– Me definerer dette som ein alvorleg toll-lovbrot, seier fungerande seksjonssjef Kjersti Bråthen ved grensekontrollseksjonen på Kongsvinger.
– Dersom ein ser på dei unndratte avgiftene, så er dette på drygt 2,8 millionar kroner. Det er berre avgiftene, så fortenesta vil vere mykje høgare, seier Bråthen.
Brukte metallkasser
Den 4. juni i år stoppa tollarar i Kongsvinger eit litauisk-registrert vogntog ved Magnormoen. Etter ein samtale med sjåføren vart det bestemt at det skulle takast ein nærare kikk på lasta.
ALVORLEG: Seksjonssjef Kjersti Bråthen ved grensekontrollseksjonen på Kongsvinger seier beslaget 4. juni er eit alvorleg toll-lovbrot.
Foto: Ann-Kristin Mo / NRK– Inst på lasta var det noko me ikkje klarte heilt å definere i forhold til den lasta traileren eigentleg hadde, seier Bråthen.
I traileren fann dei nokre flate, avlange metallkasser.
– Det viste seg at desse kassane inneheldt over 800.000 sigarettar, seier Bråthen.
Tollvesenet tilkalla då politiet, og sjåføren vart arrestert på staden.
Metallkassane som var brukt har dei i Kongsvinger ikkje sett før.
– Desse mistenker me er brukt for å skjule sigarettane slik at me ikkje ser dei på røntgen, seier Bråthen.
METALLKASSER: Desse kassane var plassert i traileren som vart stoppa 4. juni i år ved Magnormoen i Innlandet.
Foto: Tollvesenet, KongsvingerFekk bistand frå Oslo
Dei har ikkje permanent scanner på Magnormoen, men kan få bistand frå andre tollstasjonar mobil scanner ved ujamne mellomrom.
Denne gongen fekk tollarane bistand frå Oslo, og fekk skanna heile semitraileren.
GØYMDE: Sigarettane var godt gøymde i metallkassar i semitraileren.
Foto: Tollvesenet, Kongsvinger– Mistenker de at den arresterte kan ha smugla på denne måten tidlegare?
– Eg kan ikkje med sikkerheit seie verken ja eller nei på det spørsmålet. Det kan godt hende at dette moduset har vore brukt i ein periode, seier Bråthen.
– Me har den nest største grenseovergangen, men har ikkje scanner. Det trur eg kanskje dei fleste veit, og at dei kanskje då brukar vår overgang til å prøve å smugle slike parti, seier ho.
Største av sitt slag
Beslaget er ifølge Tollvesenet det største av sitt slag på landegrensa i år.
Det er ikkje ofte dei får ein slik fangst på tollgrensa når det gjeld sigarettar.
– Dette er årets største sigarettbeslag på landevegsgrensa, så det er ikkje ofte me gjer slike beslag som det her, seier Bråthen.
– Det er eit utruleg bra beslag som er resultat av veldig god jobbing av tolltenestemennene som var ute, seier ho.
- LES OGSÅ: