Hopp til innhold

Varslar om seksuell trakassering i folkemusikkmiljøet

Folkemusikkmiljøet vil ta tak i vulgær framferd i eigne rekker. Over femti personar har signert eit debattinnlegg.

Annbjørg Lien

STØTTAR SAKA: Felespelar og folkemusikar Annbjørg Lien har skrive under debattinnlegget i sympati og støtte til dei som har vore utsett for seksuell trakassering i folkemusikk- og folkedansmiljøet.

Foto: Janne Aateigen / NRK

– Det er viktig å ha kontroll på maktstrukturar i alle miljø. Dessutan er folkemusikkmiljøet tradisjonelt sett eit mannsdominert miljø, seier felespelar og folkemusikar Annbjørg Lien.

Ho er ein av 58 personar i folkemusikk- og folkedansmiljøet som har signert eit debattinnlegg i Aftenposten. Der skriv dei at «Me må opne augo for seksuell trakassering i folkemusikken og folkedansen».

I innlegget skriv dei mellom anna:

«I dei seinare åra har det kome fram ei rekke skakande historier om kvinner som har vore utsett for valdtekt eller forsøk på valdtekt. Som utan varsel har røynt svært støytande og ubehagelege tilnærmingar og opplevingar. Somme har også vore utsett for verbal trakassering, vald og andre audmjukande opplevingar.»

Debattinnlegg i aftenposten 17. november 2020

I teksten visast det til at tvilsam og vulgær oppførsel og verbale utsegn blir bortforklart med latter og humor, og det står også som følger:

«Me finn ei dyrking av enkeltpersonar og gjev dei løyve til å oppføra seg annleis enn andre.»

Debattinnlegg i aftenposten 17. november 2020

Ordknappe om saka

NRK har vore i kontakt med fleire som har signert oppropet. Få av dei har ynskje om å uttale seg, og dei som først gjer det er ordknappe.

Folkesongar Mari Midtli frå Sel, musikar Selma French Bolstad, og folkemusikar Knut Aastad Bråten støttar alle oppropet.

– Dette er eit samfunnsproblem som gjeld i alle miljø. Då må også folkemusikkmiljøet erkjenne at dei har eit medansvar for å gjere noko med det, seier Knut Aastad Bråten.

Selma French Bolstad er samd.

– Dette er viktig å ta tak i, og det er viktig å vise at me kan vere eit miljø som slår ring om dei som har blitt utsett for trakassering, heller enn dei som trakasserer, seier ho.

Koreograf og dansar Silje Onstad Hålien har også skrive under debattinnlegget, fordi ho meiner det er viktig å skape openheit for å varsle.

– Me opplevde at det var litt stille på folkemusikkfronten då det rørte seg i andre miljø. Det er veldig viktig å adressere dette, og stå saman for å støtte dei som har opplevd slike ting, seier Hålien.

Silje Onstad Hålien

STØTTAR: Koreograf og dansar Silje Onstad Hålien er ein av dei 58 som har skrive under debattinnlegget for å vise støtte til dei som har opplevd større eller mindre grad av trakassering.

Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz / FolkOrg

Meiner autoritetar utnyttar

Folkemusikar, dansar og komponist Vegar Vårdal i Kultivator AS meiner det er viktig for både folkemusikk-Noreg og folkedans-Noreg å vere klar over at det skjer uønskte handlingar, og at ein ikkje må tru at seksuell trakassering ikkje skjer.

Vegar Vårdal, musiker

OVERTRAMP: Folkemusikar, dansar og komponist Vegar Vårdal meiner autoritetar gjer overtramp i folkedans- og folkemusikkmiljøet.

Foto: riksscenen.no

– Det finst dessverre mange autoritetar innanfor folkemusikkmiljøet som også veit korleis dei kan bruke autoriteten på ein måte som ikkje er bra, seier Vårdal.

Vårdal er pedagog, og har gjennom mange år høyrt om trakassering. Han veit at det skjer, men ikkje i kor stor grad.

– Eg er også inne i situasjonar der eg må hjelpe og støtte folk som har vore utsett for dette, seier Vårdal.

I debatt-teksten blir det bedt om at Norsk senter for folkemusikk og folkedans set i gang strakstiltak. Det blir skrive at det trengst «ein strategi på vegner av Folkorg, Noregs Ungdomslag og andre folkemusikkorganisasjonar. Gjerne i samråd med Creo.»

– Me veit at organisasjonane har jobba med dette sidan metoo-debatten, men me ynskjer dei skal legge endå meir vekt på det, og jobbe endå meir med ei haldningsendring innanfor organisasjonane i det frivillige organisasjonslivet, seier Vårdal.

Anerkjenner problemet

Direktør Ellen Krageberg i Norsk senter for folkemusikk og folkedans seier ho stiller seg bak initiativet om at kulturen må endrast, og seier det er eit «spark bak» at såpass mange har signert oppropet som vart publisert i Aftenposten.

Saka skal takast opp på styremøte på senteret alt i dag.

Ellen Krageberg

ALVOR: Ellen Krageberg er direktør i Norsk senter for folkemusikk og folkedans seier at dei i senteret tek saka på alvor. Saka skal takast opp på styremøte på senteret alt i dag.

Foto: Privat

– Me anerkjenner at folk i folkedansen og folkemusikken har sine historier med overtramp, og også kanskje saker som er lovbrot. Me ynskjer å vere med på laget og sørge for at det blir færre slike hendingar i framtida, seier Krageberg.

Til spørsmålet om kva strakstiltak som kan gjerast svarer ho at det er mange forskjellige aktørar innanfor folkemusikk og folkedans. Krageberg viser til at mange av desse alt har sine eigne retningslinjer og rutinar.

Ho meiner dei nå bør ta problemet opp i debattar, på kurs og på seminar. Å kartlegge risikofaktorar, ved «å sjå på miljøets karakter», er også noko Krageberg meiner kan vere viktig.

– Det som er aktuelt for oss på senteret er å samlast gjennom førebyggande og haldningsskapande kulturarbeid. At me set ein tydeleg felles standard for korleis me skal omgå kvarandre, seier Krageberg.

Flere saker fra Innlandet