– I snitt hekka kongeørn kvart andre år før Knutshøe vart ein slik turmagnet for reiselivet, seier nasjonalparkforvaltar i Jotunheimen, Kari Sveen.
Dei seinare åra er Knutshøe vorte eit populært turmål. I 2015 viste ferdselsteljaren rundt 6500 besøkjande. Talet var det dobbelte i 2022.
Den aukande ferdselen har gått ut over fuglelivet i området.
Derfor har no turistar fått ei oppmoding om å vente med å gå turen opp til fjellet i Jotunheimen.
TURMÅL FOR MANGE: Utsikt frå Knutshøe over Øvre Leirungen og Gjende i Jotunheimen
Foto: Sun Iren Bjørnås / NRKGår saman om vern
Oppmodinga kjem frå UT.no saman med Statsforvaltaren i Innlandet, Miljødirektoratet og nasjonalparkforvaltninga i Jotunheimen.
Det er Den Norske Turistforening som står bak UT.no.
Hausten 2021 gjekk dei saman for å gi turfolk kunnskap om korleis ein kan ferdast i nasjonalparkar og verneområde på ein naturvennleg måte.
– Vi når årleg svært mage turfolk gjennom UT, seier Trond Espen Haug, rådgjevar for naturforvaltning i DNT. Han ser det som viktig å kunne informere om hendingar i naturen som folk bør ta omsyn til.
Gjennom varslingstenesta på UT.no kan fotturistar få meldingar om spesielle forhold ein må ta omsyn til. Varselet for Knutshø er eit slikt obs-varsel.
Knutshøe-situasjonen er likevel ei spesiell sak for DNT fordi slik informasjon normalt ikkje blir offentleggjort. Nå er det mange som kjenner til at det er ørn i området, og dei har difor valt å informere, og dermed oppmode til å ta omsyn.
Etter kvart håpar dei å etablere liknande obs-varsling for heile landet.






AUKANDE: Sommaren 2016 viste ferdselsteljaren på Knutshø 6500 besøkjande. I 2021, frå då videoen er teken, var det nesten 13300 passeringar.
Velkjend løyndom
Ifølgje Sveen har ornitologar ikkje vore i tvil om at ferdselen har påverka kongeørna.
– Etter kvart som Knutshøe vart meir populær, så auka trafikken og ørna vart meir og meir sjeldan å sjå i reiret.
Viss fotturistane ventar til etter 1. juli kan det bli plass til både turistar og kongeørn på Knutshøe, ifølgje nasjonalparkforvaltaren.
I SVEVA: I området rundt Knutshøe har det vore kjent kongeørnrevir i fleire tiår. Kongeørn har vore ein freda rase de siste 55 årene. Biletet er frå Drivdalen i Oppdal kommune i Trøndelag.
Foto: Åsmund LoeNyklekt kongeørn toler nemleg ikkje at foreldra blir skremde og held seg borte frå reiret.
– Den første fasen er veldig sårbar, når ungane ikkje har skikkeleg fjørdrakt. Dei er veldig utsette for å fryse i hel, men dei er også utsette for å kunne bli for varme når det er varmt, og dei må dessutan ha mat ofte.
Sveen er klar på at dei ikkje kan forby folk å gå i området rundt Knutshøe, men dei håpar oppmodinga bidreg til at turistar tek omsyn.
Dei har likevel møtt kritikk for å avsløre eit område der kongeørn oppheld seg. Likevel er dei mest bekymra for konsekvensen av høg trafikk i hekkesesongen.
– Vi har diskutert om det er rett å seie at det er kongeørn der. Men det er ein ganske velkjend løyndom, så haldninga vår har vore at vi må i alle fall prøve å få til ein konstruktiv dialog.
TIDLEG FARBART: Heile elleve nasjonalparkar ligg heilt eller delvis innan for grensene av Innlandet fylke. Nasjonalparkforvaltar Kari Sveen fortel at Knutshøe er lett tilgjengeleg og mogleg å nå utan ski allereie tidleg i sesongen.
Foto: Ingvild Øyjordet
Sårbart
Ornitolog og kongeørnekspert, Ottar Folkestad, seier det er om lag 1200–1400 territorielle par i Noreg.
Altså, kongeørnpar som har eit område dei held seg innanfor–heile livet, heile året.
– Det er sjeldan dei bryt bandet med kvarandre. Dei er langliva, og det er ein uomtvisteleg fordel at fuglane kjenner sitt eige området og maken sin.
Kongeørn får ungar i snitt kvart andre år. Vanlegvis frå dei er 5–7 år til dei nærmar seg 20-årsalderen. Så kan rovfuglen leve vidare til han blir rundt 40 år.
Om det blir eit godt år, med mange avkom, avheng av om fuglane har nok byttedyr. Og om foreldra får vere i fred ved reiret.
– Det har vist seg at kongeørna er sårbar for forstyrringar. og spesielt forstyrringar før ungane er tre- fire veker gamle.
Dei fleste egga klekkjer frå siste veka i april og utover i mai. Dermed er det sannsynleg at det finst relativt nyklekte ungar i reira i området rundt Knutshøe.
Viss kongeørna blir forstyrra, er den vanlegaste reaksjonen at dei skyr reiret. Då blir avkommet overlate til seg sjølv.
– Og jo tidlegare det er, jo større sjanse er det for at dette skjer.
VAKTAR REIRET: Ornitolog Ottar Folkestad seier at når ungane til kongeørna klarer seg betre sjølv, er rolla til foreldra å vakte reiret. Og verne avkommet viss det blir nødvendig.
Foto: Norsk ornitologisk forening
STØRST: Dei som nå heilt sidan byrjinga av denne saka har lurt på kva rovfugl som er den aller største her i landet, svaret på det er havørn.
Foto: Nina Didriksen / NRK