Hopp til innhold

Største leteaksjon etter «Nessie» på over 50 år: – Det er med ein viss risiko

Legenda går tilbake til 500-talet. Med ny teknologi har monsterjegerar over heile verda samla seg for å finne Loch Ness-monsteret.

Loch Ness

SPEIDAR: Mikael frå Brumunddal fortel at folk som er med i jakta er overtydde om at Nessie finst. Gjennom heile helga skal dei leite etter teikn. Søndag morgon har det foreløpig ikkje komen nokon rapportar på at «Nessie» er funnen.

Foto: Privat

Du hugsar kanskje dette biletet?

Eit grumsete svart-kvitt bilete av ein mystisk skapning med lang hals:

LOCH NESS-monsteret

SANNSYNLEGVIS FALSKT: Biletet vart teke i 1935, og fekk stor merksemd verda over. Men analysar gjennomført av britisk presse og andre tyder på at det heile var ein spøk, og at den avfotograferte gjenstanden var omtrent 35 centimeter lang.

Foto: Robert Kenneth Wilson / Ap

I nesten 1500 år har det komme rapportar om eit stort monster i den skotske innsjøen Loch Ness, og biletet over vart kjent for å vere av Loch Ness-monsteret, som også blir kalla for «Nessie».

Over tusen menneske meiner dei har sett den berømte sjøormen. Men er den ekte?

Saman med forskarar og entusiastar over heile verda skal 23 år gamle Tiktoker Mikael Lien frå Brumunddal prøve å finne svaret – under den største leiteaksjonen etter «Nessie» på over 50 år.

Men kan turistmagneten vere trua?

Mikael Lien

PÅ MONSTERJAKT: 23 år gamle Mikael Lien er med når hundrevis av personar skal jakte på det mystiske monsteret i Loch Ness.

Foto: Privat

Bruker ny teknologi i forsøket

Leiteaksjonen går føre seg i Skottland ved den omtrent 12.000 år gamle innsjøen, i regi av The Loch Ness Centre.

Mikael seier det er komme mange hundre personar for å sjå etter sjøormen, som dei skal bruke heile helga på å prøve å finne. Men det kjem stadig fleire monsterjegerar.

– Det dukkar opp bussar på bussar. Det verkar som det er mykje engasjement og at mange er interesserte i å vere med for å prøve sitt beste for å finne «Nessie».

Loch Ness

JEGERAR: Ifølge brumunddølen, Mikael har over 100 personar møtt opp for å sjå om dei kan finne sjømonsteret.

Foto: Privat

Då 23-åringen kom til landsbyen laurdag vart han overraska over metodane som skal brukast i jakta på monsteret.

– Eg tenkte i utgangspunktet at dette hovudsakleg skulle vere litt show. Men metodane dei skal bruke er jo ganske gjennomførte.

Scotland's 23-mile long Loch Ness, home of the elusive monster, Nessie, is seen, date unknown. In foreground is Urquhart Castle. (AP Photo)

LOCH NESS: Loch Ness er ein innsjø i Skottland, Storbritannia, i dalføret Great Glen sør for byen Inverness. Innsjøen ligg 16 meter over havet, er 36 kilometer lang, 230 meter på det djupaste og har eit areal på 56 kvadratkilometer. Loch Ness er den største innsjøen i volum (men ikkje areal) i Storbritannia, skriv SNL.

Foto: Ap

nettsida til The Loch Ness centre står det:

«Over helga vil oppmålingsutstyr som aldri har vore brukt på Loch Ness før, bli brukt for å avdekkje løyndommane til det mystiske vatnet. Dette inkluderer termiske dronar for å produsere termiske bilete av vatnet frå lufta ved hjelp av infraraude kamera, då observasjon av varme ovanfrå kan vere ein avgjerande komponent for å identifisere eventuelle mystiske anomaliar. Til slutt vil ein hydrofon bli brukt til å oppdage akustiske signal under vatnet, lytte etter eventuelle Nessie-liknande rop, og dessutan ytterlegare teknologi i jakta på sanninga».

Tror du på Loch Ness-monsteret? 👹

Les også Har en forklaring på Loch Ness-monsteret

LOCH NESS-monsteret

Pengar i kassa til byen

Myten om monsteret gir mange besøkjande og klingande mynt i kassa til dei lokale bedriftseigarane.

Kvart år besøkjer rundt 400.000 menneske Loch Ness.

Det gir rundt 500 millionar kroner til inntekter til turistnæringa der kvart år, ifølge NRK-korrespondent Gry Blekastad Almås.

Loch Ness

SPEIDAR: Mikael frå Brumunddal fortel at folk som er med i jakta er overtydde om at Nessie finst. Gjennom heile helga skal dei leite etter teikn.

Foto: Privat

– For mange er det sikkert stas om dei klarer å påvise det. Men kva med turistnæringa der oppe om dei no slår fast ein gong for alle at det ikkje eksisterer?

– Så det er med ein viss risiko at dei gjer denne leiteaksjonen òg, vil eg påstå, seier Almås.

Bedrift ved Loch Ness

TENAR GODT PÅ «NESSIE»: I helga er det duka for den største jakta på det myteomspunne Loch Ness-monsteret i Skottland på fleire tiår. Men kva om det blir slått fast at monsteret ikkje finst?

Foto: RUSSELL CHEYNE

Vart plukka opp over heile verda

Det har vore gitt ut bøker, filmar og tallause historier har blitt fortalde om Loch Ness-monsteret. Men det har aldri blitt bevist at monsteret faktisk finst.

Og dette er langt frå første gong nokon prøver å spore opp Nessie.

(FILES) In this file photo taken on June 11, 2018 Professor Neil Gemmell takes samples on his boat as he conducts research into the DNA present in the waters of Loch Ness in the Scottish Highlands, Scotland on June 11, 2018. - Is the Loch Ness monster a shark? A giant catfish? A sturgeon? No, it's a giant eel! Or at least it could be, according to a study published on Thursday. "There is a very significant amount of eel DNA," Professor Neil Gemmell, a geneticist at the University of Otago in New Zealand said after a year-long study of the lake. Tale of a giant creature lurking beneath the murky waves of Loch Ness in Scotland have been around for more than 1,500 years -- fueled by occasional sightings of "Nessie". But Gemmell said his study had found no evidence of a monster-like Jurassic-era reptile in what is Britain's largest body of fresh water. (Photo by ANDY BUCHANAN / AFP)

KAN VERE EIN KJEMPEÅL: I dette biletet teke 11. juni 2018 tek professor Neil Gemmell prøver på båten sin medan han forskar på DNA-et som finst i vatnet i Loch Ness. – Er Loch Ness-monster ein hai? Ein gigantisk steinbit? Ei størje? Nei, det er ein kjempeål! Eller i det minste kan det vera det, ifølgje ein studie. Det er ei veldig betydeleg mengd ål-DNA, sa professor Neil Gemmell, ein genetikar ved University of Otago i New Zealand etter ein årelang studie av innsjøen. Det skriv AFP.

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP

Det har vorte gjennomført gjentekne ekspedisjonar til Loch Ness for å leite etter sjøormen. Det har vore teke i bruk undervassbåtar og avanserte sensorsystem.

– Både forskarar og andre har leita etter dette monsteret tidlegare, med ulikt resultat, seier Almås.

London-korrespondent Gry Blekastad Almås

BLEI POPULÆRT: Dette vart plukka opp over heile verda, seier Almås om historia om Loch Ness-monsteret.

Foto: Håvard Blekastad Almås / NRK

Ho fortel at den moderne myten oppstod på 1930-talet, då ein hotellsjef såg noko som likna på ein kval i denne innsjøen.

– Dette vart omtalt i lokalavisa der. Dette var berre nokre månader etter at King Kong hadde hatt premiere, så det var kanskje eit klima for monster rundt om. For dette vart plukka opp over heile verda.

Sidan den gong har det komme tallause påstandar om vitneobservasjonar. Men dei fleste konklusjonane viser til at det ikkje er noko monster der.

– Nokre av desse undersøkingane har konkludert med at det kan vere noko som ein ikkje heilt veit kva er i denne innsjøen, medan andre har avvist det heilt og slått fast etter mellom anna DNA-testar at det ikkje finst noko unaturleg i Loch Ness, fortel Almås.

BRITAIN FOSSIL

MANGE SPOR: Dette er nakkevirvlar frå ein dinosaur. Dei vart funne ved Loch Ness. Slike funn har forsterka trua på at det finst «noko» i innsjøen.

Foto: JEFF J MITCHELL / REUTERS

Folk er engasjerte

– Korleis vil du beskrive dette miljøet?

– Det er litt interessant. For folk som trur på dette er 100 prosent overtydde, men dei er ikkje redde. Noko eg kjenner er litt unaturleg dersom du har ein dinosaurliknande skapning i badevatnet ditt.

Mikael seier folk berre er engasjerte og nysgjerrige. Og at det er ein slags lykkeleg optimisme rundt det heile.

Han skal vere i Loch Ness til måndag, og har til no ikkje fått auge på skapningen.

– Men eg skal vere her i to dagar til, så eg er håpefull, smiler han.

Loch ness

OVERTYDD: – Folk som trur på dette er 100 prosent overtydde, seier Mikael.

Foto: Privat