Hopp til innhold

Grisebonden greidde ikkje be om hjelp

NORD-AURDAL (NRK): Han sleit med å ta vare på dyra, men visste ikkje kva han skulle gjere. Eit innlegg på Facebook endra alt.

Knut Ødegaard

SLEIT: Bonden fekk altfor mange dyr og greidde ikkje ta vare på dei. Han vil bli flinkare til å be om hjelp framover, seier han.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Knut Ødegaard frå Leira i Valdres har drive med frittgåande fjellgris på Stølsvidda i Valdres i tretten år. Saman med kona Ragnhild Mobæk har han bygd opp eit heilt livsverk rundt grisane.

Omfanget og etterspurnaden har auka år for år, for stadig fleire nordmenn vil ha norsk mat

Men i haust frykta han at alt var forgjeves.

– Eg trudde at vi var ferdige. At vi aldri kom til å få seld ein einaste kjøtbete til, og at vi måtte emigrere frå bygda, seier Ødegaard.

Griser på stølen i Valdres

FAMILIEBEDRIFT: Knut Ødegaard saman med familien og nokre få av over tusen griser som levde eit fritt liv på fjellet sommaren 2020.

Foto: Geir Randby / nrk

Fleire grisar døydde

I midten av september blei det oppdaga seks daude grisar i fjellet. Mattilsynet oppretta sak som framleis held på.

Avdelingssjef, Astrid Ham i Mattilsynet, fortel at det for dei er tre hovudfokus i saka:

– Vi ser på forhold som dyrevelferd, dyrehelse og mattryggleik. Vi har ein god dialog med bonden i denne saka, seier ho.

Ham seier det som har skjedd i dyrehaldet oppe på fjellet er eit alvorleg brot på dyrevelferdslova. Ho vil ikkje uttale seg om kva konsekvensar saka kan få for bonden, men seier at tilhøva er meir under kontroll nå når grisane er nede frå fjellet.

– Sidan det heilt akutte i dyrevelferda her er over, er det dette med mattryggleiken og dyrehelsa vi ser på no, seier Astrid Ham.

Knut Ødegaard på si side seier at han samarbeider godt med Mattilsynet.

– Dei har vore veldig proffe og enkle å ha med å gjere, både lokalt og regionalt. Dei følger oss opp tett, og det er bra, seier han.

For mange gris

Bonden seier problema starta då det vart oppdaga salmonella på ein av grisane under ein rutinekontroll på slakteriet.

Det gjorde at det vart full slaktestopp i over sju veker. Når det blir oppdaga salmonella i dyr som skal nyttast til mat, set Mattilsynet i verk restriksjonar og prøvetaking etter eigne instruksar. Årsaka er at salmonella ikkje er vanleg i Noreg, og at det difor er naturleg å sette i verk strenge tiltak når det blir oppdaga.

Samstundes som dette skjedde skulle over 1000 gris ned frå fjellet. Dermed hopa det seg opp, både på fjellet og på garden Øygarden.

Og på fjellet byrja det å bli kaldt.

– Det var alt for mange gris og arbeidsmengda vart for stor for ein mann. Eg skulle ha bedt om hjelp tidlegare, seier Ødegaard.

Grisebønder i Valdres

SAMAN I KRISA: Knut Ødegaard og Ragnhild Mobæk har hatt mange tunge stunder i haust. No ser dei lysare på framtida.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Han fortel om arbeidsdagar på opp mot 20 timar i døgnet, og han såg ingen ende på det.

Kona Ragnhild Mobæk fortel om ei vanskeleg tid.

– Det har gått frå vondt til verre heile hausten. Til slutt gjekk det heilt gale, og det er vondt å stå i.

Vanskeleg å få hjelp

Knut Ødegaard er klar på at det er hans ansvar at dyra døydde.

– Eg hadde ikkje planlagt godt nok for den situasjonen som oppstod. Og det er berre min feil. Det er eg veldig lei meg for. I tillegg var eg alt for sein med å be om hjelp.

Han syntest det var vanskeleg å spørje om hjelp og ville greie seg sjølv. Men då ekteparet på Øygarden til slutt prøvde å få tak i hjelp via ulike aktørar i landbruket, vart dei berre meir fortvila.

Ragnhild Mobæk

TØFF TID: Ragnhild Mobæk fortel at arbeidsmengda blei for stor, og at dei blei hengande etter med alt. Både dyra og kundane i nettbutikken vart ikkje følgt opp godt nok.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Vi sat saman, Ragnhild og eg, og prøvde å finne ut kven vi kunne ringe. Men korkje Bondelaget eller avløysarringen hadde gode svar på kor vi kunne vende oss, hevdar Ødegaard.

Sjølv har dei aldri hatt bruk for hjelp tidlegare, men trudde ting var meir på stell.

– Det har jo lenge vore fokus på psykisk helse i landbruket. Det er veldig urovekkande at system og rutinar ein trudde var på plass ikkje fungerer, seier Ragnhild Mobæk.

Innlegg på Facebook

Etter at det blei funne daude griser på fjellet, fann ekteparet på Øygarden ut at dei måtte fortelje folk korleis dei hadde det. Eit langt innlegg på Facebook snudde alt.

Det dei trudde skulle ende i avbestillingar og kroken på døra enda i det motsette.

Fjellgris facebookinnlegg 1

Ødegaard la ut dette innlegget på facebook-sida deira.

Fjellgris, face innlegg 2

Ødegård la ut dette innlegget på facebook-sida deira.

Facebookinnlegg fjellgris

Tilbakemeldingane strøyma på.

– Folk viste sympati og forståing, fortel Raghild Mobæk. Dei skreiv at dei forstod at dette kunne skje i ein slik situasjon som vi var hamna i. Det var utruleg godt.

Folk ville framleis ha fjellgris på julebordet, og fleire meldte seg til å hjelpe til på garden.

– Venner byrja å kontakte oss og lurte på kvifor vi ikkje hadde sagt ifrå tidlegare, fortel Knut Ødegaard. Så kom det ein dugnadsgjeng, og mange flotte folk frå Etnedal som ville ta i eit tak. Folk eg ikkje kjente. Det var heilt utruleg.

Knut Ødegaard

MITT ANSVAR: Det var mi skuld at grisane døydde, seier Knut Ødegaard. No håper han på ei framtid for merkevara «Fjellgris frå Valdres".

Foto: Arne Sørenes / nrk

Etter kvart meldte også kommunelegen seg, og ekteparet fekk kontakt med psykisk helsevern i kommunen.

No har dei fått tak i arbeidshjelp på garden, og ser litt lysare på framtida.

–Men vi må framleis rydde opp i dei siste tinga med Mattilsynet. Og det blir veldig travle dagar fram til jul. Men det skal gå, seier Ødegaard.

Neste år satsar han på å ha færre grisar på fjellet og betre system for å handtere kriser.

– Og så må eg vere flinkare til å be om hjelp om eg treng det. For det største bygdedyret sit ikkje i bygda, det sit inni hovudet til bonden, smiler han.

Ikkje godt nok system

Kristina Hegge er fylkesleiar i gamle Oppland Bondelag. Ho seier ein treng eit betre system for å kunne hjelpe bønder som slit, etter det har vore fleire slike saker i Innlandet.

– Slik det er i dag blir det for tilfeldig kor godt det fungerer på ulike stader ut ifrå kor godt nettverk den einskilde bonde har, seier ho.

Kristina Hegge

SAUEBONDE OG BONDELAGSLEIAR: Kristina Hegge er leiar for Oppland Bondelag. Ho driv med sau på garden heime i Biri.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Derfor jobbar bondelaget no saman med Innlandet Fylkeskommune og Norsk Landbruksrådgivning om å få på plass ein mal for å sikre at bønder som treng hjelp blir møtt på same måte.

– Vi må sikre at systema fungerer slik at det ein ikkje er avheng av einskildpersonar for å få hjelp. For det er hjelp å få, legg ho til, sjølv om det kan vere vanskeleg å sjå når ein står midt oppe i problema.

Flere saker fra Innlandet