Hopp til innhold

Bente er «nomadelærar» – pendlar for at skular ikkje skal bli lagt ned

Fleire gonger i veka køyrer kjemilæraren fem mil mellom to skular for å halde liv i dei så lenge som mogleg.

Bente Hårstad

LASTAR INN: Bente Hårstad farter mellom to skulestader for at elevane skal få fordjupe seg i kjemi. Her lastar ho inn kjemiutstyret i bilen sin. Det tar rundt 45 minutt å køyre frå den eine skulen til den andre.

Foto: Even Lusæter / NRK

Jon Håkon Lia og to klassekameratar riggar seg til for kjemitime på Dombås. Samtidig loggar lærar Bente Hårstad seg på ein PC i eit anna klasserom på Otta, 5 mil unna.

Der har ho seks elevar og nå møtest alle ni på nettet.

Dette gjer Hårstad for at elevane kan få bu heime, og sleppe lang reiseveg. I staden bruker ho som lærar tid på å reise frå skule til skule.

Lærar Bente Hårstad underviser elevar på Otta og Dombås samtidig

PÅ VEGGEN: Lærar Bente Hårstad underviser elevar på Otta og Dombås samtidig. Det vil seie at nokon får undervisning i klasserommet, andre følgjer med via skjerm. Hårstad reiser også mykje mellom skulane slik at alle skal få den same undervisninga.

Foto: Even Lusæter / NRK

Bakteppet er at elevtalet i vidaregåande går ned i heile landet. Spesielt får dette følgjer for skular i distrikta, der skuleklassar kan bli lagde ned dersom dei har for få søkjarar.

I Nord-Gudbrandsdal sikrar nettundervisning og nomadelærarar som Bente, at det enn så lenge er vidaregåande skule i tre nabokommunar.

Men – dei lever med kniven på strupen. Førre veka la fylkeskommunen ned sju studietilbod berre i Innlandet.

  • For nokon ungdommar seier det stopp. Kvifor vel så mange å slutte på vidaregåande?

Full konsentrasjon

Gjennom heile den lange skuletimen frå 14 til 15.30 sit elevane på Dombås og Otta heilt stille og følger med når Bente underviser.

Den som skrapar med stolen eller mister ein penn i golvet øydelegg for lyden, så her får læraren full merksemd. Dette er dei drilla på.

– Elevane er så disiplinerte og flinke. Eg elskar faget mitt, seier ho.

Elevane ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande hadde nettundervisning i klasserommet, lenge før covid-19 sende elevane heim og lærarane landet rundt måtte undervise på Teams.

– Det går heilt fint, seier Jon Håkon.

Jon Håkon Lia, Sofie Hole Norderhus og Dina Hjerkinn er heile kjemiklassa på Dombås.

NØGDE: Jon Håkon Lia, Sofie Hole Norderhus og Dina Hjerkinn er heile kjemiklassa på Dombås. Dei synest det går fint.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han er ein aktiv elev som stiller spørsmål, og svarar på spørsmåla lærar Bente stiller frå Otta.

– Men det er viktig at Bente også kjem til Dombås ein gong i veka. Da sit vi rundt eit bord og snakkar om kjemi, og gjer praktiske forsøk. Noko som er vanskeleg å få til på nettet, seier han.

For Jon Håkon er det viktig at han kan halde fram med å bu heime på Lesja. Til Dombås er det berre 15 km, til Otta blir det ein tur på 65 km ein veg.

AVSTANDAR: Bente pendlar mellom Dombås og Otta, slik at elevar på begge plassar skal få undervisning i kjemi. Det gjev gode resultat.

Rektor er også «nomade»

Bente Hårstad er ein av fleire lærarar frå Nord-Gudbrandsdal Vidaregåande som både har nettundervisning og køyrer imellom lærestadene.

Ho får ingen spesiell kompensasjon for det. Ho gjer det fordi ho ser at elevane har utbytte av det.

– Elevane her må jo også få tilbod om fag som gjev realkompetanse til å søkje vidare på tekniske fag og medisin. Men opplegget krev at elevane er motiverte og har stor sjølvdisiplin.

Ho får støtte av rektor Kristin Undseth, som og fartar mellom tre skulestader.

– Lærarane våre gjer ein stor innsats for at vi skal lykkast med å gje både breidde og kvalitet til elevane. Men sidan det blir for dyrt å ha ein faglærar på så få elevar, er det naudsynt.

Portrett av Kristin Undset, rektor Nord-Gudbrandal vidaregåande skule

ROSER LÆRARANE: Rektor Kristin Undset roser lærarane som gjer ein innsats for at elevane i Nord-Gudbrandsdal skal få eit best mogleg studietilbod

Foto: Even Lusæter / NRK

Få elevar – gode resultat

Sjølv om det blir mykje reising, gjev den tette oppfølginga gode resultat.

Elevane på studiespesialiserande i Nord-Gudbrandsdal har gode karakterar, høgare enn snittet.

Men det kviler ei skugge over måten skulane her er organisert på.

Prognosar frå Utdanningsdirektoratet viser at det frå 2025 til 2030 blir 500 færre 10.-klassingar i Innlandet. Og det skjer ikkje berre her.

Over heile landet blir det færre elevar i åra som kjem.

Men det er i utkantar det slår hardast ut.

Nokre elevar frå eller til, kan bety kroken på døra for klasser og linjer.

Førre veke la fylkestinget ned sju studietilbod i Innlandet frå hausten 2022, fordi elevgrunnlaget er for dårleg.

Gruppeleiar i Ap, Hans Kristian Enge, la fram kuttforslaget. Han legg ikkje skjul på at det blir utfordrande å drive skule i åra som kjem.

– Å ha studiespesialiserande i mange kommunar som ligg nært kvarandre, som i Nord-Gudbrandsdal, kan bli for dyrt, seier Enge.

Hans Kristian Enge, gruppeleder for Arbeiderpartiet i fylkestinget i Innlandet.

STILLER SPØRSMÅL: Hans Kristian Enge (Ap) stiller spørsmål ved å ha vidaregåande opplæring så mange stader.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Annleisfylket Nordland

NRK har gjort ei undersøking blant alle fylka om kva som skal til for at linjer og skular blir vidareført – eller lagt ned.

Alle har eigne ordningar for minimumstal i vidaregåande.

Det vil seie kor mange elevar dei krev for at eit tilbod skal starte opp. I eit par fylke har dei ikkje noko klar grense. Faglege og distriktspolitiske vurderingar blir gjort frå skule til skule.

NRK forklarer

Kor mange elevar må til for at ei linje skal starte opp?

Fylka har ulike ordningar

Vi i NRK har kontakta alle fylka for å høyre kor mange elever som skal til for at ei linje i vidaregående skule startar opp.

Dei ulike fylka har ulike modellar dei arbeider etter. Det er lokale forskrifter som er rådande i disse spørsmåla.

Her følgjer ei kortfatta oversikt over dei ulike fylka. (Oslo og Viken har ikkje svart på spørsmåla fra NRK.)

Agder

Fylket har fleire føringar for tilbod vidaregående skule. Til dømes står nærskuleprinsippet sterkt, og alle elever på VG1 skal som eit utgangspunkt kunne bo heime.

Langs kysten ligg skulane tett. I innlandet er det meir grisgrendt, og der er det elevar som bur på hybel eller hos familie.

Fylkeskommunen har som eit prinsipp at det skal vere 60 prosent oppfylling av ei klasse for å sette i gang eit tilbod. Det køyres fleire prøveinntak for å finne rett dimensjonering av tilboda innafor den gitte ramma. For å møte næringslivets og søkjaranes behov har fylkeskommuna lågare terskel for å starte opp kombiklassar med ulike yrkesfag hvis det ikkje er nok søkjarar i distrikta.

Innlandet

I Innlandet er det ein normtallsmodell som gir føringar for kva for utdanningstilbod som skal starte opp.

Fylkestinget vedtek kvart år i oktober, kva for tilbod som skal starte for det komande skuleåret.

Målsettinga er å finne ein god balanse mellom nasjonale mål, samfunnets behov og søkjaranes ønskjer. Etter at søknadsfristen er gått ut, skal Utval for utdanning vedta kva for tilbod som skal setjas i gang på grunnlag på antall søkjarar. 

I dag er minimumstalet 9 for yrkesfag og 18 for studiespesialisering.

Møre og Romsdal

Som ei rettesnor er minimum inntakskapasitet sett til 65 prosent av vedteke kapasitet i fylkesstrategi for vidaregåande opplæring.

Det er likevel slik at i nokre tilfelle kan ein gå bort frå regelen om 65 prosents oppfylling, og tilbodet kan bli sett i gang med lågare oppfyllingsgrad.

Rogaland

Alle klasser under 70 prosents oppfylling skal vurderast særskilt. Distriktsskulane er utfordringa.

Kvart år gjer inntaksnemnda ei vurdering. Det er ei politisk nemnd, sett ned av fylkestinget. Regelen gjeld for alle skular, men nemnda kan gjere unnatak for tilbod i distrikta.

Vestland

Fylket har eit krav om 85 prosents oppfyllingsgrad for at eit tilbod skal starte opp. Men dette blir gjort med skjønn.

Mellom anna ser ein til arbeidslivet sitt behov for kompetanse og arbeidskraft. Det er politisk vedteke at den eksisterande skolestrukturen skal vere som i dag. 

Trøndelag

Har ingen grenser for inntak. Temaet var oppe til diskusjon da dei to Trøndelagsfylka vart slått saman. Da vart det bestemt at det skulle arbeidast for å ha eit godt vidaregående tilbod i hele fylket.

Men - som for andre fylker er det ei utfordring med små skular på små plassar med lite elevgrunnlag. Det er ofte slik at politikarane vedtek at tilbud skal halde fram, sjølv om fylkesrådmannen foreslår å leggje dei ned. 

Nordland

Nordland opererer med tre kategoriar minimumstal.

1: Under 250 elevar: 11 for studiespesialisering og 7 for yrkesfag

2: Over 250 elevar: 16 for studiespesialisering og 9 for yrkesfag

3: Over 600 elevar: 20 for studiespesialisering og 11 for yrkesfag

Direktør for skule i Nordland fylkeskommune, Nina Ellingsen Høiskar,
seier dei må ta omsyn til dei ulike regionane i Nordland. Til dømes har dei dei fortsatt musikklinje tre stader, sjølv om det er for få elevar på tilbodet.

Troms og Finnmark

Fylket baserer seg på minimumstal og inntaksforskrift. Inntaksforskrifta er basert på dei nasjonale normtala for klasser. I Troms og Finnmark har dei ulike minimumstal. Troms har 8 på yrkesfag og 15 på studieforbereende, Finnmark har 7 henholsdsvis 7 og 15. 

I Troms er minimumstala i hovudsak fulgt. I Finnmark er det annleis. Men vanlegvis går dei bort frå minimunmstala i tilfelle der det kun er eitt tilbod i fylket. 

Vestfold og Telemark

Har tett samarbeid med skulane om kva for moglegheiter som er til stades for å starte opp eit studietilbod. Ønskjer som ein hovudregel ikkje å starte opp tilbod med færre enn fem søkjarar.

Andre kriterier: 

1. Ser annleis på tilbod på bygda enn i byane. Det er større sjanse for at eit tilbod starter opp utanfor dei store byane.

2. Ser og på om det er det einaste tilbodet i fylket. Hvis det er fleire like tilbod, kan det vere aktuelt å ikkje starte opp fleire stader ved låg søkjing. Hvis det kun er eitt tilbod, vil terskelen vere låg for å starte opp. 

I Nordland har dei organisert seg ulikt frå dei andre fylka. Her har dei tre ulike nivå for minimumstal. For skular med mindre enn 250 elevar, er det nok med 11 elevar for å starte ei klasse på studiespesialisering.

– Å starte og legge ned klasser er ein sak politikarane vil ha hand om. Det er ein måte å sikre skular i alle regionane våre, seier direktør for skole i Nordland fylkeskommune, Nina Ellingsen Høiskar.

Der har dei til dømes halde ved lag musikklinje tre stader, sjølv om det er for få elevar på tilbodet i høve til minimumstalet.

Nomadelærar Bente på Otta er klar på at ho gjerne fartar mellom, dersom det blir elevar fleire stader i åra som kjem.

– Eg vil at dei skal lære kjemi anten dei bur her eller der, seier ho.