Hopp til innhold

No skal det skytast jerv i heile landet. Kjell Erik er ein av dei som er glade for det

Jerven har tatt uvanleg mykje sau i fleire område i år. No skal Statens naturoppsyn skyte ti jervar i heile landet.

Kjell Erik Brandstadmoen

SAUEBONDE: Kjell Erik Brandstadmoen brukar mykje tid og krefter på sauane sine. Han opplever det som traumatisk at sauane hans blir angripne av jerv.

Foto: PRIVAT

Fleire stader i landet melder gardbrukarar om at jerven har tatt mange sauar, og i Troms og Finnmark også rein.

Miljødirektoratet har gitt løyve til skadefelling.

Berre i Innlandet har rovdyret tatt 126 sauar, ifølge tal frå Statsforvaltaren i Innlandet. Det er ei stor auke frå i fjor.

Jerv i Engerdal

JEGER: Jerven er ein snikande og var jeger som heldt til i høgfjellet. Den lever blant anna av rein, sau og smågnagarar. Den norske bestanden er på rundt 350 vaksne dyr. Arkivbilete av ein jerv i Engerdal.

Foto: Knut Holmseth

Har mista 90 lam

I Ringebu fortvilar bonde Kjell Erik Brandstadmoen. Han har mista 92 lam og 2 sauar i sommar og haust. Det er nesten ein tredjedel av lamma, i vår sleppte han ut 298 lam på beite.

– Det er traumatisk å oppleve at dyra blir tekne av jerv, seier Brandstadmoen.

Mange av dyra er sporlaust borte, andre stader finn han att restar av bein og ull.

Det er ein kjent sak at jerven ofte grev ned byttet sitt, difor er det spesielt vanskeleg å finne att kadavera.

Han seier det er viktig for næringa at det blir jakta på jerv.

Det var avisa Gudbrandsdølen Dagningen som først omtalte denne saka.

– Vi kan ikkje halde fram å sleppe ut dyra på beite viss vi må rekne med å mista ein tredjedel av lamma. Det er viktig at det blir prioritert å ta ut jerv i beiteområda, slik at vi som driv med beitedyr kan halde fram i næringa, seier Brandstadmoen.

  • Det er ikkje berre rovdyr som skaper konfliktar:

Aukar mest i Innlandet

Det er i Innlandet jervestamma har auka mest.
Ifølge nettstaden Rovdata.no er det 60 jervepar med ungar i Noreg no.

Det er høgt over målet som Stortinget har sett, som er 39 par. Det har vore ein nedgang i jervestamma nord i landet, medan den har auka i Innlandet, og spesielt i Hedmark.

Jerven vart freda i 1983 og sidan då har jervestamma auka. Såpass mykje at det kvart år er lisensjakt på jerv for å halde stamma nede. Det er ordinær jakt som lokale jaktlag og enkeltjegerar tar seg av.

Lam drept av jerv ved Ruphovden i Skjåk i Oppland.

JERV PÅ FERDE: Slik kan det sjå ut når jerven har vore på ferde. Dette lammet var teke av jerv i Skjåk for nokre år sidan.

Foto: Øyvind Teigen

Vanskeleg jakt

Seniorrådgjevar Susanne Hanssen i Miljødirektoratet seier at det i nokre område er enkelt jervar som har forårsaka mykje skade på sau eller tamrein.

Dette er område der det ikkje er interesse for jervejakt, eller som er i terreng det er vanskeleg å komme til i for lisensjegere som jaktar jerv.

– Nokre stader har vi gitt Statens naturoppsyn oppdrag om skadefelling av slike individ på våren men det har vore vanskeleg, difor prøver vi ekstra tidleg i år, seier Hanssen.

No skal ein skyte tre jervar i deler av Innlandet, to i eit område i Nord-Trøndelag, to i området Dovrefjell/Sunndalsfjella i Møre og Romsdal og Trøndelag, to i Narvik i Nordland og seks i tre avgrensa deler av i Troms og Finnmark.

WWF er kritiske til at fleire jervar skal bli skotne.

– Jerven er ein som sterkt trua art på rødlista. Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på den. Då er det utruleg at det er så utstrekt jakt av ein art som er trua, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens Naturfond.

Karoline Andaur, WWF

KRITISK: – Jerven får heller ikkje etablert seg i høgfjellsområde der den er ein naturleg del av økosystema i høgfjellet, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens Naturfond.

Foto: Verdens Naturfond / WWF

Sjølv om jervestamma er høgt over målet som Stortinget har sett, meiner ho at det ikkje er rett å skyte fleire.

– Bestandsmålet er kunstig lågt, seier Andaur.

Flere saker fra Innlandet