Det kjem fram i ein fersk kjennelse frå Eidsivatings lagmanssrett etter at kvinna anka at ho fekk forlenga varetekt 23. februar.
Anka blei forkasta av retten 1. mars.
I kjennelsen skriv lagmannsretten at det ut frå opplysningar frå etterforskninga er «mest sannsynleg» at det er den sikta kvinna som står bak drapet på Sønstvedt.
Det var VG som først omtalte saka.
Kvinna har vore varetektsfengsla sidan 26. januar. Ho har heile tida nekta straffskyld.
Meiner kvinna har endra forklaring
I kjennelsen kjem det fram at den sikta kvinna har endra forklaring i avhøyr fleire gongar. Ho skal også ha endra forklaring om dei same forholda i samme avhøyr.
Retten skriv vidare at forklaringa hennar ikkje stemmer med ytre omstende. Ho har heller ingen «plausible forklaringar på opplysningar og funn» politiet har funne på garden og konfrontert henne med.
Jens-Henrik Lien er forsvarar for den sikta kvinna.
Han fortelt at alt vesetleg av bevis er taushetsbelagt
– Kvinna har gitt ei forklaring som inneber at ho ikkje har noko ansvar. Eg kan ikkje gå inn på innhaldet. Dei vurderingane retten gjer er ei vurdering av det samla bevisbildet. Eg kan ikkje gå inn på dette utan å gå inn på taushetsbelagte opplysningar.
Siste sett i live nyttårsafta
Kvinna er sikta for drap eller medvirkning til drap på 37 år gamle Ole Andreas Sønstvedt frå Grenland. Han var meldt savnet 12. januar.
Politiet har i lang tid gjort omfattande undersøkingar på garden til den sikta kvinna i Løten.