Hopp til innhold

Ber norske kommunar skjerpe seg – Sølvi snublar i sparkesyklar kvar dag

Gåturen til jobb har blitt eit mareritt for den synshemma 62-åringen. Blindeforbundet krever at kommunane strammar inn reglane.

– Ein blir like overraska kvar gong. For du veit aldri kor dei står, seier Sølvi Ørstenvik.

Ho går til jobb i Sandefjord kvar dag. Tidlegare var gåturen noko ho hadde glede av, men no har spaserturen blitt noko den synshemma 62-åringen gruar seg til.

Sølvi Ørstenvik

For Sølvi og andre blinde skapar elsparkesyklar frykt og uro.

Foto: Theo Aasland Valen / NRK

Nesten kvar einaste dag snublar ho i ein sparkesykkel som står parkert på fortauet.

– Førre måndag trur eg at eg klarte å surre meg inn i fem stykke, seier Ørstenvik.

Etter at dei elektriske sparkesyklane kom til byen har Ørstenvik kjend på ei uro knytt til å bevege seg ute i bybildet.

– Eg ser jo at nokon set dei midt i vegen, så eg skjønnar kvifor folk reagerer. Det er jo ikkje så vanskeleg å setje dei litt utanfor vegen, seier Mara Mikkelsen.

Ho brukar ofte elektrisk sparkesykkel i Sandefjord, men seier ho alltid parkerer i områda som er sett av for parkering.

Mara Mikkelsen

Mara Mikkelsen er blant dei som nyttar sparkesykkel i byen.

Foto: Theo Aasland Valen / NRK

Kritisk til kommunane

Ei undersøking frå transportøkonomisk institutt syner at to av tre personar med nedsett syn eller høyrsel kjenner seg utrygge i møte med ei elsparkesyklist.

Mange droppar også turar i bybildet på grunn av elsparkesyklar.

Har du opplevd problem med sparesykkel i vegen

Ørstenvik skulle ønske kommunen tok meir tak i problemet og får støtte frå Noregs blindeforbund.

– Kommunane må skjerpe seg når det gjeld til parkering, seier forbundsleiar Terje André Olsen.

Juni 2021 kom ei ny lov på plass som gjer at kommunane kan regulere bruken av elektriske sparkesyklar. Noregs blindeforbund meiner kommunane er for treige.

– Eg synest det tok lang tid å få på plass lovverket, og eg synest det tek lang tid for kommunane å ta det i bruk, seier Olsen.

Forbundsleder Terje André Olsen i Norges Blindeforbund.

Terje André Olsen er forbundsleiar i Noregs Blindeforbund.

Foto: Tom-Egil Jensen / Tom-Egil Jensen

Ønsker strengare straff

Debatten rundt elektriske sparkesyklar har rasa i fleire store byar. Oslo og Trondheim har streva med syklar som står i vegen for folk i bybildet. No har problemet byrja å spreie seg til mindre byar.

Blindeforbundet meiner kommunane må gje sanksjonar til selskapa som leiger ut sparkesyklar. Viss mogleg bør folk som feilparkerer også få bøter.

– I Drammen tauar kommunen inn feilparkerte elsparkesyklar også må aktørane betale gebyr for å få dei ut, seier Olsen.

Drammen kommune har også teke i bruk gebyr viss folk feilparkerer elektriske syklar.

Sandefjord kommune har ikkje planar om å gje bøter til korkje selskapa eller folk på noverande tidspunkt.

– Me har ein forskrift som seier at selskapa skal rydde opp syklar som er til hinder. Så må me følgje opp at det blir gjort, seier Philip Karlsen som er driftsleiar i Sandefjord kommune.

Phillip Karlsen i Sandefjord kommune

Philip Karlsen i Sandefjord kommune.

– Kor ille må det bli før de gjev bøter?

– Viss selskapa ikkje klarar å handtere oppryddinga på ein tilfredsstillande måte så me sjå på moglegheita for å bøtlegge, seier Karlsen.

Oppfordrar folk til å melde inn syklar

I første omgang skal Sandefjord kommune vurdere å setje restriksjonar på kor folk kan parkere syklane. Dei vil bruke sommaren til å skaffe seg ein oversikt over problemet.

Sølvi Ørsteinvik håpar folk melder ifrå viss dei kjem over sparkesyklar som blokkerer fortau eller annan ferdsel i bybildet.

– Det er jo fort at folk blir vande med at dette er eit problem, også melder dei ikkje frå, seier 62-åringen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark