Hopp til innhold

Kvinna som vart funnen død i Tynset skal ha blitt skoten

Obduksjonen av den tyske kvinna som vart funnen død i Tynset, viser at ho vart skoten.

Falningsjøen drap still

DRAP: Det var ved Falningsjøen i Tynset kvinna vart funnen død tidlegare i oktober. Politiet har opna drapsetterforsking.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Politiet fann ei 24 år gamal tysk kvinne død i fjellet ved Falningsjøen i Tynset onsdag 18. oktober.

Kvinna var meldt sakna i Tyskland 10. oktober.

Då kvinna vart funnen, var det etter at den tyske sambuaren hennar, ein 29 år gamal mann, hadde blitt pågripen av tysk politi 17. oktober.

No er kvinna obdusert. Obduksjonen viser at kvinna vart skoten.

– Obduksjonen viser at kvinna vart skoten to gonger, der det første skotet var dødeleg, seier politiadvokat Mali Svendsen.

Kvinna hadde også brannskadar som ho skal ha fått etter at ho døde, ifølgje politiet. Kvinna vart funnen i vatnet.

Pårørande er informert.

Les også Etterforsker drap på tysk kvinne i 20-åra i Østerdalen

Politihuset i Elverum

Sikta for drap

Politiet har opna drapsetterforsking i saka.

Den 29 år gamle mannen som var på ferie med kvinna i Noreg i tidsrommet då kvinna skal ha blitt drepen, er sikta for drap.

– Samarbeidet med tysk politi held fram, og vi har fått opplyst at sikta per nå ikkje ønsker å forklare seg ytterlegare, seier Svendsen.

Mannen har ikkje erkjent straffeskuld.

– Politiet meiner mistankegrunnlaget mot sikta er styrka. Vi har funne ut dødsårsaka, og det er sentralt i vidare etterforsking, seier politiadvokaten.

Drap falningsjøen 1

Politiet har gjort fleire undersøkingar på staden der kvinna vart funnen.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Beslaglagt våpen

Det er uvisst om politiet har funne drapsvåpenet.

Ifølgje politiadvokat Svendsen har tysk politi gjort beslag i eit våpen dei meiner er interessant.

– Dei gjer undersøkingar på dette. Det er ein pistol, seier Svendsen.

Innlandet politidistrikt held fram med å etterforske saka her i Noreg, blant anna med å kartlegge paret sine bevegelsar. Kriminalteknikarar jobbar framleis på staden.

Dei har også gått ut med at dei ønsker tips.

– Det har vore fleire tipsarar som har tatt kontakt. Vi går gjennom dei no og prøver å finne ut kven vi eventuelt skal avhøyre og som har relevant informasjon. Om nokon har sett noko som er relevant, er det sjølvsagt interessant for politiet å få tak i den informasjonen, seier Svendsen.

Les også Politiet ønsker tips etter at tysk kvinne ble funnet død i Tynset

Falningsjøen-stills

På ferie

Den drapssikta mannen og kvinna skal ha vore på bubilferie i Noreg i månadsskiftet mellom september og oktober.

5. oktober skal mannen ha kome åleine tilbake til Tyskland. Han skal ha sagt at han reiste frå kvinna i Sverige etter ein krangel.

Ifølge tysk politi hadde familien sist kontakt med kvinna i slutten av september. Etterforskinga starta då kvinna sin familie meldte kvinna sakna 10. oktober.

Mannen skal ha blitt pågripen 17. oktober og forklarte seg då.

– Mannen har ikkje tilstått drap, men har fortalt politiet kvar kvinna kunne bli funne og kva skadar ho skal ha hatt, har politiadvokat Mali Svendsen tidlegare sagt til NRK.

Ifølge tysk politi fann dei mobiltelefonen og lommeboka til kvinna i eit lokale mannen leigde.

Flere saker fra Innlandet