– Dette er ein viktig stad for alle som er glade i friluftsliv, seier Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar for DNT Oslo og omegn.
Til no har fjellstova med rundt 14.000 overnattingar i året vore privat eigd, men frå 23. mars opnar den som DNT-hytte.
Den norske turistforeining (DNT) har nemleg sikra seg drifta av Leirvassbu Fjellstue som ofte blir omtala som sjølve «perla» i Jotunheimen.
– Leirvassbu ligg i eit fantastisk område i Jotunheimen med veldig mange alpine, flotte toppar. Det er meir enn 50 2000-meterstoppar i dagsturavstand frå hytta, så dette er eit veldig rikt og spennande område, seier Henning Hoff Wikborg.
GLAD: Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar for DNT Oslo og omegn er glad for at DNT tek over drifta av Leirvassbu Fjellstue.
Foto: Eivind Haugstad Kleiven / DNTTuristhytta ligg 1400 meter over havet ved Leirvatnet, like under den karakteristiske og luftige fjelltoppen «Kyrkja» – og midt i DNT sitt rutenett i Jotunheimen.
Slutt etter 16 år
Dei siste 16 åra er det familien Grindvold Sulheim som har eigd og drive fjellstova 1400 meter over havet.
– Alt har ein tid. Vi har hatt det spennande og meiningsfylt på Leirvassbu, men kjenner at no er nye krefter det beste for den vidare utviklinga, seier Ole Jacob Grindvold.
– Vi kjenner oss trygge på at staden vil bli godt varetatt og vidareutvikla på ein god måte med DNT i førarsetet, seier han.
SLUTT: Etter 16 år er det slutt for familien Grindvold Sulheim på Leirvassbu Fjellstue. Ole Jacob Grindvold seier at dei kjenner seg trygge på at staden vil bli vidareutvikla på ein god måte med DNT på drivarsida.
Foto: Alexander Nordby / NRKDå Leirvassbu kom for sal i fjor sommar, var det ikkje mogleg for DNT å finansiere kjøpet.
– Etter dialog med Sparebankstiftelsen DNB har vi no likevel fått moglegheita til å overta hytta. Det er rett og slett heilt fantastisk at stiftelsen kunne kome på banen og kjøpe denne flotte staden til glede for friluftslivet, seier Wikborg.
Prislapp: 30 millionar kroner
André Støylen, administrerande direktør i Sparebankstiftelsen DNB, fortel at kjøpet inneber at DNB tek over eigedomsselskapet, medan DNT tek over driftsselskapet.
Prislappen for sjølve eigedomen hamna på 30 millionar kroner.
– For oss, då hytta kom for sal, var det viktig å sikre drifta og at den er open for allmenta også vidare, seier Støylen.
Sparebankstiftelsen DNB håpar å lande ei langsiktig avtale med DNT om drifta på fjellstova.
FJELLSTOVE: Leirvassbu ligg i Jotunheimen, midt i rutenettet til DNT. Frå Leirvassbu går DNT-rutene mot Skogadalsbøen, Olavsbu, Gjendebu og Spiterstulen. Leirvassbu er også ei sentral hytta på Høgruta i Jotunheimen og den nye konseptruta Omveien til DNT.
Foto: Ragnhild Moen Holø / NRKStort ansvar
Leirvassbu er blant dei største hyttene DNT har, med rundt 200 senger.
Turisthytta 1400 meter over havet skal vere ei betjent hytte.
Etter planen skal hytta opne før påske og det er drivarane på turisthytta Snøheim, Gitte og Terje Sølna, som tek ansvar for drifta den fyrste vinteren.
– Når vi no tek over, er vårt mål å vidareføre det flotte tilbodet som er bygd opp på Leirvassbu. Vi gleder oss veldig og kjenner også på eit stort ansvar, seier Wikborg.
– Vi skal drive Leirvassbu på ein slik måte at flest mogleg har moglegheita til å komme seg til fjells og oppleve det fantastiske området i Jotunheimen, seier den daglege leiaren i DNT Oslo og omegn.