Desse grisane er blitt ekstra populære i koronakrisa

Dei 1000 grisane har endeleg kome seg til fjells for sommaren. Dei er blitt ekstra ettertrakta, for to av tre seier dei er meir opptekne av norsk mat no.

Griser i Valdres

TIL FJELLS: På stølen i Valdres kan grisane gå fritt. – Dei et det dei vil og så mykje dei vil, seier Knut Ødegaard.

Foto: Geir Bernhard Randby / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I årevis har Knut Ødegaard teke med grisane sine på stølen i fjellet om sommaren. Ein gamal tradisjon i bygder over heile landet, og i Valdres spesielt.

– Dei går fritt og rører på seg så mykje dei vil. Dei gjer det dei vil, rotar i det dei vil, et det dei vil og så mykje dei vil, seier bonden.

Nordmenn vil ha norsk mat

Då koronaviruset kom til Noreg i slutten av mars merka Ødegaard ei enorm auke i salet til privatpersonar.

– Dei vil kjøpe ting som er trygt og som ein kjenner opphavet til. I tillegg vil folk støtte norsk landbruk og støtte opp om dei som prøvar å lage ei næring her i Noreg framfor å importere, seier bonden.

Annechen Bahr Bugge ved Oslo Met har forska på norske etevanar sidan 90-talet.

Annechen Bahr Bugge

NORSK MAT: Forskar, Annechen Bahr Bugge seier vi har mykje tillit til matproduksjonen i Noreg, og vil ha norsk mat.

Foto: Eivind Røhne / OsloMet

I undersøkingar dei har gjort svarer to av tre at dei er meir opptekne av at maten er norskprodusert no enn før koronakrisa kom til Noreg.

– Vi vart meir merksame på at matforsyninga vår ikkje var så robust som vi likar å tru. Vi vart meir matpolitiske bevisste og vi vart meir takksame for dei som bringar mat frå jordet, åker og fjøs til bordet, seier forskaren.

– Veldig bra kjøt

Grisane til Ødegaard lev fritt på eit stort område høgt til fjells om sommaren og er stort sett ute heile året heime og. Dei et gras og halm. Og så får dei eit eigeprodusert kraftfôr som er laga på berre norske råvarer.

Det gir ekstra godt kjøt, ifølge Jan Strøm Larsen, som er sjef for slaktarbutikken Strøm-Larsen på Torshov i Oslo.

Jan Strøm Larsen

KVALITET: Jan Strøm Larsen seier kjøtet til fjellgrisen blir ekstra bra når grisen går fritt.

Foto: Martin Skjæraasen

– Det er ei god historie med grisane som går oppe i fjellet. Det gjer at kjøtet blir saftigare og dei får lov til å ha litt meir feitt. Det som er for magert blir sjeldan ei stor smaksoppleving, seier Strøm Larsen.

Kolibri Kolonial i Oslo tar også inn mykje kjøt frå fjellgrisen. Christopher Holm som driv butikken seier korleis grisane har det har mykje å seie for kvaliteten.

– Ein kjenner det på smaken. Det er så fint at grisen går ute. Ein er kanskje vand med at grisen står inne og får fôret sitt. Dette er ein heilt annan tilnærming til smak, kvalitet og dyrehald, seier han.

Christopher Holm utenfor Kolibri Kolonial

STOLT: Christopher Holm i Kolibri kolonial seier han er stolt over å kunne selje norsk kvalitetsmat.

Foto: Privat

Interessa vil halde fram

Fleire av grisane som no kosar seg på fjellet i Valdres er allereie blitt førehandsbestilte av kundar som vil ha kjøtet til hausten.

Bonde Knut Ødegaard trur interessa for lokalmat berre vil auke.

– Eg trur det blir heilt enormt til hausten. Eg trur sjølvberging og det å skaffe sin eigen mat er noko mange har begynt å tenke på, seier Ødegaard.

Griser på stølen i Valdres

TRADISJON: Grisane har vore på stølen om sommaren i mange år. F.v. Olea, Birger, Sigrid, Knut Ødegaard og Ragnhild Mobæk.

Forskar Annechen Bahr Bugge er heilt einig i det. Interessa for norsk mat har vore aukande gjennom heile 2000-talet.

I undersøkingar dei har gjort svarer åtte av ti at dei helst vil ha norskprodusert kjøt. Og halvparten er spesielt opptekne av at det dei kjøper er norsk.

Ingen svarer at dei helst vil ha utanlandske landbruksprodukt.

– Forbrukaren har veldig høg tillit til norsk matproduksjon. Vere seg bruk av medisinar, sprøytemiddel, dyrevelferd med meir, seier Bahr Bugge.

Status Norge

Sist oppdatert: 15.08.2020
357
Siste uke
8
Innlagt
261
Døde