Hopp til innhold

Blir dialekta borte?

Ungdom i Gausdal seier det kan vere utfordrande å halde på dialekta. Lektor blir ikkje overraska om dialektene blir svakare med tida.

Blir dialekta borte?

SISTE ÅRET: Elevane (frå venstre) Lukas Kampesveen, Hanne Øvstehage, Guro Bryhn Finborud og Eirik Linn er ferdig på vidaregåande til våren.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

– Onåg? Då er ein utolmodig.

Eirik Linn frå Follebu bryner seg på dialektord frå Gausdal.

– Suggu? Det har eg høyrt, men eg hugsar ikkje.

Dialektordet for sladre var ukjent for 18-åringen. Han høyrer tydeleg at ungdomen pratar annleis enn dei eldre i bygda. Dei unge brukar ikkje like mange dialektord.

– Når det er glatt ute seier dei vaksne at det er hånt ette bakken.

Blir dialekta borte?

Eirik Linn seier at dialekta i Gausdal kan bli oppfatta som noko brautande for andre.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Sjølv pratar han dialekt, men meiner det var lettare å halde på dialekta før i tida.

– Gjennom sosiale medium høyrer vi forskjellige språk og dialekter kvar dag. Det er vanskelegare for oss å halde på dialekta, enn det var for foreldra våre.

Hanne Øvstehage, Lukas Kampesveen og Guro Bryhn Finborud er einige. Saman går dei tredje året på Gausdal videre­gående skole.

Blir dialekta borte?

Lukas Kampesveen og Hanne Øvstehage meiner det er synd om dialekta forsvinn.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Øvstehage legg av og til bort dialektord for å gjere seg forstått.

– Dei frå Lillehammer skjøna ingenting da vi skulle flyge i gymmen, skrattar ho.

Lukas Kampesveen går for same taktikk i møte med folk utanfor heimstaden.

– På restaurant i Oslo forstår dei ikkje kva vatn er. Da seier eg vann.

Han håpar ikkje at gausdalsdialekta forsvinn. Likevel trur Kampesveen at språket kjem til å forandre seg med tida.

– Vi får mykje impulsar frå andre stadar, og tek sjølv i bruk ord som er typisk bokmål, seier Kampesveen.

Guro Bryhn Finborud frå Øyer deler synet til Kampesveen.

Blir dialekta borte?

Guro Bryhn Finborud frå Øyer seier sjølv at ho ikkje har nokon typisk dialekt

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

– Mormor seier for eksempel kakuskive. Det kunne eg aldri sagt. Med mindre eg er med ho, seier Finborud.

Held du på dialekta?

Mastergrad om dialekt

I 2016 skreiv Marit Nordgården masteroppgåve om dialektbruk i Gausdal. Ho fann ut at det var tydeleg forskjell på unge og eldre.

– Unge i Gausdal har lagt meir om. Dei pratar meir som ungdomen i Lillehammer. Dei eldre held på dialekta og pratar breiare, seier Nordgården.

Blir dialekta borte?

Lektor Marit Nordgården innrømmer at ho legg bort enkelte dialektord når ho er utanfor Gausdal

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Mykje peikar på at dialektene på Austlandet er under sterkt press. Spesielt ved dei bynære stadane.

– I Gausdal har dei eldre tydelege dialektmerke. Ein kan til og med høyre kvar i kommunen dei kjem frå. Dei unge snakkar likare på tvers av kommunegrensene.

Nordgården er lektor og busett i Gausdal. Ho trur at dialektene er ein stor del av folks identitet, fordi alle dialekter er særeigne.

– Dottera mi snakkar ikkje dialekt. Det er litt merkeleg, for både eg og far hennar gjer det.

Nordgården trur at innhald på TV og i bøker kan vere noko av grunnen. I tillegg er det fleire som snakkar standard­nært.

– Eg la sjølv om dialekta da eg budde utanfor Gausdal. I møte med andre dialekter blir det fort slik.

Lektoren blir overraska om ikkje dialekta blir borte med tida. Likevel finst det unnatak.

– Nokon har ei sterk identitet knytt til bygda, og dei kan vere oppteken av å bevare dialekta, seier Nordgården.

Blir dialekta borte?

Nils Nygård er sikker på at dialekta i Gausdal forsvinn.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

– Pratar fint

Nils Nygård har budd i Gausdal heile livet. 91-åringen meiner det er stor forskjell på korleis han og ungdomen snakkar.

– Dei pratar fint no i dag, veit du.

Har du nokon eksempel?

– Eg trur ikkje ungdommen seier lugom. Ei dame kan for eksempel vere lugom, som betyr at ho er flink til alt mogleg.

Nygård skryt av historie­laget i Gausdal som har samla inn dialektord, og gjort ein god jobb for å bevare gausdals­uttrykk. Likevel trur han dialekta kjem til å forsvinne.

– Den blir borte med tida, men slik er det berre.

Blir dialekta borte?

Dei fire elevane har forskjellige syn på om dei kjem til å halde på dialekta si i framtida.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Vil halde på dialekta

Dei fire elevane i Gausdal trur at språket blir vatna ut med tida. Ikkje alle har planar om å følgje straumen.

– Eg skal gjera det eg kan for å halde på dialekta. Da må eg bruke den så mykje som råd, seier Lukas Kampesveen.

Eirik Linn meiner at det vil det vere unaturleg for han å legge om.

– Dialekta mi skal eg ta vare på, det er det ikkje noko tvil om.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen