Hopp til innhold

Rekordstor snømengd skapar utfordringar for Birkebeinerløpet

– Det minner meir om Birkebeinerrennet i mars enn Birkebeinerløpet i juni, seier Tor Skraastad i Birken.

Tor Skraastad i snøen på Sjusjøen.

REKORD MYKJE SNØ: Tor Skraastad logistikkansvarleg i Birken, og kan ikkje hugse så store snømengder i mai på 25 år.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Det årlege Birkebeinerløpet har 25-års jubileum og løpet skal arrangerast 10. juni, om dryge tre veker.

Det er i alle fall planen.

For store snømengder skapar utfordringar for arrangørane, som er i full gong med å tenkje på provisoriske løysningar.

– Eg trur ikkje eg har opplevd at det har vore så mykje snø sidan vi arrangerte løpet for fyrste gong i 1998, seier logistikkansvarleg Tor Skraastad.

Det har vore mykje snø og ein kjøleg vår, og det har gjort at snøsmeltinga har starta mykje seinare i år enn tidlegare.

Løypemaskin freser opp snøen på Sjusjøen.

FRESER OPP: Om vinteren fikser han skiløypene. Nå freser Johannes Haukaassveen opp snøen i håp om at den skal smelte raskare.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Anne Fleig er vakthavande meteorolog i flaumvarslinga hos NVE. Ho seier at det framleis er rundt 30–40 centimeter med snø i dei områda Birkebeinerløpet skal gå om tre veker.

Samanlikna med denne årstida er det framleis meir snø enn normalt i det området. Kor raskt den smeltar er jo veldig avhengig av vêret i vekene framover.

Ifølge vêrvarslinga dei neste dagane blir det varierande, men ein del varmegrader fleire plassar. Fleig seier snøen smeltar jamt og trutt, men at det er vanskeleg å seie kor raskt den forsvinn i løypa, der den har vore tettpakka etter preparering av skispor.

Les også Et gjørmebad over fjellet

Birkebeinerløpet

Ikkje aktuelt å avlyse

– Slik det er no er det ikkje mogleg og ha eit terrengløp her. Vi må få løyse opp i det harde underlaget og kvitte oss med dei store snømengdene.

Samstundes som logistikkansvarleg har sett på ruteval for løpet, har dei også god hjelp frå Johannes Haukaassveen og ei løypemaskin.

Haukaasveen har i heile vinter sørga for fine langrennsløyper og gode skiforhold, men har no fått ansvar for å frese opp snøen.

– Birken er eit utruleg bra tiltak, så det er berre å trø til når arrangørane spør. Vi vil jo gjerne hjelpe til.

Johannes Haukaassveen.

UVANLEG: Løypekjører Johannes Haukaassveen trur ikkje han har sett så mykje snø på Sjusjøen så seint i mai før.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

– Det blir utfordrande med så mykje snø i løypa, men det er ikkje aktuelt å avlyse. Vi ser heller etter alternative trasear for løpet, seier Tor Skraastad i Birken.

Han seier dei som har meldt seg på og er klare for løp, berre må fortsette med førebuingane.

Tor Skraastad med snøball i mai.

SNØBALL: Tor Skraastad i Birken har litt jobb føre seg før løypene er klare for Birkebeinerløpet om tre veker.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

– Ja, blir det ikkje start på Sjusjøen så blir det på Birkebeiner skistadion. Vi har varierte trasear og alt som skal til for å få til eit fint arrangement, seier Skraastad.

Les også Over 60 dehydrert i Birken- 18 til sjukehus

Birken

Aldri sett maken

Vi har jo køyrt løyper til 1. juni tidlegare også, men no er det meir snø og mykje overvatn. Det gjør det vanskeleg. Eg trur nesten ikkje eg har opplevd så mykje snø 22. mai.

Det seier løypekjører Johannes Haukaassveen. Han har likevel tru på at dei skal få gjort mykje før 10. juni.

Vi har jo også været på vår side med 15–20 varmegrader. Så kjem det litt nedbør også, kan det skje mykje før den tid.

Flere saker fra Innlandet