Hopp til innhold

Lokal leiar i Sivilforsvaret: – Vi har stått i ein ekstrem situasjon

Linda Jordet har arbeidd døgnet rundt med å hjelpe naudetatane under ekstremvêret som har herja dei siste vekene.

sivilforsvaret-sel-150823

TIL TENESTE: Tor Reidar Dahl og Linda Jordet i Sivilforsvaret.

Foto: Ingrid Turtum / NRK

– Det har vore lange dagar og harde tak, fortel Linda Jordet. Ho er leiar for Sivilforsvaret i Sel, Dovre og Lesja kommune.

Sel er ein av kommunane i Innlandet som vart hardt ramma av ekstremvêret.

Saman med heimevernet og friviljuge har Sivilforsvaret vore ein ressurs i avlastinga av den enorme arbeidsmengda naudetatane har stått i.

– Det har vore alt frå vakthald, lensing av vatn til evakuering og handtering av råka, forklarer Tor Reidar Dahl i Sivilforsvaret.

Saman med Linda Jordet har han stått på under «Hans».

– Det har gjort inntrykk og til tider vore tøft, fortel Jordet.

– Men det er ein meiningsfull jobb som eg har sett pris på og som eg ser har verdi, legg ho til.

sivilforsvaret-sel-150823

OPPRYDDING: Mykje skal ryddast og ordnast opp i etter hektiske dagar under flaumen dei siste vekene.

Foto: Ingrid Turtum / NRK

Uvilje mot teneste i Sivilforsvaret

Jordet har ikkje alltid vore like positiv til ei teneste i Sivilforsvaret.

Då ho for åtte år sidan opna brevet frå Sivilforsvaret, gjekk det i svart for kvinna som til vanleg er helsefagarbeidar.

– Eg vart sint og frustrert. At nokon berre kan tvinge deg til ei teneste du ikkje har lyst til provoserte meg.

Jordet møtte opp til grunnkurs på Sivilforsvaret sitt kompetansesenter på Østre Toten.

Umotivert og negativt innstilt var det vanskeleg å tru på lovnaden om at dette kom til å bli ei erfaring ho aldri ville ha vore utan.

– I starten tenkte eg at det var bortkasta tid, seier ho.

sivilforsvaret-sel-150823

IKKJE MOTIVERT: I starten var ikkje Linda Jordet særleg motivert for å tenestegjere i Sivilforsvaret.

Foto: Ingrid Turtum / NRK

Ny lærdom, og det gode samhaldet som vart mellom dei tenestepliktige, fekk Jordet til å endre syn på å tenestegjere i Sivilforsvaret.

Ho enda opp med å ta fleire kurs for å bli lagførar. Og etter nokre år vart ho leiar i Sivilforsvaret for Sel, Dovre og Lesja.

– Etter kvart som eg fekk meir kunnskap, så auka engasjementet mitt for jobben vi gjer.

Les også Stor hjelpeglede under uværet «Hans»

Rutt Spjeldnes, Ingrid Engelstad og Jorun Granli fra Sel sanitetsforening smører mat under ekstremværet.

8000 sivile mannskap

Øistein Knutsen jr. er leiar for Sivilforsvaret i Noreg. Den siste tida har han reist rundt i landet for å snakke med tenestepliktige som har hjelpt til under ekstremvêret Hans.

– Eg er så utruleg imponert over alle som har stilt opp og stått på døgnet rundt i dei råka områda, seier han.

Knutsen fortel at det har vore om lag 900 sivilforsvarsmannskap og tilsette i døgnkontinuerleg innsats under flaumen.

Øistein Knutsen jr

LEIAREN: Øistein Knutsen jr. er øvste leiar for Sivilforsvaret i Noreg.

Foto: DSB / DSB

Han meiner denne situasjonen tydeleg viser verdien av å ha eit sivilforsvarsmannskap på 8 000 som er spreitt over heile landet.

– Den ekstreme situasjonen vi no har stått i har vore utruleg ressurskrevjande, og viser viktigheita av å ha tenestedyktige i sivilforsvaret ute i distriktet som er lokalkjent og som er pålagt å hjelpe til.

privatebilder-sivilforsvaret-150823

TIL KNES: Mannskap frå Sivilforsvaret stod til knes i vatn under flaumen i Otta.

Foto: Linda Jordet / privat

– Det er dyktige og flinke folk som har trent på slike oppdrag, det er godt å sjå at arbeidet vi gjer har ei betydning.

Knutsen opplever at mange som blir innkalla til Sivilforsvaret ikkje er like begeistra. Men, i likskap med Jordet, ser han at dei fleste får ei positiv erfaring og verdsett tida si i tenesta.

Les også Stor hjelpeglede under uværet «Hans»

Rutt Spjeldnes, Ingrid Engelstad og Jorun Granli fra Sel sanitetsforening smører mat under ekstremværet.

Viktige under uveret

Ordførar i Sel, Eldri Siem, legg ikkje skjul på at arbeidet som Sivilforsvaret har gjort i samband med uvêret Hans er viktig.

– Eg er så imponert over jobben og innsatsen til Sivilforsvaret, heimevernet og friviljuge under den ekstreme situasjonen som vi no har vore i.

Siem understrekar at bistanden frå Sivilforsvaret er uvurderleg og eit tydeleg bevis på kor viktig det er med tenestepliktige som har kunnskap og lokalkjennskap til å hjelpe naudetatane under ein slik situasjon.

Les også Slik skal de håndtere et atomutslipp i Tromsø

Sivilforsvarsøvelse i Tromsø