– Eg er veldig imponert over forvaltninga. Det er ein forvaltningsplan og eit system som fungerer, seier seniorrådgjevar Tord Bretten.
Han jobbar i Statens naturoppsyn (SNO) med blant anna moskus og fjellrev.
I forvaltningsplanen han snakkar om står det at det skal vere maksimalt 200 moskusar på vinteren.
Dermed må nokon dyr skytast, og i år gjeld dette truleg opp mot 25 dyr.
– Det er ein plan, og den planen blir følgt, seier Bretten.
Grunnen til at moskusbestanden blir regulert er samansett.
Tord Bretten jobbar ikkje med sjølve forvaltninga, men har ansvar for alle tiltaka som forvaltninga vil ha gjennomført på moskus.
Foto: Even Lusæter / NRKVandrar ut
Sjølv om moskusarten går nokre tusen år tilbake, så blei moskusbestanden som er på Dovrefjell i dag først sett ut i 1947.
– Det er ikkje ein art som er ønskeleg å spreie til nye område, seier Bretten.
I 1932 og 1938 blei det også sett ut moskusdyr på Dovrefjell, men den bestanden døde ut.
Foto: Tord Bretten/ Statens NaturoppsynDen første forvaltningsplanen for moskus blei laga for første gong i 1996.
Då blei den laga blant anna i samarbeid med kommunar som hadde moskus i sitt område. Også kommunar som ikkje ønska å ha moskus på Dovrefjell.
– Då antok ein at rundt 70 dyr ville vere passande, seier seniorrådgjevar Erik Lund i miljødirektoratet som jobbar med nettopp forvaltninga.
Etter 1996 har forvaltningsplanen blitt revidert fleire gonger, både som følgje av bestandsvekst og auka lokal toleranse for noko høgare bestand. Siste revisjon er frå 2017.
Blir sjuke og døyr
Lund seier bestanden til tider vore på nærare 300 individ, men at det har skapt problem. Dyra har vandra, og har ikkje halde seg innafor kjerneområdet.
– Ein har sett det tidlegare, at jo tettare og større bestanden er, dess fleire blir påkøyrd på veg og bane, og fleire blir sjuke, seier Bretten.
Bretten fortel at sidan 2017 har ein jobba for å ta ned vinterbestanden til 200 dyr. Før dette kunne bestanden vekse fritt og stabiliserte den seg på oppunder 250 dyr.
Då blei også sjukdommar som lungebetennelse og munnskurv kritisk for moskusen.
– Når me har 200 dyr har me mykje mindre sjukdom, og då slepp me at kalvar dør veldig, veldig sakte, seier Bretten.
Skyt heile flokkar
For å finne ut kor mange dyr som må skytast tel SNO kor mange kalvar som er født på sommaren, og om hausten tel dei kor mange kalvar som har døydd.
No er moskusbestanden på maks 233 dyr, altså ikkje fleire enn 233.
Dermed må rundt 25 moskusar skytast.
Ifølge Bretten døyr nemleg om lag fem og ti dyr som dei ikkje klarer å finne, og SNO reknar med at nokon kjem til å døy om vinteren.
– Nokon dett utfor stup. Det har vore brunst, oksane har krangla, så nokon oksar kjem til å døy av brunstskadar, seier Bretten.
Foto: Arnt OlsenNår dyr skal skytast tar dei heile flokkar på ideelt fem til sju dyr.
– Viss ein begynner å plukke dyr frå flokkar lærer dei at menneske er farlege og då blir dei sky. Viss dei blir sky på Dovrefjell, då kan dei ikkje vere her, seier Bretten.
Kva flokk som skal skytast er ikkje tilfeldig. Den må vere sett saman på ein viss måte.
– Oksane lever veldig farleg. Hanndyra har eit hardt liv. Dei døyr ofte av andre årsaker, så det me tar ut er mest mogleg vaksne hodyr for å halde ku-andelen nede, seier Bretten.
Då får ein mindre produksjon, og det blir mindre behov for å skyte neste år, fortel Bretten.
Turisme, kjøt og pels
Bretten fortel at titusenvis av turistar går inn i området til moskusen kvart einaste år, og at dei må lese på informasjonsplakatar og oppføre slik som det står der.
Han oppfordrar om å halde avstand, minst 200 meter. Blant anna fordi moskusane må få beite og legge seg opp feitt til å klare vinteren.
Bretten påpeikar også moskusen har ei heilt anna åtferd enn dei andre store drøvtyggarar.
– Dei flyktar som regel ikkje, dei forsvarer seg. Det er det veldig mykje folk som ikkje forstår og går veldig nært. Det er farleg, seier Bretten.
Når moskusar blir skotne blir desse levert inn til slakteri slik at ein kan nytte kjøt og pels til det fulle. Skinn og hovud blir selt, og kjøtet blir til menneskemat.
Det er vanlegvis to til tre personar som er med når moskusane skal skytast. Dei har også med to til tre personar som jobbar med dei på slakteriet.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKBretten fortel han har eit profesjonelt forhold til det å skyte moskusen.
– Eg har vakse opp på Dovrefjell, eg har vakse opp med moskus. Eg likar moskus, men eg gjer framleis jobben min, seier Bretten.
– Så det er til moskusen sitt beste, på ein måte?
– Ja. Eg har sett alternativet. Eg har sett veldig mange dyr som døyr av munnskurv og lungebetennelse. Det er skikkeleg stygt.