUSENT: Kua lever eit sjølvstendig liv, så lenge ho gjer jobben sin: Produserer mjølk

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Debatt - logo

Ein sjåar skriv «liker nok oversiktsbilde i fjøset aller best – en utrolig ro».
For eigen del kan eg føye til, lydane frå fjøset er det beste! Dei er så avdempa: Den rolege pusten frå kyrne som tygg drøv. Klirringa når dei går for å bli mjølka. Susinga frå mjølkeroboten.

Lausdrift – framskritt

Hans Ulberg. Bonde på Ulberg gård.

Hans Ulberg er bonde på Ulberg.

Foto: Geir Olav Slåen

Ikkje alle bønder ser seg råd til så store investeringar, men om lag halvparten av norske kyr går i lausdriftfjøs. Der kan dei ete, kvile, tygge drøv, lufte seg og blir mjølka når det passer dei. Eit sjølvstendig liv, så lenge ho gjer jobben sin: Produserer mjølk!

Gode varer

Den norske bonden leverer varene. Og varene er gode, den norske mjølka er rein skriv Kristin Taraldsrud Hoff i ei Ytring. Bonden leverer også kulturlandskap og landbruksrelaterte arbeidsplassar.

Tal frå 2014 viste at det er like mange sysselsette i jordbruk og næringsmiddelindustri i Hedmark og Oppland som i all anna industri til saman i desse fylka. Berre i Gudbrandsdalen er det fire meierianlegg, basert på nye produkt som har ført til store investeringar og tru på framtida.

Urbaniseringa skjer raskt. Busettinga i Gudbrandsdalen, Valdres, og i Østerdalen går ned. Færre og færre lever av jorda og husdyra. Men levande bygder og mat produsert i landet vi bur i er av stor – og umisteleg verdi. Det kostar meir, men det er ingen motsetnad til at dei aller fleste nå vel å bu i byen.

Kjem kalven?

NRK Hedmark og Oppland ønskjer med #NRKfjos å vise fram norsk landbruk og slå eit slag for bonden, for ei viktig næring, for lokal matproduksjon og liv på bygda. Og vi slår eit slag for kua som så trufast gjer jobben sin både dag og natt. Følg med denne veka også. Korleis trivst nykalven, aleine i bingen utan mor? Og kjem det kanskje ein til?

Den nyfødde kalven på Ulberg

Den nyfødde kalven.

Foto: NRK

Flere saker fra Innlandet