Første OL på Snapchat

LILLEHAMMER (NRK): Onsdag er det 100 dagar att til Ungdoms-OL på Lillehammer. Arrangøren skaper historie ved å vere det første OL på Snapchat.

Magne Vikøren

Kommunikasjons- og marknadssjefen for Ungdoms-OL gler seg over å vere første OL på Snapchat.

Foto: Privat

Ungdoms-OL på Lillehammer, som startar 12. februar 2016, blir historisk fordi dei blir første OL med eige Snapchat-konto. Det kjem i tillegg til at dei er på Instagram, Twitter og Facebook.

Magne Vikøren

Ungdoms-OL satsar på emneknaggen #lillehammer2016 på Instagram og Twitter.

Foto: Lars Bilit Hagen / NRK

Kommunikasjons- og marknadssjef i Ungdoms-OL, Magne Vikøren, meiner dei ulike mediaene gjev ulike moglegheiter for kommunikasjon med folk.

– På Snapchat kan me vere mindre høgtidlege og ha litt meir glimt i auget. I motsetning til Twitter, der me har ein informerande og meir offisiell kommunikasjonsmåte, seier Vikøren.

Lillehammer2016 har berre vore på Snapchat ein knapp månad, men dei forventar å få mange følgjarar.

Får skryt av sosiale medium-ekspert

Høyskolelektor og ekspert på sosiale medier ved Handelshøyskolen BI, Cecilie Staude

Cecilie Staude er ekspert på sosiale medium, ho synast Ungdoms-OL gjer ein god jobb med å vise seg fram på sosiale medium.

Foto: Torbjørn Brovold / BI

Ekspert på sosiale medium, Cecilie Staude er imponert over korleis Ungdoms-OL har brukt sosiale medium, og meiner dei kan vere eit førebilete for andre.

– Eg synest Ungdoms-OL på Lillehammer kan vere til inspirasjon for andre aktørar. Dei er flinke til å bruke dei kanalane folk flest er på, og fyller dei med engasjerande innhald, seier Staude.

Ho meiner det er viktig å henge med i folk sine medievanar, for å møte folk der dei er.

Håper på eige "event"

Sidan Snapchat vart lansert i 2011, har nye effektar og tilleggsfunksjonar blitt lagt til. Ein av dei har vore Live Story, som er direktebilete frå arrangement og byar over heile verda. Ungdoms-OL har vore i kontakt med Snapchat om å bli eit slikt arrangement i løpet av OL-perioden.

– Håpet er å bli eit event, men vi veit og at nålauget er smalt for å bli nettopp det. Me er i dialog med Snapchat om moglegheita for å bli eit slikt event, men ingenting er klart foreløpig, seier Vikøren.

Tidlegare har Oslo vore ein del av Snapchat si Live Story, i tillegg vart russetreffet i Stavanger eit bilete-delande arrangement i mai i år. Russetreffet i Stavanger er eit døme på eit event eller arrangement som ein kan sjå på snapchat. Da kan ein sjå bilete og filmar lagt ut av andre brukarar.

#Lillehammer2016

Kjetil Jansrud sin Instagram

Det er fleire som bruker sosiale medium for å marknadsføre OL. Dette la Kjetil Jansrud ut på sin instagram-konto onsdag.

Foto: Skjermdump

Bruk av emneknagg er ikkje nytt innanfor sportsverda, men under Ungdoms-OL vil oppfordring til bruk av emneknaggen vere ein del av innramminga av sportsstadionet.

– På dei ulike sportsarenane vil ein finne banner og dekorasjon med emneknaggen #lillehammer2016. Det er for å skape engasjement rundt arrangementet, og tilskodarane som er til stades er dei beste til å kunne spreie det engasjementet.

Ungdoms-OL arrangerast frå 12. til 21. februar 2016.