Hopp til innhold

– Pappa, nå håpar eg du ser på

Ein rørt programleiar overleverte storslagen gåve til Mjøsmuseet.

Programleiar Jeannette Platou.
Foto: Skjermdump / NRK

Under eit direkteintervju med direktøren på Mjøsmuseet på Sommeråpent i går kveld, hadde programleiaren Jeannette Platou med seg ei sjeldan gåve.

Farfar til programleiar Jeannette Platou var i si tid med på det store restaureringsarbeidet etter at Skibladner gjekk ned under opplag ved Minnesund i 1967.

Historisk gåve

– Den gongen var det krise, seier direktøren i Mjøsmuseet Arne Julsrud Berg.

Selskapet hadde ikkje pengar til å heve skipet, og det såg mørkt ut. Men forsvaret tok jobben med å heve skipet, og Platou og hans arkitekter tok jobben med å teikne om båten og gjera alt det konsulentarbeidet som må gjerast for å få båden i stand.

Og på direkte på sommeråpent i går hadde programleiaren med seg ei stor overrasking til Mjøsmuseet.

– Dette er originale, handteikna teikningar frå 1967 frå farfar og som min familie gjerne vil gje til dykk i Mjøsmuseet, sa den tydeleg rørte programleiaren Jeannette Platou.

Og Mjøsmuseets leiar Arne Julsrud Berg visste å setja pris på gåva.

Jeannette Platou med seg ei sjeldan gåve.

MJØSMUSEET mottok gåve frå familien til programleiar Jeannette Platou.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

–Ei fantastisk flott gåve, takk skal du ha. Dette er veldig viktig dokumentasjon for oss, sa Julsrud Berg, til stor applaus frå dei frammøtte.

Det var arkitektfirmaet Platou i Oslo som tok konsulentjobben med å teikne opp att Skibladner. Og firmaet har da tatt vare på teikningane.

Svanen som ikke ville dø

Ei brikke som mangla

– Dette er teikningar vi ikkje har frå før, seier direktøren i Mjøsmuseet.

Han seier at museet sit på det meste frå arkivet til Skibladner, men at desse teikningane har mangla.

– Det var veldig moro, for Skibladner er unik, og det er viktig å få sikra all dokumentasjon rundt båten. Den tekniske historia til båten er veldig viktig i eit internasjonalt perspektiv, seier Arne Julsrud Berg i Mjøsmuseet.

Gave til Mjøsmuseet

MJØSMUSEET mottok gåve frå familien til programleiar Jeannette Platou.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

– Kva skjer med gåva no?

– Desse teikningane går inn i arkivet på Mjøsmuseet, og vi kjem nok også til å avfotografere dei og bruke dei i formidlinga.

Museumsdirektøren seier at det viktigaste med gåva er dokumentasjonen.

– Nå veit vi kva som skjedde med båten i 1967-68, og det er viktig for oss. seier Julsrud Berg.