Hopp til innhold

Ine tek med hundane sine inn i klasserommet – skal gjere lesing mindre skummelt

Elevane les for Foxine (9) og Borvo (3). Det kan vere betre enn å lese for vaksne, seier forskar.

Ine Rosland med lesehunder

POPULÆRT: Alle elevar er velkomne til å lese med hundane, men kontaktlærar Ine Rosland må passe på at alle får høve til å gjere det.

Foto: Åshild Slåen / nrk

På Toten Montessoriskole har elevane to firbeinte klassekameratar. I ein halvtime om gongen tek kontaktlærar Ine Rosland med dvergpudlane sine, Foxine og Borvo, inn i klasserommet.

Begge har vore på kurs og fått opplæring som lesehundar.

Det heile starta for sju år sidan, då ho gradvis introduserte ein hund for barna.

– Det var så populært! For at alle barna skal rekke å få lese for ein hund i løpet av ein økt var det betre å ha fleire hundar, seier Rosland.

Lesehund

ERFAREN: Foxine (9) har i fleire år hjelpt folk, både som besøkshund og som lesehund.

Unger som leser for hund.

RO: Både hundane og barna er rolege når dei les, men det er likevel morosamt.

Hanna (11) leser for lesehund.

BLITT LETTARE: Hanna (t.v.) er ikkje lenger like redd for hundar, og har blitt betre på å lese. No kan ho trygt lese høgt, og nokre gonger får ho gå tur med hundane.

Senkar hjarterytma

Læraren har drive med besøkshundar og servicehundar i fleire år, så det var eit naturleg steg å inkludere dyra i leseopplæringa. Ho meiner det fungerer som ein god motivasjon for barna.

– Hunden er roleg og trygg. Då senkast hjarterytmen, og ein kan gjere litt skumle ting, som å lese når ein er nybegynnar.

Og barna trur det er fleire måtar hunden er eit betre publikum enn vaksne.

– Hunder er meir stille enn vaksne, det er gøy å lese for dei, seier Ellinor (8).

  • Lesing vil alltid vere ein viktig ting å lære, men andre ting går kanskje i gløymeboka?

Lesetiltak utan stigma

Forskar Andreas Reier Jensen ved Universitetet i Agder har leidd fleire studiar som ser på det å bruke hund i leseopplæringa. Dei nyaste funna blir publisert på nyåret.

I forskinga ser han ein svak positiv effekt på spesifikke ting som leseflyt og kor lenge dei les. Forståinga til eleven skil seg også ut. Hunden vurderar nemleg ikkje kor flinke barna er, på same måte som ein vaksen.

Andreas Reier Jensen

LOVANDE: Det har vore fleire studiar av kor godt lesehundar fungerer i Noreg, og dei siste funna i ein større undersøking vil bli publisert på nyåret etter fagfellevurdering.

Foto: Privat

– Når dei les for hunden er det ikkje same type instruksjon, noko som gjer at dei får med seg meir av innhaldet i teksten, seier Jensen.

At tiltaket også ofte er populært har fleire positive sider.

– Det blir ikkje den same segregeringa mellom elevar som det kan bli med spesialpedagogiske tilbod.

Han legg likevel ikkje skjul på at det kan vere utfordringar med å ta hund inn i klasserommet. For at det skal fungere må det vere rett type hund, med opplæring og hundeførar, saman med eit pedagogisk opplegg for sjølve læringa.

  • Nokre gonger må ein vere kreativ for at alle skal kunne få god skulegang.

Ein stille lyttar

For Hanna (11) har det definitivt hjelpt å lese for hundane. Før var ho litt redd for hundar, og likte ikkje å lese høgt, men ein lesehund blir noko anna.

– Hunden rettar ikkje på deg, og han får deg ikkje til å føle at du ikkje kan noko.

Og ho ser heilt konkrete betringar i uttala si når ho les.

– Før så sa eg «og», og no seier eg «å», fortel ho fornøgd.