Hopp til innhold

Vann 285 millionar i Vikinglotto

Ein nordmann vann onsdag kveld 285 millionar kroner i Vikinglotto.

Mannen var den einaste som hadde 6+1 rette i Vikinglotto-trekninga. Det gjer til at vedkommande snart får den nette sum av 285 837 500 kroner inn på konto.

Premien er den 9. høgaste i Norsk Tipping si historie.

Det skjer dagen etter at ei kvinne frå Austlandet vann 1,3 milliardar kroner i Eurojackpot. Det er den største pengepremien i Noreg nokon gong.

Fredag førre veke vann ein annan nordmann 63 millionar kroner i Eurojackpot.

norsk tipping
Foto: Arne Sørenes / NRK

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen