– Du får venner for livet, frå heile verda, seier Kirsten Luka Ronold på Ringebu.
For femte gong skal ho ha ein utanlandsk vidaregåandeelev buande hjå seg eit skuleår. Tidlegare har ho hatt ungdom frå Tyskland, Sveits, Italia og Sardinia i hus. I løpet av skuleåret vert dei nærmast som eit familiemedlem.
Nå håper utvekslingsorganisasjonane at fleire vil gjere som Ronold.
270 elevar kjem til Noreg
Ifylgje Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) kom det 270 vidaregåandeelevar til Noreg på utveksling skuleåret 2015/2016. Talet har vore stabilt dei siste åra. Til samanlikning reiser over 2000 norske vidaregåande elevar på utveksling.
Nå er det berre litt over to veker til dei fleste utvekslingselevane kjem til landet, men mange manglar framleis ein stad å bu. Alle utvekslingsorganisasjonane NRK har vore i kontakt med har ennå ikkje skaffa familiar til alle ungdommane.
Manglar vertsfamiliar
Kjersti Halvorsen, i Explorius Education fortel at dei manglar vertsfamiliar til rundt 20 prosent av elevane som kjem i år.
– Vi har større pågang i år enn vanleg, og difor har vi ein høgare del uplasserte elevar, forklarer ho, før ho legg til at dei er overbevist om at dei skal få alle elevane i hus når dei kjem 19. august.
Youth For Understanding tek imot 34 elevar 10. august. Før helga mangla dei framleis vertsfamilie til 8 elevar.
AFS Internasjonal Utveksling manglar ein heim til 28 elevar.
Byrjar å haste
– Det byrjar å haste litt, det er to veker til dei kjem og vi vil gjerne ha vertsfamiliane i god tid før, seier programassistent hjå AFS, Silje Berg Rødal.
Nå vender dei seg til kontaktnettet sitt, av tidlegare utvekslingselevar og vertsfamiliar, i håp om at dei kan spreie ordet.
– Vi ser det at det alltid løyser seg til slutt, og vi har tro på at det gjør det i år òg, seier programassistenten.
Dobbel glede
Og i det kvite huset på Ringebu er dei ikkje i tvil, ein utvekslingselev i heimen er berre positivt.
– Eg trur folk er litt redd. Dei trur kanskje det vert meir arbeid. Men det vert det ikkje, det er ei dobbel glede, seier Kirsten Luka Ronold.
Dotter hennar Kjersti Ronold, har sjølv vore utvekslingsstudent i Tyskland, og ho meiner det er mange som hadde passa som vertsfamilie.
– Dei må vere open og inkluderande slik at den som kjem ikkje føler seg som ein gjest i huset. Det vil verte slitsamt i eitt år, seier ho.
– Dei skal vere akkurat som ei dotter i huset, legg mor til.