Hopp til innhold

Heimfarten etter påske: Her auka køane kraftig

Påska er på hell, og mange skal heim etter ferien. Søndag var det store forseinkingar i trafikken enkelte stader.

Sollihøgda E16

AUKANDE TRAFIKK: Trafikken har vore jamt aukande på E16 ved Sollihøgda søndag kveld. Ventetida er på 45 minutt.

Foto: Statens vegvesen

Søndag kveld var det aukande trafikk på E16 Steinssletta-Sollihøgda.

I halv titida var det 45 minutt ventetid ved den kjende flaskehalsen der trafikken frå mellom anna Valdres og Hallingdal i retning Oslo møtes.

Ventetida var også lang om du skulle frå Trysil til Oslo. Då måtte du vente cirka 20 minutt søndag kveld, medan påsketuristar frå Hafjell i retning Oslo hadde 25 minutt ventetid.

Mellom Voss og Bergen var trykket stort på E16 ved Trengereid-rundkøyringa, med lange køar og saktegåande trafikk.

Kø mot Trengereid fra Voss

Det gjekk treigt på E16 mot Trengereid.

Foto: Rene Bolstad

Her kan du lese korleis det går i trafikken på:

Ver førebudd på forseinkingar

Trafikktal frå Statens vegvesen viser at første påskedag er ein av dagane med mest forseinking i påsketrafikken.

Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Hans Gustav Møvik-Olsen hadde ei oppfordring til dei som skal ut på vegane søndag:

– Følg godt med, ikkje gjer noko anna enn å køyre bil. Planlegg køyreturen og hald god avstand til bilen framfor, seier han.

Han oppmoda trafikantane om å vere førebudde på forseinkingar.

– Ha full tank eller lad opp batteriet på bilen, ver utkvilt og klar, seier Møvik-Olsen.

Lading av elbil

Skal du ut på hovudvegane dei neste dagane, bør du vere førebudd på forseinkingar. Lad opp bilen og ver utkvilt er oppfordringa frå trafikkoperatøren.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Det er særleg på europavegar og riksvegar inn mot byane det er forventa ekstra trykk søndag.

Spesielt på desse strekningane kan det bli kø og forseinkingar søndag:

  • E6 frå Lillehammer mot Oslo.
  • E16 frå Hønefoss over Sollihøgda.
  • E18 frå Drammen mot Oslo.
  • Hovudfartsårene mot Trondheim.
  • E14 mot Stjørdal.
  • E16 frå Voss i retning Trengereid.
Hjemfart Lillehammer

Jamn flyt i trafikken på E6 ved Lillehammer.

Foto: Anne Jo Lexander / NRK

Austlandet

På Austlandet er det særleg dei store vegane inn mot hovudstaden trafikktrykket er høgast.

På E16 Steinssletta-Sollihøgda var det store forseinkingar. Der måtte ein vente rundt 45 minutt søndag kveld.

– Steinssletta-Sollihøgda er ein kjend flaskehals, seier trafikkoperatør Sarah Bendiksen om den aukande forseinkinga søndag kveld.

Ho seier det truleg er kø fordi folk har venta med å reise heim.

Fylkesveg 51 over Valdresflye stengte klokka 13.00 søndag på grunn av uvêr. Det er venta at vegen kan opne igjen måndag klokka 08.00.

Valdresflye

Fylkesveg 51 over Valdresflye mellom Valdres og Gudbrandsdalen er stengt på grunn av uver.

Foto: Statens vegvesen

Ved 19-tida søndag sa Øyvind Eik i Vegtrafikksentralen aust at det er framleis mykje trafikk mellom Trysil og Oslo, og Hafjell og Oslo.

Ventetida på desse strekningane er på 20 og 25 minuttar.

Det er og godt med trafikk mellom Kløfta og Oslo.

Det er cirka 10 minutt forseinking mellom Mjøndalen og Drammen på E134.

E18 Kjørholttunnelen i Porsgrunn vart stengd to gonger grunna bilstans. Tunnelen opna igjen i halv nitida, meldar Vegtrafikksentralen sør.

Sørlandet

Det var venta mykje trafikk på E18 frå Kristiansand mot Drammen, men trafikken flaut greitt heile heimfartsdagen.

Vestlandet

Det var lange køar på E16 mellom Voss og Bergen søndag ettermiddag.

– No er trykket ved Trengereid-rundkøyringa, der fylkesvegen og europavegen møtast, seier trafikkoperatør Kjetil Gjøn.

Det er saktegåande trafikk frå rundkøyringa og mot Arnanipatunnelen, ifølge Gjøn.

– Det er ei viss flyt i trafikken, og det står ikkje heilt stille. Men det er saktegåande, seier han.

Kø mellom Voss og Bergen

Det var lang kø på E16 mellom Voss og Bergen.

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

Tidlegare søndag ettermiddag var det også lange køar ved Evanger.

– Etter at vi fekk dirigentar på plass der, har det gått betrakteleg betre, seier Gjøn.

Han ber folk om å ta omsyn og vere tolmodige i påsketrafikken.

kø Lavik ferjekai

Det var lange køar på E39 før Lavik ferjekai.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

På ferjesambandet E39 Lavik – Oppedal var det sett inn ei ekstra ferje søndag.

Den ekstra ferja er ikkje tilstrekkeleg for å få unna all trafikk. Det var rundt 30 minutt forseinking i ruta store deler av søndagen.

Mange bilar i kø på Lavik

Mange bilar venta på ferja på Lavik. Søndag var det sett inn ei ekstra ferje på sambandet Oppedal-Lavik.

Foto: Webkamera/Statens vegvesen / Statens vegvesen

– Men dei går så ofte dei kan, og tar med så mange dei kan av gangen, seier Gjøn.

Alle fjellovergangar mellom aust- og vestlandet var opne.

Heimfarten etter påskeferien førte ikkje til særleg med kø eller problem i trafikken i Rogaland.

Trøndelag

På E6 mellom Soknedal og Trondheim gjekk trafikken sakte i nordgåande retning.

– Det er sakte trafikk frå Korporalsbrua til Lundamo, seier Tormod Sunde Tangen i NRK Trafikk.

I tillegg er det ein del kø ned mot Rørvik ferjeleie på Fosen.

Mykje påsketrafikk i Trøndelag også: Dette er på E6 rett før Støren i retning Trondheim

Mykje påsketrafikk i Trøndelag også. Dette er på E6 rett før Støren i retning Trondheim

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Nord-Noreg

Alle fjellovergangane i Nord-Noreg var opne, og det vart ikkje meldt om noko spesielt frå trafikken.

Om du skal over ein fjellovergang, så kan det bli kolonnekøyring. Her får du gode tips.

Om du skal over ein fjellovergang, så kan det bli kolonnekøyring. Her får du gode tips.

Flyplassane og togtrafikken

Øystein Løwer i Avinor seier at flytrafikken ved dei største lufthamna gjekk som normalt første påskedag.

– Det er i morgon me ventar mest trafikk. Då kjem dei fleste heim frå ferie. Men vi er godt førebudde, så det skal gå bra.

Det er buss for tog mellom Bergen og Voss. Dette fører til forseinkingar på Bergensbana.

I sekstida vart Torp lufthamn evakuert etter røykutvikling. Det kan føre til forseinkingar.

Flere saker fra Innlandet