Hopp til innhold

Bergljot (22) vart hetsa: – Det er altfor mykje sånt i politikken

VANG I VALDRES (NRK): Fylkesleiaren i Oppland Senterungdom fekk eit anonymt hatbrev i posten. 4 av 10 politikarar har opplevd hets og truslar.

Bergljot Oldre, Senterungdommen

UBEHAGELEG: Bergljot Oldre (22) har vore med i politikken i mange år. I går opplevde ho å få eit anonymt hatbrev i postkassa.

Foto: Elias Engevik / NRK

«Du sit der på din høge hest, kvotert inn i eit gamlisparti, og trur du er noko. Det er det berre å legge frå seg. Du er ingenting!»

Dette er eit utdrag frå brevet som senterpartipolitikar Bergljot Oldre (22) frå Vang i Valdres fekk frå ein anonym avsendar.

– Det er så klart ubehageleg. Dessverre er det altfor mykje sånt i politikken, seier Oldre til NRK.

Det var avisa Valdres som omtalte saka først.

Drog inn familien

I det anonyme brevet gav avsendaren uttrykk for å vere ueinig i hennar politiske standpunkt. I tillegg var det også sterke og hetsande ytringar om Oldre og familien hennar.

Ubehagelig brev

ANONYMT BREV: Dette brevet fekk Sp-politikar Bergljot Oldre i posten.

Foto: Privat

– Det stod at eg er eit bevis på at mor mi ikkje er eigna til å oppdra ungar, og at eg «sit på min høge hest», så personen meiner kanskje at eg har nasen litt i sky.

Ut frå innhaldet i brevet tolkar ho det som at avsendaren har kjennskap til ho og familien, men sidan brevet er anonymt er det vanskeleg å vite kven som står bak.

– Ein ting er å ta meg for ting ein ikkje er einig i, men når du søkk så lågt at du må dra inn familien, så synest eg at det er å ta den altfor langt, seier Oldre.

4 av 10 lokalpolitikarar har opplevd hets

Oldre er ikkje åleine om å bli hetsa som politikar. 4 av 10 lokalpolitikarar har opplevd hets og truslar.

Forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Marjan Nadim, refererer til KS sin rapport, og seier at hets mot politikarar, er relativt vanleg.

Marjan Nadim

RELATIVT VANLEG: Forskar Marjan Nadim, fortel at hets retta mot politikarar er relativt vanleg.

Foto: Institutt for samfunnsforskning

– Det er ikkje uvanleg med hets og slike meldingar retta mot politikarar, seier Nadim.

Fleire politikarar står i det, men for nokre blir det for mykje. Nadim fortel at hets og hatefulle ytringar kan påverke demokratiet negativt.

– Dersom hets gjer til at politikarar unngår spesifikke tema, dersom dei trekk seg frå verva sine eller gjer til at terskelen for å bli med i politikken blir høgare, er det ein trussel mot demokratiet.

Undersøkingar syner at yngre ein er, jo høgare er sannsynet for å bli utsett for hatefulle ytringar. Anten om ein er politikar eller ikkje.

Det kjenner Oldre seg att i.

– Mitt inntrykk er at det er «enklare» å ta oss som er yngre, fordi vi ikkje har så mykje erfaring med korleis vi skal handtere det. Eg trur kanskje det er lettare å true oss til stillheit, enn dei som har meir erfaring.

– Ein blir litt hardhuda

Valdrisen har vore med i politikken i fleire år. Ho sit på fylkestinget i Innlandet og er leiar for Oppland Senterungdom.

– Ein blir litt hardhuda når ein har vore med i gamet ei stund, for dette er dessverre veldig vanleg, seier ho.

Oldre trur at Senterpartiet har mykje nettroll og får hets på grunn av rovdyrpolitikken. Dette er første gong ho får anonyme hatbrev, men ho har opplevd hets tidlegare.

Ho fortel at etter eit demonstrasjonstog i Oslo i samband med rovdyrpolitikk, vart ho intervjua av eit magasin. Etter å ha vore med nokre vener seinare, kom ein mann bort til ho som hadde kjent ho igjen frå magasinet.

– Han retta meg opp etter strupen og sa at han helst skulle sett meg død, seier Oldre.

Meldt til politiet

Trass hets har ikkje den unge politikaren planar om å bli trua til stillheit. Brevet er meldt til politiet, og Oldre håpar å bidra til at det blir færre slike saker i framtida.

– Eg håpar at dersom folk får sjå kor fæle enkelte kan vere mot dei som engasjerer seg, og det er fleire som opplever liknande, så kan fleire tørre å stå i mot og bruka stemma si, i staden for å bli trua til stillheit.

Flere saker fra Innlandet