Hopp til innhold

Flisa-saka: Politiet har gjort DNA-funn på mogleg drapsvåpen

Politiet har funne DNA frå fleire personar på våpenet dei meiner vart brukt til å drepe ein mann i 70-åra på Flisa i desember. Ei kvinne i 70-åra er sikta.

Flisa 3

SPOR: Politiet fann det dei meiner er drapsvåpenet i fritidsbustaden til paret på Flisa i Åsnes.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Det er funne DNA frå den sikta, avdøde og eit vitne i saka på våpenet, seier politiinspektør Henning Klauseie i Innlandet politidistrikt.

Politiet har tidlegare opplyst at mannen som vart funnen død 30. desember, døydde av eit skot i hovudet.

Mannens sambuar, ei kvinne i 70-åra, er sikta for drap.

Det var avisa Østlendingen som først omtalte saka.

Nektar straffskuld

Den sikta kvinna nektar straffskuld. Onsdag denne veka vart ho lauslaten frå varetekt fordi politiet meiner faren for tap av bevis er redusert.

Årsaka er at politiet meiner å ha funne det dei trur er drapsvåpenet.

Flisa 2

Politiet slo drapsalarm først to veker etter att mannen døydde.

Foto: Frode Meskau / NRK

Det vart funne i eit våpenskap i fritidsbustaden til sambuarparet på Flisa i Åsnes.

Ifølge Klauseie har kvinna sagt i avhøyr at ho ikkje hugsar å ha flytta på noko våpen.

Naturlege DNA-spor

Forsvarar Helge Hartz er ikkje overraska over DNA-funnet.

– Vitne har forklart at den sikta skal ha vist dei våpenet, og at ho har lagt det i våpenskapet. Då er det jo heilt naturleg at ho etterlèt seg DNA, seier han.

Helge Hartz

Helge Hartz forsvarar den drapssikta kvinna i 70-åra.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

– Det berre stadfestar kva vitne har forklart om min klient. Etter mitt skjønn svekker dette heilt klart saka mot min klient, seier forsvararen til NRK.

Han trur mannen som blei funnen død, tok livet sitt, noko politiet også har presentert som ein teori.

Tre teoriar

DNA-funnet fører ikkje ei stor endring i saka. Mistankegrunnlaget mot kvinna er det same, ifølge politiet.

Politiinspektør Klauseie seier dei jobbar ut frå tre teoriar om korleis mannen døydde.

Politiinspektør Henning Klauseie i profil

Politiinspektør Henning Klauseie seier det er vanskeleg å seie noko om når DNA frå kvinna hamna på våpenet. Det er noko etterforskinga må finne svar på.

Foto: Frode Meskau

Den eine teorien er at mannens sambuar har ansvar for at han er død, at ein ukjend person har det, eller at det ikkje har skjedd noko straffbart i det heile.

– Politiets vurdering er framleis at det er meir sannsynleg at ho har eit strafferettsleg ansvar for dette enn det motsette, seier Klauseie.

Etterforskinga framover må mellom anna avklare når kvinna sitt DNA kom på det politiet meiner er drapsvåpenet.

Uventa dødsfall

Det var tidleg laurdag 30. desember i fjor politiet i Innlandet vart varsla om eit uventa dødsfall i ein fritidsbustad på Flisa i Innlandet.

Den avdøde vart sendt til obduksjon.

Etter å ha fått den førebelse obduksjonsrapporten 11. januar, slo politiet drapsalarm.

Drap Flisa

Mannen døydde i parets fritidsbustad på Flisa i Innlandet i romjula.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Det vart funne ei kule i hovudet til mannen, men ingen våpen i nærleiken, ifølgje politiet.

Mannens sambuar, ei kvinne i 70-åra, vart pågripen og sikta for drap.

Sidan midten av januar har ho vore varetektsfengsla, men denne veka vart ho lauslaten.

Les også Hittil i år har Innlandet startet fem drapsetterforskninger – kan føre til flere henleggelser

Drap Grue

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen