Ung bunadsyar mot strømmen: – Folk vert veldig overraska

VÅGÅ (NRK): Ho har gjort bunad til fulltidsjobb, og meiner fleire må lære seg handverket og byrje og sy heime, for å bere kunnskapen vidare.

Stadig færre syr bunader og fleire er redd kunnskapen og handverket no er i ferd med å døy ut.Men i Vågå er det ei ung jente som satsar.

Edda Ane Stubbrud gjev nytt håp til dei som meiner faget som bunadtilverkar er i ferd med å døy ut.

Edda Ane Stubbrud rettar på damaskhuva til Liv Turtum. Lomskvinna er ein av mange kundar som i desse dagar ventar spent på om bunaden blir klar til 17. mai.

– For andre er mai ein flott månad med mange fridagar, medan eg stirer i vadmål og syr for harde livet, skrattar Edda Ane.

Prøver bunad

– Denne er det ingen som har maken til, ler Liv Turtum som har bestilt bunad hos Edda Ane på Stakkstuggu i Vågå.

Foto: Even Lusæter / NRK

Blant dei yngste

Edda Ane Stubbrud starta Stakkstuggu i Vågå for to år sidan. Det var då ho brakk ryggen og vart liggande på sofaen, at mor hennar ga henne ein halvferdig stakk for å ha noko å gjere mens ho låg der.

Sidan har ho utdanna seg til bunadtilverkar, og no har ho altså starta for seg sjølv. Det går så det susar. Allereie same år som ho starta opp, kan ho ta ut full løn.

– Det er idyllisk å tru at ein kan greie å lage alt, men dette ville ikkje gått utan gode hjelparar, seier Stubbrud. Ho held mellom anna skjortekurs for at fleire skal lære seg handverket. Slik rekrutterer ho leverandørar.

– Uvanleg yrkesval

Mette Vårdal

Mette Vårdal er leiar av Noregs ungdomslag. Ho seier folk er meir betalingsvillige enn før når det gjeld å bruke pengar på bunad.

Foto: Even Lusæter / NRK

Mette Vårdal leier Noregs Ungdomslag. Ho fortel at 30-åringen frå Vågå er blant dei yngste i landet som driv med bunadstilverking. Stadig færre livnærer seg på dette i Noreg og ho er redd kunnskapen og handverket kan bli burte.

Tidlegare var det slik, fortel ho, at folk sydde bunadane sine sjølve. Dei hadde god tid og kunne både brodere og sy bunadane.

Utfordringa no er at få unge vil ha dette som jobb, og det er så tidkrevande at det blir kostbart.

Betaler for godt handverk

Liv Turtum var aldri i tvil då ho ynskte seg ein damaskstakk frå 1700-talet. Ho ville ha ein bunad som var handlaga lokalt.

– Denne bunaden skal vare i fleire generasjonar, og då vil eg at han skal vere ordentlig gjort, seier ho.

Den vert heller ikkje dyrare enn om ho skulle kjøpt han på husfliden.

Edda Ane er nøgd med tilpassinga. Damaskstakken skal bli ferdig til den store bunadsdagen. Ho fortel at ho sjeldan møter jamnaldringar på kurs, treff eller samlingar. Den eldre garde jublar over engasjementet hennar og ho opplever at mange tenkjer at kanskje er det likevel ikkje døden over bunadstilverkarfaget.

Edda Ane Stubbrud og Liv Turtum

Edda Ane viser Liv at ifølge tradisjonen var det størrelsen på bringesølja som avgjorde hvor interessert frieren var i jenta.

Foto: Even Lusæter / NRK