Hopp til innhold

Hasteevakuerer bebuarar frå leilegheitsbygg grunna farlege forhold

Hans og og Gerd Østmoløkken er fortvila. I kveld kom kommunen på døra og ba dei om å flytte frå bustaden si i Trysil. Brannfara er så stor at beburarar i 18 leilegheiter må ut av sameiget Pernup.

beboere Trysil

MÅ FLYTTE: Gerd og Hans Østmoløkken må flytte frå bustaden sin i Trysil.

Foto: Knut Røsrud / NRK

-Men vi har ingen stad å flytte til nå, seier ekteparet. Så dei kan ikkje dra nokon stad i kveld.

- Vi veit heller ikkje kva vi skal gjere i dagane som kjem, seier Gerd og Hans. Hans seier han har har vore skeptisk til sikkerheita i bygget sidan han flytta inn, men er opprørt over det som nå skjer.

Ved 18-tida sende Trysil kommune ut ei pressemelding der dei varsla om at det er overhengande fare for tap av liv dersom det oppstår brann i det fem år gamle leilegheitsbygget som ligg midt i Trysil sentrum.

Kommunen innførte umiddelbart bruksforbod som eit resultat av at Midt-Hedmark brann- og redningsvesen har avdekka mange avvik i bygget.

– Summen av alle avdekte avvik utgjer både ei overhengande fare for tap av liv og unormalt store materielle konsekvensar dersom det oppstår brann i byggverket, skriv dei i eit brev til kommunen.

NRK har prata med fleire bebuarar som ikkje har høyrt om dette enno. NRK har også forsøkt å kome i kontakt med Firesafe som utførte kontroll på bygget 12. november, utan å lukkast.

Vil gje dei meire tid

Ordførar Erik Sletten(Sp) seier seinare i kveld til NTB at folk skal få litt meire tid på å komme seg ut.

- Det skal skje så snart det er praktisk moglet, seier Sletten til NTB.

- Eg trur nok dei fleste blir verande i natt. Men også han strekar under at det er ein risiko knytt til å bu i bygget.

Mange eldre

Styreleiaren i sameiget, Terje Hagen, fekk melding frå kommunen i dag.

– Det er ein del byggetekniske manglar som går på branntryggleiken, seier han og legg til at han blei overraska over den umiddelbare evakueringa måndag.

Eit av dei største problema er brannskilje mellom leilegheit og tak, slik at det er fare for rask spreiing dersom det er brann, men det er også andre manglar.

Hagen fortel at styret i sameiget kjem til å ha styremøte onsdag for å finne ut kva dei skal gjere. Han anser det som umogleg for bebuarane å flytte ut i kveld.

– Det er ikkje så enkelt å takle ei slik sak når 18 leigetakarar må stå utan bustad.

Det er mange eldre som bur i leilegheitene, opplys han

Ordføraren i Trysil seier at folk ikkje evakuerast frå det svært brannfarlege bygget måndag kveld, men at dei må ut så snart det er praktisk mogleg.

– Det skal skje så snart det er praktisk mogleg. Vi gjør dette på bakgrunn av at det medfører ein risiko å bu i bygget. Det kjem ikkje høveleg, uansett når vi hadde komme med beskjeden, seier ordførar Erik Sletten (Sp) til NTB.

Styreleder Pernup

BEKYMRA: Terje Hagen trur ikkje alle bebuarane klarer å flytte ut av leilegheitene sine i kveld.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Ulovleg å opphalde seg i bygget

Bruksforbodet vart sendt ut etter kontortid måndag. Der står det at det at alt opphald i bygget no er rekna som ulovleg. Sidan det hastar med å få folk ut kjem avdelingsleiar Rune Møller Poulsen sjølv til å banke på alle dører i bygget.

– Vi har også varsla bustadsameiget, som har vore kjend med bekymringsmeldingane, og reknar med at bebuarane vil kontakte kvarandre så fort nokon opnar brevet. Vi trur ikkje bruksforbodet kjem som nokon bombe, men for sikkerheits skyld går eg bortom alle, seier Poulson i pressemeldinga.

Til Østlendingen seier Poulsen at kommunen ikkje har ansvar for å dekke opphald på hotell for dei som må flytte ut.

NRK har forsøkt å komme i kontakt med Trysil kommune utan hell.

Vedak om opphør av bruk..

BREV: Vedtak om bruksforbod for leilegheitsbygget.

Foto: Trysil kommune / Skjermdump

Flere saker fra Innlandet