Å kome i kontakt med ein Nav-rådgjevar på telefon kan ta fleire dagar.
Over 80 prosent av kontora har berre opent ti timar eller mindre i veka for dei som kjem utan avtale. Fleire kontor er også heilt stengt.
Det viser ei landsomfattande kartlegging frå Helsetilsynet, som blei publisert i oktober i år.
Helsetilsynet ser alvorleg på situasjonen. Dei meiner det er stor risiko for at ikkje alle får den hjelpa dei har krav på til rett tid.
FOR DÅRLEG TILGJENGELEGHEIT: Rapporten frå Helsetilsynet viser at store kommunar (meir enn 20 000 innbyggjarar) hadde litt meir ope enn små kommunar (under 5 000 innbyggjarar). 61 av 70 kontor hadde opent ti timar eller mindre i veka, for personar som kjem utan å ha avtale på førehand. I 11 av kontora var mottaket heilt stengt.
Foto: Terje Pedersen / NTBSikringsnettet i samfunnet
Nav-kontoret er den siste staden innbyggjarar kan ta kontakt for å få hjelp til mat, straum og andre heilt grunnleggjande ting.
Over tid har Helsetilsynet fått meldingar om at dei sosiale tenestene har vorte mindre tilgjengelege.
– Spesielt frå våren 2017 har vi sett at fleire reduserte opningstidene, seier seniorrådgivar Rigmor Hartvedt i Helsetilsynet.
Helsetilsynet har samanfatta funna frå dei 70 norske kommunane som er kartlagt. Dei meiner resultata gir eit godt bilete for heile landet.
OPE FOR SKJØNN: Hartvedt påpeikar at det ikkje er sikkert at alle Nav-kontora må ha lik opningstid. Fleire Nav-kontor har ei ringeklokke brukar kan ringje på når kontoret er stengt. Dersom dette skal vere ei god løysing, er det avgjerande at Nav-kontoret har eit system som gjer at døra blir opna og brukar kjem inn og får hjelp, meiner ho.
Foto: Pressefoto / Statens helsetilsynNettopp fordi Nav skal vere samfunnets sikringsnett meiner Helsetilsynet det er særleg viktig at det skal vere mogleg for den enkelte å få kontakt.
Det er ikkje nødvendigvis tilfelle i dag, viser rapporten.
I fleire mindre kommunar er publikumsmottaka heilt stengde. Nokre stader er det berre mogleg å ringje inn via Nav kontaktsenter.
I ein rapport frå 2021 konkluderte Helsetilsynet med at fleire forhold ved Nav kontaktsenter nærast hindrar folk i å få hjelp.
– Vi har framleis ein veg å gå
Rapporten frå Helsetilsynet kjem i ei tid kor mange har ein vanskeleg privatøkonomi.
Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) tar rapporten frå Helsetilsynet alvorleg. Ho seier regjeringa er opptekne av eit sterkt sikringsnett for dei som treng det mest.
– Dei som har behov for sosiale tenester er ofte i vanskelege livssituasjonar, og for nokon er behovet akutt. Det stiller krav til korleis det enkelte Nav-kontoret sikrar tilgjengelegheita.
SKAL VERE MOGLEG Å FÅ KONTAKT: – Dersom opningstida er avgrensa for møter utan avtale, må kommunen på anna måte sikre at brukarane får varetatt sitt behov for hjelp, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBDet står i Hurdalsplattformen at regjeringa vil gjere Nav meir tilgjengeleg. Ministeren fortel at dette arbeidet er i gang.
Blant anna har Arbeids- og velferdsdirektoratet sendt brev til alle kommunar der dei presiserer at det skal vere mogleg med fysisk oppmøte på NAV- kontoret, både med og utan avtale.
Direktoratet har og bedt fylkesdirektørane i Nav om å følgje opp spørsmålet om opningstidene i Nav-kontora framover.
Uklart kva som er «tilgjengeleg nok»
Den enkelte kommune og Nav fylke bestemmer sjølv opningstida til Nav-kontoret. Når det gjeld opningstider finst ikkje klare føringar på kva som er «tilgjengeleg nok».
Men Helsetilsynet er likevel tydeleg i konklusjonane sine.
– Det er stor risiko for at brukarane ikkje får dei tenestene dei har krav på til rett tid, seier Hartvedt.
Spesielt kan personar som ikkje snakkar norsk, manglar digitale ferdigheiter eller har utfordringar med rus eller psykisk helse stå i fare for å ikkje få god nok hjelp.
Helsetilsynet kjem no med tilrådingar til kommunar, direktorat og departement. Mellom anna foreslår tilsynet at opningstidene ved Nav-kontora skal evaluerast.
I tillegg blir kommunane bedne om å ta eit større ansvar for at førespurnader på telefon blir svart på.
– Vi skal følgje med på kva som skjer vidare, avsluttar Hartvedt.
Les heile rapporten her.
Får det til å fungere
Nav Vågå har ikkje opent publikumsmottak. Dei meiner likevel dei har funnet løysingar som fungerer.
Alle som oppsøker Nav blir møtt i kommunens servicetorg, fortel Nav-leiar i Vågå Magnhild Vole.
Det er alltid Nav-tilsette på jobb til å ta i mot dei som er heilt nye for Nav, og til å handtere akutte situasjonar.
– Då tar servicekontoret kontakt med oss, og så gjør vi ein vurdering av om vi skal sette opp ein timeavtale eller om det er så akutt at vi må ta det no.
Nav Vågå har også gjort det lettare å komme i kontakt ved å vere opne om direktenummer, e-postadresser og ved å vere meir til stade hos samarbeidspartar.
– Vi har tenkt at viss vi skal stenge for tilfeldige besøk, så er det viktig at dei som skal nå oss opplever oss som tilgjengelege.
STENGT PUBLIKUMSMOTTAK: På www.nav.no står det at mottaket til Nav Vågå er stengt. Nav-leiar Magnhild Vole seier at besøkande vert godt varetatt av servicetorget. Servicetorget har ope måndag – fredag frå 07.30 – 15.00.
Foto: PRIVAT