Hopp til innhold

Står saman om å bytte fylke

I Gran i Innlandet, har Ap, Høgre, Raudt og SV vorte samde om å styre saman etter valet. Den viktigaste felles saka er å få Gran inn i Akershus fylke.

Randi Eek Thorsen (Ap)(avtroppende ordfører) og Gunn Seigerud(H) , ny varaordfører i Gran

AKERSHUS: Avtroppande Ap-ordførar Randi Eek Thorsen og påtroppande varaordførar Gunn Seigerud (H), får det som dei vil: Fleirtal for å søkje å flytte Gran kommune frå Innlandet til Akershus.

Foto: JENNY MARIE SVEEN / NRK

Spørsmålet om kva fylke Gran kommune skal høyre til, har prega dei politiske debattane der i fleire år. Men samansettinga i kommunestyret har vore slik at det ikkje har vore mogleg å kome til ei semje.

I valkampen vart spørsmålet sett på spissen. Partia som nå får makta i kommunestyret, gjekk til val på at dei vil søkje om å bytte fylke alt i haust.

Grunnen er at dei vil halde regionen Hadeland samla. For både Jevnaker og Lunner blir ein del av Akershus frå nyttår.

No vil Gran følge etter.

Anita Sveen frå Gran på Hadeland, Innlandet

Som så mange andre i Gran: Anita Skogheim reknar seg først og fremst som hadelending. Fylke og kommune har mindre tyding.

Foto: Jenny Marie Sveen / © Jenny Marie Sveen, © Jenny Marie Sveen

Eitt felles Hadeland

Frå langt tilbake i historia har Hadeland vore ein region med sterk felles identitet og kultur. Og det gjeld framleis.

Tidlegare låg alle dei tre Hadelands-kommunane i Oppland fylke. Men i 2020 vart både Lunner og Jevnaker del av det nye Viken fylke som ei følgje av regionreforma.

Gran på si side vart ein del av det like nye Innlandet fylke.

Men frå 2024 skal Viken avviklast. Då blir dei to Viken-kommunane med i Akershus som skal oppstå på ny.

No vil altså politiske fleirtalet i Gran også melde overgang til Akershus.

På gata i Vassenden, eitt av sentra i Gran, møter vi Anita Skogheim. Ho er ei av mange som ikkje er spesielt engasjert i kva fylke ho bur i.

At Hadeland er samla er mykje viktigare:

– For meg betyr ikkje fylke noko. Det som er viktig er Hadeland.

Søsterkirkene vedlikehold

Søsterkyrkjene på Granavollen er eitt av dei sterkaste historiske symbola på Hadeland. Nå tyder mykje på at denne historiske staden også blir ein del av Akershus, ikkje Innlandet

Foto: Roar Berntsen / NRK

Og Anita er ikkje aleine om det.

I fjor gjennomførte kommunen ei stor spørjeundersøking om kvar folk i Gran meiner dei høyrer til. 7 av 10 svara at dei først og fremst vil høyre til Hadeland, og at Hadeland må vere samla.

Det var viktigare enn både kommune og fylke.

Handsamast i haust

Gunn Elisabeth Alm Thoresen blir ny ordførar for Ap. Ho er svært glad for at dei får eit fleirtal i kommunestyret for eit fylkesskifte.

– Vi fire partia har forplikta oss til å samarbeide om dei viktigaste sakene for Gran. Kva fylke vi skal høyre til, er blant topp tre, seier Alm Thoresen.

Ho planlegg å få opp saka i kommunestyret i haust, slik at dei kan søkje om å skifte fylke allereie før jul.

Ordfører i Gran, Randi Eek Thorsen

Avtroppande ordførar i Gran, Randi Eek Thorsen, fekk det som ho ville: Fleirtal for at Gran skal bli ein del av Akershus.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Klar beskjed

Minst like glad er avtroppande ordførar, Randi Eek Thorsen (Ap). Ho har fronta saka om å flytte til Akershus dei siste fire åra.

– Nå har folk sagt heilt tydeleg frå kva dei meiner, seier Thorsen.

Og valresultatet tyder på at ho har rett.

For i Gran gjekk alle dei fire partia som vil avgjere fylkesspørsmålet nå, gått fram.

Til saman tok dei 5 nye mandat, og dermed er dei sikra eit fleirtal i kommunestyret.

Frp gjekk også fram, medan Sp og Gran Bygdeliste gjekk tilsvarande tilbake. Dei gjekk til val på å ha ei rådgjevande folkeavstemming om saka.

Les også – Hadde ikke trodd jeg skulle shoppe fylker, sier ordfører

Innlandet-kart

Høgre mest fram

Gunn Seigerud (H) blir varaordførar. Ho er veldig letta over valresultatet, og over avtala partiet har gjort med dei tre partia på venstresida.

– Det har vore mykje usemje om mange saker i kommunestyret. Nå skal vi få framdrift i denne og andre saker, seier Seigerud.

Willy Westhagen i Gran Bygdeliste er samd i at spørsmålet om fylke har prega og avgjort valkampen.

– Det er eg lei for. Og nå blir det forhasta. Vi bør ta oss betre tid til å avgjere dette spørsmålet, seier Westhagen.

Les også To nye kommunar på veg til Akershus

Kevin Nordli Olsen, Amalie Driveklepp og Mirjam Johnsen-Weimand er elever ved Hadeland videregående skole.


Uroa over å miste Gran

Dersom også Gran går til Akershus, har Innlandet mista til saman 30.000 innbyggarar. Det merkast i eit fylke med folketalsnedgang i veldig mange kommunar.

– Gran høyrer til Innlandet, seier avtroppande fylkesordførar i Innlandet, Aud Hove (Sp).

Ho meiner det politiske tyngdepunktet nå blir trekt mot Akershus.

Hove ser ikkje lyst på at også Gran vil melde overgang til Akershus. Innlandet fylkeskommune bygde ny, stor vidaregåande på Gran for nokre år sidan. Og nå er det investert mykje i Elron, den elektriske ferja på Randsfjorden.

– Eg er nok ikkje i tvil om at skulen vil bestå vidare, men er spent på om Akershus vil løyve midlar til ferja, seier Aud Hove

Fylkesordfører Aud Hove

Fylkesordførar Aud Hove i Innlandet er ikkje glad over at også Gran vil til Akershus

Foto: Innlandet fylkeskommune

Les også Akershus mangler sju personer for å bli størst

Bildet viser familie i døråpning. Det er en mor, og far og to små barn. De smiler fornøyd i boligen de kjøpte i fjor.

Jevnakerordføraren gler seg

Nyleg attvalde ordførar Morten Lafton (Ap) i Jevnaker seier regionen samarbeider godt i dag, også i ulike fylke. Men han er glad for at Gran vil følge etter til Akershus.

– Eit samla Hadeland inn i nytt fylke, kan påverke i dei større spørsmåla som samferdsel, næringsutvikling, vidaregåande opplæring og klima- og miljøspørsmål.

Morten Lafton

Jevnaker-ordførar Morten Lafton meiner eit samla Hadeland i Akershus kan vere bra for regionen,

Foto: Azad Razaei / NRK

Sterkare i felles fylke

Randi Eek Thorsen er letta over at fylkesdiskusjonen nå kjem til ein ende.

– For å ha nok kraft som region, må vi vere i same fylke. Vi har så mykje felles og det må vi ta vare på. Alt frå landbrukskontor og vidaregåande skule, til politi og redningsvesen og helsetenester.

Saka skal til regjeringa og det er Stortinget som gjer det endelege vedtaket. Truleg før valet i 2028.

Flere saker fra Innlandet