Hopp til innhold

Nordmann vann 1,36 milliardar i Eurojackpot

Ein kvinne vann 120 millionar euro i Eurojackpot, ifølge det finske speleselskapet Veikkaus, melder Norsk Tipping.

VG meldte først om saka.

Det svarar til 1,36 milliardar kroner.

Det er med svært god margin ny rekord her til lands, ifølgje Norsk Tipping.

– Dette er den største premien nokosinne hos Norsk Tipping, seier senior kommunikasjonsrådgivar Anne Marit Sletten i Norsk Tipping til NTB.

Norsk Tipping ringde den nybakte milliardæren klokka 22.10

– Hæ, er dette tull eller? var det første kvinna sa, ifølgje VG.

Sletten vil ikkje seia kvar i landet vinnaren er. Når det er vinnarar av storpremiar over 50 millionar kroner, går dei ikkje ut med geografisk tilknyting i det heile, seier ho.

– Det er av tryggingsårsaker. Det kan vera at vinnaren ønskjer å stå fram, det står dei fritt til. Men dei fleste ønskjer å vera anonyme, seier Sletten.

Fredag vann ein nordmann andrepremien på nesten 64 millionar kroner i Eurojackpot.

(NTB/NRK)

Lotteri- og trekningsredaktør Ingrid Roterud Mathisen i Norsk Tipping gjør seg klar til å ringe en fersk milliardvinner.
Foto: Christian Dybendal / Norsk Tipping

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no