Hopp til innhold

Meiner moskusskilta vart stolne: – Sabotasje

Informasjons­skilta på Moskusstien på Dovrefjell vart vekke eitt etter eitt. Det kan føre til fare for turistar som vil sjå moskusar. SNO kallar det sabotasje.

Skilt med informasjon om moskusen er vekke
Skilt på Dovrefjell

VEKKE: Skiltet som informerer om moskusen er vekke på fire av fem steinar langs moskusstien på Dovrefjell.

Espen Rusten/SNO

– Eg synest det er synd dei blir tatt, for dei er jo der av ein grunn.

Det seier Martine Hårstad som er kommunikasjons­rådgjevar for Dovrefjell nasjonalparkstyre.

Ho seier det har blitt stole skilt på fire av fem plasseringar langs Moskusstien. Stien er lagt til rette for at gjestar kan sjå moskus, på god avstand, utanfor dei mest sårbare områda for villreinen på Dovre­fjell.

Skilta er viktige fordi dei informerer om tryggleik og på kva avstand ein bør stå.

Martine Hårstad som er kommunikasjonsrådgjevar for Dovrefjell nasjonalparkstyre smiler. Ho står i grøn og fin natur og har på seg ei svart jakke med logoen til arbeidsgjevaren sin trykt på.

Martine Hårstad er informasjonsrådgjevar for Dovrefjell nasjonalparkstyre. Ho seier moskus-skilta forsvann i løpet av fjorten dagar.

Foto: Bernhard Svendsgard / Dovrefjell nasjonalparkstyre

– Moskusen er store dyr. Dei flyktar ikkje når dei blir redde, og dei kan komme imot deg.

Hårstad seier skilta også har informasjon som har med dyrevelferd å gjere:

– Det er mange som har lyst å sjå moskusen, så det er viktig å fortelje om dei omsyna ein bør ta. Det er viktig at dyra får bruke tida si på beite og kvile, og ikkje bli forstyrra.

Stein utan informasjonsskilt om moskus på moskusstien på Dovrefjell
Skilt på moskus-sti

Her manglar skiltet på endå ein stein langs moskusstien.

Espen Rusten/SNO

Melder saka i politiet

At skilt blir stolne, har skjedd før, som då det vart stole ti elgskilt langs vegane i Narvik-området i 2017.

Det var Espen Rusten i Statens naturoppsyn (SNO) Dovrefjell som oppdaga at skilta var vekke. Det første vart oppdaga at hadde forsvunne den 18. august, og det siste oppdaga dei var vekke den 1. september.

Espen Rusten fra Statens naturoppsyn.

Espen Rusten i Statens naturoppsyn (SNO) Dovrefjell oppdaga skilta var vekke i samband med anna arbeid i området.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Han seier SNO har opplevd liknande før.

– Me har opplevd liknande sabotasje på informasjon knytt til verneområde, men det har vore tilfeldig og sporadisk, seier Espen Rusten i SNO Dovrefjell.

At moskus-skilt har blitt stolne på Moskusstien har dei ikkje opplevd før.

– Det er uheldig at nokon ønsker å øydelegge for viktig tilrettelegging i dalområda våre.

Han ønsker ikkje å spekulere i kven som har tatt skilta, og seier SNO kjem til å melde saka til politiet.

– Me melder rett og slett om tjuveri, som ei rutine frå vår side.

Og i mangel på skilt, her er litt informasjon om moskusen:

Les også Her flyr Idun til fjells for å redde EUs eneste ville moskusstamme

Moskusen Idun

Må erstatte skilta

Då dei i Dovrefjell nasjonalparkstyre oppdaga at fire skilt var vekke, sette dei opp eitt gamalt og falma skilt på Grønbakken.

– Det vart også stole, seier Hårstad.

Kven som kan sitte på skilta no, ynskjer heller ikkje Hårstad å spekulere i.

No er det bestilt nye skilt, og dei skal bli hengt opp på ein slik måte at dei blir vanskelegare å ta ned.

Det blir dobbel kostnad, for skilta skulle uansett snart reviderast for feil og manglar.

– No måtte me berre skunde oss å bestille nye. Det er viktig at informasjonen er der, og då måtte me berre få dei opp igjen, seier Hårstad.

Les også Ti elgskilt stjålet på kort tid: – Tyvene bruker vinkelsliper for å få løs skiltene

Skilt" ekstra stor elgfare" i Ullerøy i Sarpsborg

Les også Landsbyen Fucking bytter navn

Fucking i Østerrike