Hopp til innhold

Fare for storflaum over heile landet

Mykje snø i fjellet gjer at det er stor fare for øydeleggjande vårflaumar i alle landsdelar. NVE bed kommunane førebu seg

Flom i Sel i Gudbrandsdalen

SEL I GUDBRANDSDALEN: Store vassmengder under vårflaumen i 2011.

Foto: SCANPIX NORWAY / NRK

– Vi snakkar om ein type vårflaum som kan gjere skade på infrastruktur og anna, seier Inger Karin Engen. Ho er hydrolog i Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) og jobbar med flaumvarsling.

I ei ny analyse varslar NVE at faren for flaum på oransje nivå er stor i dei alle fleste vassdraga i Noreg.

Inger Karin Engen

VARSLAREN: Inger Karin Engen er hydrolog i NVE og føl nøye med på flaumutviklinga.

Foto: Stig Storheil / NVE

Oransje nivå er det nest høgaste varslingsnivået til NVE og gjeld for flaumar som kan gje alvorlege skader.

– Det er i nord at sjansen er størst for skadeleg vårflaum, seier Engen.

NVE har rekna ut at risikoen for stor vårflaum i Nord-Noreg er på over 90 prosent.

Men også i resten av landet er det større fare enn normalt.

– Vanlegvis reknar vi sjansen for ein flaum på oransje nivå til rundt 20 prosent. I år er sjansen for ein slik flaum på over 50 prosent i dei fleste elvene som kjem frå indre strok.

Mykje snø i fjellet

På Storåsen ved Sjusjøen måler Ellen Hagen snødjupna på oppdrag frå NVE. Ho er ei av mange i eit stor nettverk av lokale observatørar som rapporterer inn til direktoratet.

Ho fortel at det er vanleg med mykje snø i fjellet her, men at vinteren i år likevel skil seg ut:

– Djupna i år ligg litt over gjennomsnittet, men mengda vatn i snøen er rekordhøg.

Ellen Hagen måler snødjupna ved Sjusjøen

DJUP SNØ: Ellen Hagen driv med hytteservice og brøyting på Storåsen ved Sjusjøen. I tillegg måler ho snødjupna for NVE kvar fjortande dag.

Foto: Even Luseter / nrk

NVE har målt snømengdene i fjellet kvart år sidan 1958. Berre fem år tidlegare har det vore like mykje eller meir snø enn det er i år. Sist var vinteren 2000, for tjue år sidan.

– Eg har berre drive sidan 2012, seier Hagen, men ho som dreiv her før fortel at ho heller aldri har sett så hardpakka snø som det vi har i år.

Dei mange periodane med store snøfall, avløyst av mildvêr og regn før det har frose på igjen, har gjort at snøen i år held på svært mykje vatn, forklarer Hagen.

Det inntrykket blir stadfesta av hydrologen i NVE:

– Dei store snømengda i fjellet i år har uvanleg stort vassinnhald, fortel Inger Karin Engen.

No oppmodar ho både folk og styresmakter om å førebu seg på ein våt vår:

– Ein må nok alt no byrje å redde unna ting ein er redd for og ikkje lagre ting for nære elvar og vatn. Kommunane må i tillegg syte for å halde naturlege avløpsvegar, samt kulvertar og kummar opne.

Store snømengder på Vikafjellet

VIKAFJELLET: Februar 2020.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Krevjande midt i koronakrisa

Asbjørn Lund er beredskapssjef hos Fylkesmannen i Innlandet, og har ansvaret for å samordne kommunane sitt beredskapsarbeid. Han har hendene fulle med å takle koronasituasjonen, men veit samstundes at det er mykje snø i fjellet.

–Vi er smerteleg klare over at vi kan få fleire utfordringar oppå alt det vi står i no, seier Lund.

Han fortel at Fylkesmannen er godt rusta for å handtere ein storflaum, men er klar på at det kan bli utfordrande å få ein flaum på toppen av koronakrisa.

–Vi kan potensielt få ein situasjon der vi har færre ressursar tilgjengeleg, og sentrale personar kan blir sjuke eller bli flytta til andre oppgåver. Samstundes har vi ein stor ressursbank vi kan nytte oss av. Fleire av verksemdene i fylkesberedskapsrådet, til dømes Nav, må nyttast dersom det skulle bli naudsynt, seier Lund.

Også ordførar Eldri Siem i Sel er uroleg med tanke på ein kommande storflaum.

Eldri Siem, ordfører i Sel kommune (Sp)

UROLEG: Eldri Siem er ordførar i Sel. Kommunen vart tidleg hardt råka av koronakrisa, og har hatt over 1000 personar i karantene.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

Kommunen i Gudbrandsdalen er hardt råka av koronasmitte, og situasjonen er krevjande både for hjelpeapparat og folk flest:

– No handlar det om å halde folk friske. Vi står midt i ei uoversiktleg tid, og dersom mange blir utslitne av koronasituasjonen no, kan ein stor vårflaum bli skikkeleg kritisk.

Vêret blir avgjerande

Ifølge NVE er det mest truleg at vårflaumane startar i slutten av april i dei større vassdraga i Sør-Noreg, og frå midten av mai i Nord-Noreg.

Men dei kan komme både tidlegare og seinare, alt etter korleis vêret blir framover.

Inger Karin Engen i NVE viser til at vi har hatt flaumar langt ut i både juni og juli tidlegare.

– Det kan skje i år også dersom våren blir kjølig.

Størst fare for flaum er det dersom vi får varmeperiodar kombinert med nedbør, seier Engen.

– Då kan vi få svært store vårflaumar også i område langt nede i vassdraga.

Men ho legg til at dersom det blir mildt vårvêr utan varme og nedbør, så får truleg vårflaumen normal storleik.

Engen oppmodar folk til å halde seg oppdatert på nettsida varsom.no

Flom ved Frognerstranda Camping ved Årnes 2018

FLAUM: Frognerstranda Camping ved Årnes under vatn i 2018

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix