Hopp til innhold

Natur­fenomenet er i ferd med å forsvinne

Dersom du vil oppleve dei spesielle jordsøylene i Gudbrandsdalen bør du nok ikkje vente for lenge.

Jordsøylene i Sel i Gudbrandsdalen.

RASA SAMAN: Dette biletet er teke sommaren 2019 i Uldalen i Sel kommune i Innlandet. I samband med snøsmeltinga i vår rasa dei siste to høge jordsøylene saman.

Foto: Alexander Nordby / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dei blir kalla «Kvitskriuprestan» og har vore der i hundrevis av år. Namnet har dei fått fordi folk førestilte seg at dei likna høge tynne prestar som stod der i den bratte raskanten.

Den spesielle landskapsformasjonen i Uldalen i Sel kommune er eit veldig sjeldan syn i Nord-Europa.

Bortsett frå nokre få stader rundt Gudbrandsdalen må du til alpane for å finne maken.

Men dei siste ti–femten åra har noko skjedd. Nesten alle «prestane» har rasa saman.

– No er det ein liten tass igjen nedi her, seier Espen Rusten i Statens naturoppsyn.

Espen Rusten fra Statens naturoppsyn.

POPULÆRT: Det er Statens naturoppsyn som passar på naturminnet i Uldalen i Sel kommune i Innlandet. Espen Rusten fortel at staden er godt besøkt, og at det verkar å vere spesielt populært blant utanlandske turistar.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Blir slite av «vêr og vind»

Jordsøylene kjem av langvarig erosjon i morenemassane.

Inne i massane ligg det steinar som har verka som «hattar» eller «paraplyar». Dei har verna for regnet og slik danna søylene.

Medan vatnet skyler grunnen bort frå skråninga, halde fram med å vere leirjorda under steinen hard – og klarer å bere steinen.

– Ein ser inne i raskanten her at det ligg fleire steinar. Potensialet for at det kan etablerast nye er til stades. Men kanskje ikkje så store som dei som har vore her, seier Rusten.

Kvitskriuprestan slik de så ut i 2005.

SEKS METER: Kvitskriuprestan slik dei såg ut i 2005. På det meste har det vore åtte–ti jordsøyler i området, og den høgaste var opp mot seks meter høg.

Foto: Finn Bjormyr / Statens naturoppsyn

Lars Erikstad, seniorforskar i Norsk institutt for naturforsking (NINA), meiner utviklinga i Uldalen er forventa. Det som er spesielt i dette tilfellet, er at jordsøylene står i lause massar.

– Det er ein prosess som har skapt dei «prestane» og den prosessen kjem etter kvart til å øydeleggje dei òg.

Liknande formasjonar finst i fast fjell og då er dei meir varige, forklarer Erikstad.

Han seier at det normalt vil dannast nye søyler i ei sånn skråning som det her er snakk om, men i dette tilfellet er skråninga meir eller mindre erodert ut.

Dermed kan ein ikkje forvente nokon nye, store søyler.

Lars Erikstad, seniorforsker i Norsk institutt for naturforskning

NATURLEG PROSESS: Det at naturminnet er kritisk truga, betyr ikkje at det er vår skuld eller at det er noko å gjere med det. – Det er rett og slett berre ei erkjenning av at slik er det, seier seniorforskar Lars Erikstad ved Norsk institutt for naturforsking.

Foto: Pressefoto / Norsk institutt for naturforskning

Kritisk truga naturtype

Kvitskriuprestan er ført opp på «Norsk raudliste for naturtypar» som kritisk truga. Staden vart freda i 1977.

– Det er ikkje jordsøylene i seg sjølv som er verna som eit naturminne, men den pågåande erosjonsprosessen, seier Espen Rusten som held oppsyn med omådet.

Det er ferdselsforbod rundt raskanten og sjølve jordsøylene.

Men det går ein merka sti opp til staden. Når du kjem fram er det tilrettelagt med trapper og plattformer der ein kan sjå området godt.

Espen Rusten, statens naturoppsyn

FØLGJER MED: Espen Rusten i Statens Naturoppsyn er sikker på at den siste «vesle tassen» også kjem til å rase.

Foto: Alexander Nordby / Alexander Nordby

Sårbart dyreliv Ber turfolket gi kongeørn i Jotunheimen ro

Bilde av Øvre Leirungen, tatt frå Knutshø

Oppmodar til å nytte sjansen

Rusten kan ikkje seie når den siste jordsøyla forsvinn. Eller korleis det skal gå når det gjeld nye jordsøyler.

Men kanskje bør du planleggje eit besøk allereie i ferien.

– Her vil eg tilrå å ta turen no i sommar for å sjå den siste, vesle jordsøyla som står igjen nedi her, seier Rusten.

Naturoppsynsmannen får støtte av Lars Erikstad – den siste søyla er såpass tynn.

Så oppmodinga frå deg òg, er å komme seg opp dit før den siste fell?

– Ja, det skal alle fall eg gjere. Eg har ikkje vore der på eit par år og då var det meir enn ein igjen.

Kvitskriuprestan

2023: Slik står den siste, tynne «presten» i Uldalen. Ekspertane er samde om at interesserte bør nytte sjansen til å sjå han i næraste framtid.

Foto: Alexander Nordby / Alexander Nordby