Hopp til innhold

Kjem seg ikkje heim frå Jerusalem: – Kjenner på frykt

Norske Birgitte sit på eit hotellrom i Jerusalem, og kjem seg ikkje heim. Ho opplever situasjonen i Israel som dramatisk.

Birgitte Kessel er stranda på eit hotellrom i Jerusalem

UROLEG: Birgitte Kessel på hotellrommet i Jerusalem

Foto: birgitte kessel / privat

Det er spesielt å vere her.

Det seier Birgitte Kessel frå eit hotellrom nær gamlebyen i Jerusalem.

Til dagleg jobbar 31-åring frå Lillehammer som prest i Manglerud kyrkje i Oslo.

Ho skulle berre unne seg nokre få dagar aleine i Jerusalem etter ein kombinert ferie- og jobbtur i Israel og på Vestbredden.

Men etter rakettangrepet frå Hamas mot Israel laurdag har ho stort sett brukt tida på hotellrommet og i bomberommet på hotellet.

Spesielt fyrste dagen var det mykje frykt og uvisse, og i natt då eg forstod at eg ikkje kunne dra til flyplassen.

Laurdag kveld blei det meldt om over 150 rakettangrep mot den israelske byen Tel Aviv.

Og seint søndag kveld skreiv den israelske avisa Times of Israel at Hamas truga med å angripe den internasjonale hovudflyplassen i Tel Aviv.

– Det opplevde eg som veldig dramatisk og utrygt, fortel Kessel som etter planen skulle reist heim måndag morgon.

Les også 14 norske elever i Tel Aviv: – Smalt veldig godt rundt dem

Marius Wallentin Wigardt og familien i Israel

Full mobilisering

Måndag føremiddag rapporterer NRK sin korrespondent i Midt-Austen om at folk i den israelske storbyen Tel Aviv mobiliserer til full krig mot Hamas.

Korrespondent Yama Wolasmal rapporter fra den Israelske byen Tel Aviv, der befolkningen mobiliserer til en full krig mot Hamas. 300.000 reservesoldater har blitt innkalt etter det overraskende angrepet fra Hamas.

Korrespondent Yama Wolasmal rapporterer frå den Israelske byen Tel Aviv, der folk mobiliserer til ein full krig mot Hamas. 300.000 reservesoldatar har blitt kalla inn etter det overraskande angrepet frå Hamas.

Birgitte Kessel fortel om stengde butikkar i Jerusalem fordi mange no forlèt heimane sine for å melde seg til innsats i krigen.

I går ettermiddag var ho ein liten tur ute i gatene som nærast låg folketomme.

Kontrasten var stor til overfylte gater berre nokre dagar før.

matmarknaden i Jerusalem, folketom etter angrep
Matmarknaden i Jerusalen

Birgitte Kessel besøkte den folksomme matmarknaden i Jersualem sist veke. Søndag var marknaden folketom

Birgitte Kessel/privat

Har vore redd

Laurdag kom Utanriksdepartementet med nye reiseråd for Israel og Palestina. No blir norske statsborgarar råda frå å reise til Israel om reisa ikkje er strengt naudsynt.

Samstundes blir alle reiser til Gaza og til einskilde byar på Vestbredden heilt råda frå.

Det same gjeld for Aust-Jerusalem.

Birgitte Kessel seier at ho har vore redd.

– Ja, absolutt.

Samstundes trur ho at Jerusalem er ein av dei tryggaste plassane ein kan vere i Israel akkurat no.

– Det er veldig roleg. Det er veldig mykje politi i gatene, og stemninga er veldig spent. Men eg trur Jerusalem er ein av de betre plassane å vere no. Men det er dramatisk å vere så nær der kor det skjer bombing og alt.

Les også Hamas truer med å henrette israelske fanger

Det letes i ruinene etter et israelsk luftangrep mot bygninger i flyktningleiren Jabalia på Gazastripen mandag.

Måndag ettermiddag har ei rekkje flyselskap kansellert sine ruter til og frå Ben Gurion-flyplassen i Tel Aviv.

Birgitte Kessel har booka om sin flybillett med det tyrkiske selskapet Pegasus, og håpar flyet går som planlagt tysdag kveld. Utfordringa er å komme seg trygt dei fem mila frå Jerusalem til flyplassen.

Det er lite informasjon om kva som eigentleg skjer, og det er mange fly som går. Men eg opplever det som lite trygt å reise ditover.

Ho fortel at ho har tatt kontakt med norske styresmakter for å prøve å oppdatere seg på situasjonen, etter at UD la ut fleire oppdateringar i går kveld.

– Eg har så vidt snakka med dei i natt om situasjonen på flyplassen, men dei visste ikkje noko meir enn det som vart sagt på nyheitene. Sidan har dei sendt eit par meldingar med oppdateringar om situasjonen.

Kessel seier at ho er meir uroa for folk ho har møtt både i Israel og på Vestbredden enn for seg sjølv.

– Men det er rart å ikkje ha ein ordentleg plan for korleis ein skal komme seg heim.

Birgitte Kessel i Jerusalem før angrepet

Birgitte Kessel (til høgre) saman med Matilde Opsahl i gamlebyen i Jerusalem sist veke. Matilde og Johanne Norum Hansen, som har tatt bildet, reiste heim torsdag.

Foto: Johanne Norum Hansen / privat

For ordens skuld: Birgitte Kessel er i nær slekt med ein medarbeider i NRK. Vedkommande har ikkje vore involvert i arbeidet med denne saka.