Hopp til innhold

Tilde fekk ei naturoppleving av dei sjeldne: – Dei fleste ser berre fotspora

Tilde Øyjordet var på fottur i Jotunheimen da ho såg noko som bevega seg i steinrøysa.

Jerv i jotunheimen

PÅ EIT BLUNK: Jerven kom skremmande nære.

– Det var heilt uventa, plutseleg var han 20 meter unna, seier Øyjordet om møtet med rovdyret.

Ho var på fjelltur i Jotunheimen saman med systera og ei veninne då ein jerv dukka opp, rett ved dei.

– Eg såg med ein gong at det var ein jerv. Han har eit særskilt ganglag.

Tilde Øyjordet i Jotunheimen

GLAD I TOPPTURAR: Det har blitt mange turar i fjellet for Tilde Øyjordet fra Lom det siste året. Jerven har ho likevel sett lite til - før nå.

Foto: Privat

I videoen kan ein høyre Øyjordet og turkameratene rope da dyret kjem nærare, for skremme han vekk.

Jerven er nemleg det største mårdyret vi har i Noreg. Sjølv om han vanlegvis ikkje er farleg for menneske, tek han fleire sauar enn noko anna rovdyr.

  • Visste du at det slett ikkje er ulven som er mest farleg for sau? I saka under kan du bli klokare:

Sjeldan oppleving

– Det er ikkje vanleg at folk ser jerv, for han er både sjeldan og sky, seier Arild Magne Landa, forskar ved Norsk institutt for naturforsking.

Arild Magne Landa

SJELDAN: Jerven er vanlegvis folkesky seier forskar.

Foto: Arne Staverløkk / Norsk institutt for naturforskning (NINA).

Jerven held no til i høgfjellet, og ferdes over store områder. Landa seier ein verkeleg skal ha flaks for å treffe på han.

Dei aller fleste får ikkje sett meir enn fotspor i snøen.

Fotspor av jerv i snøen.

INGEN VEIT KVAR JERVEN GÅR: Du er heldig om du får sjå spor av jerv.

Foto: Privat

Akkurat no er jerven oppteken med ungar og matlagring.

– Dei førebur seg til vinteren att ved å finne kadaver som dei lagrar i våte område som myr. Jervetispa lærar ungane opp i korleis dei skal overleve, seier Landa.

Jerv
Foto: Tilde Øyjordet

Skjer ikkje att med det første

Øyjordet er veldig glad i å gå på toppturar, og sidan ho bur i Lom, har det blitt mange turar i Jotunheimen det siste året.

På akkurat denne turen gjekk ho over fleire toppar, mellom anna Svartholshøe. Og det var i enden av turen, i Svartholsglupen, nokre kilometer nord for Glittertind, at dei såg jerven.

Lomværen trur det blir mange fleire turar i år, sjølv om ho ikkje forventar like spektakulære hendingar då.

– Eg trur ikkje eg skal forvente å møte ein jerv att på ei god stund, for dette er ikkje slikt som skjer kvar dag.

  • Jotunheimen har vore eit kjendt turområde i fleire hundre år! Her kan du lesa meir om kva som skjedde med dei fyrste turistene som kom hit.

Flere saker fra Innlandet