Hopp til innhold

To nye kommunar på veg til Akershus

Dei tre hadelandskommunane bør vere samla i eitt fylke. Det meiner eit klart fleirtal av dei som har svart på ei meiningsmåling om framtida til Gran kommune.

Kva fylke kommunane skal høyre til, er ikkje innbyggjarane like samde om, korkje i Gran eller i nabokommunen Jevnaker. Men valet som Lunner alt har teke, kan kome til å bestemme det heile.

I dag ligg Lunner og Jevnaker i Viken, medan Gran høyrer til Innlandet. Når Viken blir splitta opp kan i teorien dei tre kommunane hamne i tre ulike fylke, trass i at dei i alle år har hatt eit tett samarbeid, og at dei fram til regionreforma i 2020 alle låg i gamle Oppland.

Sentio Research har gjennomført meiningsmålingane via SMS i mars i begge kommunane. I dag vart resultatet kjent. I overkant av 4000 av dei 13.500 innbuarane i Gran har svart på undersøkinga.
7 av 10 meiner dei tre kommunane bør vere samla i eitt fylke.

Saman om Hadeland

Ein skal ikkje sjå bort frå at det kan ha med Hadeland vidaregåande skole å gjere. Skolen har nesten 900 elevar, halvparten frå Viken, den andre halvparten frå Innlandet. Men elevane er delte:

Kevin Nordli Olsen er sikker i sin sak: Han er frå Gran og han er hadelending. Det kan ingen ta frå han.

Kevin Nordli Olsen

Slik har Mirjam Johnsen-Weimand det også. Ho er frå Jevnaker. Men det som vekker kjensler i henne er Hadeland. Det er jo der ho kjem frå.

–Jevnaker er sjølve Hadeland, seier Mirjam. Ho tenkjer på sterke merkevarer som Hadeland Glassverk.

Mirjam Johnsen-Weimand.

Amalie Driveklepp er frå langt sør i Lunner. Ho kjenner sterkare band til Oslo enn til Hadeland. Men ho synest ikkje Akershus har gjeve henne godt nok skuletilbod. Så ho hamna på Hadeland vidaregåande.

Amalie Driveklepp

Den ligg i Gran og Innlandet fylke er skuleeigar. Om Gran blir ein del av Akershus må fylket også ta over skulen med nesten 900 elevar

Historiske Hadeland

Det kviler eit historisk sus over Hadeland. I meir enn 1000 år har det vore ein region med felles identitet. Men da Oppland slo seg saman med Hedmark og vart Innlandet, valde både Lunner og Jevnaker å gå til det nye storfylket i sør, Viken. Berre Gran vart att i Innlandet.

Skilt med Gran kommune i Innlandet.

INNLANDET: Det er uvisst kor lenge Gran kommune blir liggande i Innlandet.

INNLANDET: Det er uvisst kor lenge Gran kommune blir liggande i Innlandet.

Jevnaker til Akershus?

Viken skal løysast opp, og Jevnaker, som er sterkt knytt til Ringerike, kjem automatisk med i Buskerud. Men nå kan det bli annleis. Ordførarane på Hadeland har vore hos kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp), som gav dei lov til å vurdere fylkesbytte. Men det er Stortinget som avgjer saka.

I Jevnaker innstiller rådmannen i dag på at kommunen blir ein del av Akershus. Kommunestyret behandlar saka torsdag i denne veka. Ein føresetnad er at Ringerike gjer det same. Også der skal spørsmålet om Akershus eller Buskerud opp i kommunestyret denne veka.

Ordførar Morten Lafton i Jevnaker seier at kommunen i realiteten er fylkeslaus etter oppløysinga av Viken.

– Vi har aldri bede om å bli med i Buskerud. Det var storfylket Viken vi ville vere med i.
Og nå vil altså Jevnaker henge med Ringerike vidare – om dei skiftar fylke.

Les også Hevder det er spart 100 millioner på Innlandet

Leder Innlandet AUF Linnea Lie Holen

Avklart i april

Meiningsmålinga i Gran blir ein del av grunnlaget når kommunestyret skal bestemme seg for om dei vil søkje om å gå over til Akershus eller ikkje. Det skjer først i april.

Ordførar Randi Eek Thorsen (Ap) i Gran seier ho ikkje vil kommentere resultatet av meiningsmålinga nå. Ho vil vente til saka skal i kommunestyret.

Thorsen seier at meiningsmålinga er gjort for å undersøke om det er viktigare at Hadeland er saman i eitt fylke – enn kva fylke kommunen ligg. Ho er glad kommunalministeren har opna opp for at dei får lov til å greie ut om dei bør endre fylke.

Ordfører i Gran, Randi Eek Thorsen

MÅ VELGE: Ordførar i Gran, Randi Eek Thorsen (Ap), har fått det travelt med å vurdere kva fylke Gran bør ligge i i framtida.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

MÅ VELGE: Ordførar i Gran, Randi Eek Thorsen (Ap), har fått det travelt med å vurdere kva fylke Gran bør ligge i i framtida.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Plutseleg travelt

Klok av skade har kommunestyra i Jevnaker og Gran kalla dette ei meiningsmåling, ikkje ei folkeavrøysting. Som det vart så mykje bråk om i Innlandet.

Med å kalle det ei meiningsmåling står kommunestyret friare. Men ikkje alle er samde i den prosessen som går nå. Tidlegare ordførar i Gran, Willy Westhagen frå Gran Bygdeliste, synest kommunen skal roe seg ned.

Willy Westhagen frå By og bygdelista

KRITISK: Willy Westhagen sit i kommunestyret for Gran Bygdeliste er kritisk til prosessen som går nå. Han synest saka skulle vore betre greidd ut og så lagt ut til folkeavrøysting.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

KRITISK: Willy Westhagen sit i kommunestyret for Gran Bygdeliste er kritisk til prosessen som går nå. Han synest saka skulle vore betre greidd ut og så lagt ut til folkeavrøysting.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Dette går alt for fort. Plutseleg fekk vi frist på oss til slutten av april med å avgjere kva fylke vi skal høyre til, seier Westhagen.

–Seinast i fjor haust sa kommunestyret nei til å gjere same utgreiinga, nå hastar det plutseleg veldig.

Han meiner Hadeland består godt som region sjølv om dei ikkje er i same fylke. Dei har interkommunalt samarbeid innanfor mange område. Og han meiner fylkesgrensene har lite å si.

Hadeland er heme

Liv Kristin Lyngstad sit i kommunestyret i Gran for SV. Vi møter henne på jobb, på Lunner barneskole.

– Kva fylke vi er med i, er underordna av at vi er Hadeland.
For henne er heller ikkje kommune særleg viktig.

– Hadeland er heme. Seier Liv Kristin, blank i auga. Ho er synleg stolt over regionen, og over det samhaldet og samarbeidet, som er i regionen.
Men om ho skal velje fylke, blir det Akershus. Vegen over Lygna til Toten og Mjøsa har vorte lang. Vi blir lettare trekte sørover, mot Lillestrøm og mot Oslo.

Liv Kristin Lyngstad sit i kommunestyret i Gran for SV.

HADELAND ER HEIME: Liv Kristin Lyngstad (SV) meiner Gran må bli med i Akershus, saman med dei to andre. Slik blir Hadeland sterkast.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

HADELAND ER HEIME: Liv Kristin Lyngstad (SV) meiner Gran må bli med i Akershus, saman med dei to andre. Slik blir Hadeland sterkast.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Nå må politikarane finne ut kor mykje meiningsmålinga skal få å bety. For alle er ikkje like samde.

I Jevnaker meiner berre 37 prosent at det er viktig at Hadelandsregionen er i same fylke. Og fleirtalet ønskjer at kommunen blir i Buskerud når Viken blir delt.

Av dei som har svart på undersøkinga i Gran er resultatet nesten delt på midten om kva fylke dei bør høyre til i framtida, 49 prosent meiner dei bør halde fram i Innlandet, 44 prosent at dei bør gå til Akershus. Spesielt ungdommen ønskjer å gå vidare med Innlandet fylke.