Hopp til innhold

Kommunen ville ha 26 bebuarar ut på dagen – no har utbyggjar klaga på vedtaket

Ikkje nødvendig å stenge bygget for bruk, seier rapporten som utbyggjar Trybo AS baserer klaga si på.

Pernup Trysil

FARLEG ELLER IKKJE: Safezone AS konkluderer med at det er andre alternativ enn bruksforbod av bygningen.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Måndag klaga utbyggjar av leilegheitsbygget Pernup i Trysil på vedtaket kommunen gjorde i midten av november.

Trysil kommune vurderte då tryggleiken i bygget som dårleg dersom det skulle bryte ut ein brann, og gav bebuarane beskjed om at dei måtte flytte ut, helst same kveld.

Denne avgjerda vart gjort med utgangspunkt i ein rapport frå Firesafe som sameiget hadde bestilt.

Men ein rapport utarbeida av Safezone på førespurnad av utbyggjar konkluderer med at det ikkje er nødvendig.

NRK forklarer

Kva handlar Pernup-saka om?

Kva handlar Pernup-saka om?

Kva er Pernup?

Pernup er namnet på eit leilegheitsbygg i Trysil sentrum. I bygget er det 18 leilegheiter med til saman 26 bebuarar. Dei fleste som bur der er eldre. Kommunen gav ferdigattest i 2016.

Kva handlar Pernup-saka om?

Kvifor kan ikkje folk bu der?

15. november la Trysil kommune ned bruksforbod som gjaldt med ein gong. Årsaka er ein rapport frå Firesafe som konkluderer at branntryggleiken i bygget er for dårleg. Brannvesenet meinte med dette som bakgrunn at det var fare for tap av liv ved ein brann. Bebuarane vart bedt om å flytte ut så fort som mogleg.

Kva handlar Pernup-saka om?

Kva skjer no?

Branntryggleiken i bygget blir no granska grundig. Både kommunen og utbyggjar Trybo AS har bedt ekspertar på branntryggleik om å gjere ei ny vurdering.

Kva handlar Pernup-saka om?

Kva skjer med bebuarane?

Dei fleste bebuarane har funne ein annan stad å bu akkurat no. Trass i bruksforbodet har nokre få valt å bli buande på eige ansvar. Det er kommunen som kan oppheve bruksforbodet. Dei ventar no på rapportar som blir avgjerande for kva som skjer vidare.

Tiltak utan utflytting

Klaga til Trybo legg til grunn at vedtaket om bruksforbod er ugyldig på grunn av uforsvarleg saksbehandling og mangelfull grunngjeving, og at det er eit unødvendig stort inngrep når det er andre alternativ.

I ei skriftleg uttale på vegner av Trybo AS, peikar advokat Karoline Hagen på at det kan gjennomførast fleire tiltak for å auke tryggleiken til bebuarane, ifølgje den nye rapporten.

Advokat Karoline Hagen.

TRENG IKKJE FLYTTE: Advokat Hagen er tydeleg på at det går an å innføre tiltak, utan at folk flyttar ut.

Foto: Aurlien Vordahl & Co Advokatfirma as

– Desse tiltaka er fullt ut mogleg å gjennomføre sjølv om bygget er busett, skriv Hagen.

Både kommunen, brannvesenet, leigetakarar, utbyggjar og dei forskjellige verksemdene som står bak rapportane, er einige om at det er avvik i bygget. Spørsmålet er om desse avvika gir grunnlag på opphøyr av bruk.

  • Les meir om kva det var som fekk kommunen til å vedta eit bruksforbod, etter å ha godkjend bygget i 2016:

Ueinig i tidlegare vurderingar

Geir Drangesholt frå Safezone AS tok kontakt med brannvesenet dagen etter bruksforbodet vart vedteke. Han hadde forslag til korleis folk kunne fortsette å bu der på ein trygg måte, og bad kommunen om eit møte om dette.

Det vart ikkje imøtekome.

Desse forslaga tok utgangspunkt i dei dokumenta som allereie låg til grunn i saka. Han meiner det originale inntrykket er underbygd av rapporten selskapet no har gjennomført.

Ifølgje Safezone er biletet meir nyansert enn det som kjem fram i Firesafe sin rapport.

– Vi er også ueinige i fleire av Firesafe sine vurderingar. Difor meiner vi at kommunen har fatta eit forhasta vedtak på ufullstendig grunnlag, skriv Drangsholt i ein uttale på vegner av Safezone.

  • Det var ein dramatisk kveld då bruksforbodet vart gitt 15. november:

Svever i uvisse

For leigetakarane er situasjonen enno uavklart, sjølv om dei fleste no har ein stad å bu. Sameiget hadde eit orienteringsmøte 23. november der kommunen var til stade, men sidan då har dei venta på ei avgjerd frå kommunen.

Det byrjar å bli viktig, for fleire har berre mellombels bustad fram til midten av desember.

Leder og nestleder i sameiet Pernup i Trysil, Terje Hagen og Arnfinn Hoel.

TØFF PERIODE: Den siste tida har vore slitsam for bebuarane i Pernup-bygget.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

– Dei svever i uvisse over kor lang tid det kan ta før dei kan flytte attende, så dei har ein tøff og slitsam periode, seier Terje Hagen, styreleiar i sameiget.

Dei fleste som budde i den sentrumsnære bygningen er eldre folk.

Bebuarane er orientert om både rapporten utbyggjar Trybo har bestilt frå Safezone AS, og kommunen si eiga gransking av saka med Norconsult.

– Vi ventar ikkje noko meir før kommunen har teke eit standpunkt ut frå desse utgreiingane, seier styreleiaren.

Alt skal bli gått gjennom

I tillegg til rapportane frå Firesafe og Safezone, hadde Midt-Hedmark Brann og Redningsvesen ei synfaring i oktober som avdekka avvik i bygget. Kommunen har også bestilt ei gransking frå Norconsult.

Den trur kommunen kjem mot slutten av veka, og dei vil arbeide med å finne ei løysing.

Stine Akre, varaordfører i Trysil

GRUNDIG: Kommunen vil ha all dokumentasjon på plass når dei vurderer kva dei skal gjere vidare.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

– Vi er opptekne av at bebuarane skal føle seg trygge, og skjønner at dei står i ein veldig fortvila situasjon, seier varaordførar Stine Akre.

Akre stadfestar at kommunen vil sjå på rapporten frå Safezone.

– Absolutt alt som er av dokumentasjon skal bli gått gjennom, og kommunen si byggavdeling kjem også til å ha tilsyn og etterprøving av dei ulike rapportane, seier varaordføraren.

Ho legg til at dei vil behandle klagene på forskriftsmessig måte.