Hopp til innhold

Sp-ordførar seier nei takk til ny politistasjon

Sp vil opne 20 nye politistasjonar i heile landet. Men i Nord-Gudbrandsdal vil ikkje ordførarane deira ha fleire kontor.

Mariann Skotte, ordførar i Lesja

STYRKE EKSISTERANDE: Ordførar Mariann Skotte (Sp) i Lesja vil styrke politiet på Dombås, framfor å etablere eit nytt kontor i Vågå.

Foto: Even Lusæther

Sp ønskjer å styrke politiberedskapen i distrikta. Partileiar Trygve Slagsvold Vedum la i fjor haust fram ei treårsplan for å trappe opp. Det første punktet i planen er å opne eller gjenopne 20 politistasjonar og politistader i år.

Og etter kvart ønskjer han å opne enda fleire. Mange lensmannskontor vart lagt ned i samband med politireformen i 2016.

For å finne ut kvar dette skal vere, har justisdepartementet spurt alle landets kommunar om korleis dei ønskjer å styrke politiet hos seg.

Mange Sp-ordførarar i landet har kravd å få gjenopna kontoret i si kommune, men ikkje i Nord-Gudbrandsdal.

Styrke dei som er

Ordførar Mariann Skotte i Lesja er tydeleg på at tida ikkje er inne for å satse på fleire kontor.

– Vi ønskjer først og fremst å styrke dei politistasjonane vi har. Vi fryktar at det blir henta ressursar frå dei, for å etablere eit kontor i Vågå, seier Skotte.

Det er politimeisteren i Innlandet som foreslo eit kontor der, tidleg i prosessen.

Saman med resten av Nord-Gudbrandsdal Interkommunale råd har Skotte sagt meininga si i eit høyringssvar til Justisministeren. Fire av ordførarane kjem frå Sp.

Dei vil først og framst ha fleire politi, ikkje nye kontor.

I Nord-Gudbrandsdal er det politi tre stader i dag. På Otta, i Lom og på Dombås. Dei har vaktturnus i samarbeid med Midt-Gudbrandsdal. Slik sikrar dei at det er folk på vakt heile døgnet.

Ordfører i Vågå (Bygdelista) Harald Sve Bjørndal

LOJAL: Ordførar Harald Sve Bjørndal i Vågå seier han gjerne kunne hatt ein politistasjon i si kommune, men han er lojal mot ordførarkollegaene som først og fremst vil styrke dei tenestestadene som er nå.

Foto: Even Lusæter / NRK

Politiet kjem for seint

Ordføraren i Vågå, Harald Sve Bjørndal (Bygdalista) seier det har vore eit problem at det tar for lang tid for politiet å nå fram til hendingar. Det er lange avstandar, og ofte er det brann- og redningsvesen som kjem først fram til ein åstad.

– Om politiberedskapen blir betre med å opne eit kontor i Vågå, vil vi jo gjerne det, seier Sve Bjørndal.

Men han stiller seg likevel bak ordførarkollegaene sine om at det viktigaste nå er å styrke beredskapen med fleire folk.

Les også I denne kommunen vil dei ikkje ha politi

Amanda Johnsen Otnes 12 år på Gossen i Aukra

Vil lytte

Statssekretær Erik Idsøe i Justisdepartementet seier at dei vil opprette tenestestader i dialog med kommunane og politidistrikta. Og at det er ei føresetnad at det skal skje på stader der det er et lokalt ønske om det.

Samstundes må det vere særskilde geografiske årsaker til det, eller at kriminalitetsbiletet er slik at dei treng det.

Nå skal departementet først gå gjennom alle høyringssvara, før justisministeren legg fram sin plan for å styrke politiet i heile landet.

Erik Idsøe er statssekretær i Justisdepartementet.

VIL TA SEG TID: Statssekretær Erik Idsøe i Justisdepartmentet seier dei bestemmer seg for kvar det skal bli nye politistasjonar først til hausten.

Ikkje Vågå på lista

Politimeister i Innlandet, Johan Brekke, foreslo tidleg i prosessen å opne politistasjonen i Vågå. Og ein politistasjon ved svenskegrensa, på Magnormoen i Eidskog. Den opnar 1. juli.

– Eg foreslo Vågå fordi det er lange avstandar i den delen av Innlandet og at vi har delvis har hatt problem med for lang responstid her, seier Brekke.

Altså tida det tar frå at ei akutt hending blir varsla, til politiet er framme på staden.

Ny politimester i Innlandet

OMBESTEMTE SEG: Politimester Johan Brekke i Innlandet foreslår nå ingen ny politistasjon i Innlandet. Men han vil gjerne ha fleire politifolk i teneste.

Foto: Per Magnussen / NRK

Men etter møte med ordførarane i Nord-Gudbrandsdal, skriv Brekke at det viktigaste for Innlandet politidistrikt er å styrke politiet slik det er organisert nå.

Å opprette eit nytt kontor er dyrt og det må ha mellom 4 og 6 politifolk hos seg, skriv Brekke. Og han strekar under at dei folka ikkje må bli tatt frå andre tenestestader.

Les også I denne kommunen vil dei ikkje ha politi

Amanda Johnsen Otnes 12 år på Gossen i Aukra

Vil ha politistasjon

I Innlandet har Engerdal, Sør-Odal og Stange kommuner bedt om å få ny politistasjon i sine høyringssvar til justisdepartementet.

Og ellers i landet er det fleire som meiner nye tenestestader er det som trengs: T.d ønskjer Salangen kommune politistasjon i Sjøvegan. Nes kommune i Viken vil ha kontor med 12 tilsette i Årnes. Og i Trøndelag ønskjer både Meråker og Flatanger og Os politistasjonar.

Spørsmålet frå justisministeren og høyringssvara frå kommunane kan du lese her.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen