Hopp til innhold

Gjorde mirakelredning i alpane – blir testa på skred i Noreg

Det vesle søkeverktøyet finn mobiltelefonar på fleire kilometers avstand, også dei som er utanfor dekningsområde. – Det kjem situasjonar der denne blir avgjerande.

Bilde frå ein redningsaksjon i Frankriket der ein mobil telefondetektor fann ein mann som var tatt av snøskred.

Ein familiefar på trugetur i alpane vart tatt av eit snøskred og låg nedgrave i nesten tre timar. Mannen vart funnen ved hjelp av signal frå mobiltelefonen. Eit nytt søkeverktøy får mykje av æra for at det gjekk bra.

Foto: GENDARMERIE DE LA SAVOIE

Det pip og vibrerer i det vesle søkeverktøyet. To søylediagram gjer kraftige utslag, og bilde av ein mobiltelefon blinkar på skjermen.

– Her er det sterke signal, og retninga er sånn!

Han som brukar utstyret gjer ein handbevegelse innover fjellet og går.

Albert Lunde er tidlegare politimann, snøskredekspert og ein av landets mest erfarne innan fjellredning.

Nå skal han på vegne av Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning teste ut det nye søkeapparatet for mobiltelefonar.

Håndholdt søkeenhet testes ut i Norge

Dei nye politihelikoptera har hatt liknande peileutstyr sidan 2019, men det er fyrste gong berbart utstyr blir prøvd ut i søk.

Foto: Even Lusæter / NRK

Den vesle detektoren har fått namnet Wolfhound Pro, og skal kunne søke opp mobiltelefonar på fleire kilometers avstand, også fleire meter under snøen.

Mirakelet i dei franske alpane

Peileutstyret som finn mobiltelefonar vart for fyrste gong testa ut på snøskred i dei franske alpane tidlegare i år. Ein mann på trugetur med familien vart tatt av snøskred, og hundre redningsmenn deltok i leitinga.

Les også: Opplevde Skredmarerittet

Etter å freista radarreflektorar og skredsøkarar, var det til slutt mobilpeilaren som lokaliserte mannen, 2,5 meter under snøen, melder Franceinfo.

Å bli funne i live etter nesten tre timar i snøen, blir av redningsmannskapet skildra som eit mirakel. Den franske redningstenesta gav mobilpeilaren mykje av æra for at det enda godt.

100 redningspersonar deltok i søket etter familiefaren som ble tatt av et snøskred i dei franske alpane.

100 personar deltok i ein svært krevjande leiteaksjon i dei franske alpane 28. januar i år.

Foto: Gendarmerie de la Savoie

Tidlegare var peileutstyret berre brukt til søk etter sakna personar i terrenget, og dette var fyrste gong det vart testa i skred, skriv redningsmannskapet på si facebookside.

Etter den sensasjonelle redningsaksjonen i alpane, fekk det mobile peileutstyret stor internasjonal merksemd.

Tid er avgjerande

Frå 2010 til 2020 omkom 69 personar i snøskredulykker i Noreg. Så langt i 2021 har heile ni personar mista livet, dei fleste av dei er skikøyrarar. Tida er avgjerande for å redde folk ut av skredmassene i live.

Søk etter at et snøskred gikk over skiløypa i Leirdalen i Jotunheimen.

Store leitemannskap deltok då eit snøskred gjekk over ei populær toppturrute i Leirdalen i Jotunheimen i vår. Ofte er det uvisst om nokon er tatt av skredet. Og eit mobilsignal frå området, vil gje leitemannskapa mykje informasjon.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Dei fleste har ein mobiltelefon, og det er det vi utnyttar her. Framskrittet er at komponentane har blitt så små at du kan ha dei i neven og koma raskt inn til ein ulykkesstad, seier Lunde.

Les også: Sakna person funne med drone

Mange blindtestar

Testane i Jotunheimen held fram, og nokre hundre meter lenger inn i fjellet får Lunde signal frå apparatet om at mobiltelefonen vi søker er svært nær.

Nasjonalt senter for fjellredning testar ut nytt søkeutstyr.

Dette er det fyrste mobile peileutstyret som blir testa i Noreg. Dei fyrste testane som er gjennomført ser lovande ut, seier Lunde. Her gjer Albert Lunde og Dag Inge Bakke seg kjent med det nye utstyret.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Om dette var eit reelt søk ville eg bede mannskapet om å finne fram søkeutstyret her, seier Lunde.

Berre 2 meter unna finn han den nedgravne mobiltelefonen.

Det er berre nokre dagar sidan den fyrste søkeeininga kom til Noreg, men Albert Lunde har allereie mange testtimar bak seg.

Om testane er vellykka, håpar han den nye detektoren kan bli ein del av verktøykassa til leitemannskap rundt om i landet.

Luftambulansen vil teste det ut

På blindtesten er også redningsmann på luftambulansen, Christen Tellefsen. Han meiner dette kan bli eitt av dei viktigaste tekniske hjelpemidla for å finne folk i snøskred.

Christen Tellefsen, redningsmann på luftambulansen, Dombås.

Christen Tellefsen er redningsmann på luftambulansen og har tilgang på mykje tekniske hjelpemiddel for å finne folk. Nå ynskjer han å teste ut mobiltelefonpeilaren.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Det er framleis slik at auga våre er det viktigaste verktøyet. Men i eit snøskred der vi ikkje får kontakt med sender- og mottakarutstyr, kan dette bli eit svært viktig verktøy, seier Tellefsen.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen