Hopp til innhold

– Det er eit veldig dramatisk steg når folk må flytte

Bufellesskapet Pernup i Trysil bestilte sjølv rapporten som gjør at folk må flytte.

Pernup Trysil

DÅRLEG BRANNTRYGGLEIK: Dersom det skulle byrje å brenne i bygget, vil det truleg kunne spreie seg raskt til andre leilegheiter gjennom taket.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Det heilt nye leilegheitsbygget Pernup med 18 leilegheiter sto klart i 2016 i Trysil sentrum. Brannvesenet var på synfaring 22. oktober. Tre veker seinare gjekk alarmen. Denne veka må alle dei 26 bebuarane ut fordi branntryggleiken er for dårleg.

No står dei utan bustad, og kommunen arbeider med å finne ei løysing:

Uavhengig kontroll

Bruksforbodet kom først etter at selskapet Firesafe, som sameiget sjølv hadde leigd inn, leverte ein rapport som avdekka at avvika i branntryggleiken var omfattande.

Sameiget sende rapporten til kommunen fredag 12. november. Midt-Hedmark Brann og Redningsvesen fekk rapporten måndag 15. november.

På same dag vart bruksforbodet vedteke, og det vart ein travel kveld i går:

Ville vere sikre

– Det er eit veldig dramatisk steg når folk må flytte, så vi måtte vere veldig sikre på det vi gjorde og gå gjennom dei rapportane og bekymringsmeldingane vi hadde, seier ordførar Erik Sletten (Sp).

Ordfører i Trysil, Erik Sletten

Ordførar Erik Sletten trur det kan vere lurt med fleire kontrollar av bygg som Pernup, sjølv om det ikkje er eit krav i lova.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Kommunen gav ferdigattest til bygget i 2016. Det baserte seg på dokumentasjon frå utbyggjar. I samband med den godkjenninga har det ikkje vore nokon kontroll, noko det heller ikkje er krav om.

Sletten seier slike godkjenningar baserer seg på eit tillitsforhold dei har til utbyggjar. Han ser likevel ikkje bort frå at dei burde ha fleire kontrollar på slike bygg.

– Vi bør ha meir ressursar til kontroll, det ser vi er klokt no.

Tysdag kom kommunen med ei meir omfattande pressemelding om kvifor dei godkjente bygget. Der seier avdelingsleiar for bygg- og geodataavdelinga Rune Møller Poulsen at all dokumentasjon var på plass, men at dei vil greie ut saka vidare:

– Vi jobbar vidare med å finne ut korleis dette kunne skje, det vil seie at manglane i forhold til branntryggleiken ikkje vart oppdaga tidlegare. Eg vil difor ikkje gå meir i detalj om denne konkrete saka no.

Kommunen leiger seks leilegheiter i bygget, med sju bebuarar.

Følgde ikkje brannkonsept

Allereie 26. oktober hadde brannvesenet avdekka at bygningen ikkje følgde brannkonseptet som var lagt til grunn for utbygginga.

Trond Joar Kjenstadbakk

Allereie 26. oktober oppdaga brannvesenet at bygget ikkje følgde brannkonseptet som låg til grunn, men dei såg ikkje kor omfattande manglane var.

Foto: Hedmark Brannvesen

– Vår vurdering var då at så lenge det eksisterte eit oppegåande varslingsanlegg og sprinkelanlegg, samstundes som bebuarane vart godt informert om at det var ein utsett risiko i bygget, såg vi ikkje ein umiddelbar fare, seier brannsjef Trond Joar Kjenstadbakk.

Då dei såg rapporten frå Firesafe fann dei derimot ut at avvika var meir alvorlege enn dei først trudde.

– Konsulentfirmaet sitt på ei betre kompetanse enn oss på dette feltet, og kan undersøke grundigare enn det vi kan på ei synfaring, forklarer brannsjefen.

Stor spreiingsfare

Hovudproblemet for leilegheitene er at dersom det skulle byrje å brenne ein stad, er det stor sjanse for at brannen vil spreie seg vidare.

Leilighetsbygget Pernup i Trysil

Det er få lys i bygget i dag, sidan dei fleste no må finne seg ein annan stad å bu.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Det er ikkje godt nok såkalla brannskilje. Bygget har eit ope kaldloft, og mellom leilegheitene og loftet er det berre vanlege sponplater og isolasjon. Det vil seie at ein eventuell brann kan spreie seg raskt gjennom taket.

Håkan Stengrundet i utbyggarselskapet Trybo AS seier følgjande til NRK i dag.

– Trybo AS som tiltakshavar har ikkje anna å ta omsyn til enn at brannkonsept er følgt. Dette er også stadfesta i sluttrapporten frå kontrollerande føretak utan avvik. Eg har ikkje ytterlegare kommentarar før vi får meir informasjon frå vår brannrådgivar som jobbar med ein rapport, skriv han.

Helseskadeleg

Branntryggleiken er ikkje det første problemet som har dukka opp i bygningen. Ei vasslekkasje vart avdekka 19. februar, som etter kvart gjorde at bebuarar måtte finne seg ein ny stad å bu.

Styreleder i sameiet Pernup, Terje Hagen nestleder Arnfinn Hoel.

Styreleiar i sameiget Terje Hagen (venstre) og nestleiar Arnfinn Hoel (høgre) følgjer med på kva som skjer vidare.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

– Vi måtte flytte ut 4. mai på grunn av helseskadeleg luft med ròte og mugg i takkonstruksjonen, seier nestleiaren i sameiget, Arnfinn Hoel.

Det var då lekkasjen vart reparert at spørsmål rundt brannsikringa i bygget dukka opp.

Utan lekkasjen hadde brannfaren truleg ikkje blitt oppdaga.

– Avgjerda til Trysil kommune og brannvesenet kom brått på, men det måtte ho nesten gjere, slik situasjonen er i dag, seier nestleiaren.

Flere saker fra Innlandet