– Tidenes signering i norsk handball

Luc Abalo, som har tatt åtte meisterskapsgull med Frankrike, skal kommande sesong spele handball for Elverum. Han kjem frå Paris Saint-Germain.

TOPSHOT-HANDBALL-WORLD-2017-FRA-SLO

Frankrikespelar Luc Abalo under det 25. IHF Men's World Championship i 2017.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

– Eg hadde aldri trudd eg skulle spele i Noreg i løpet av mi karriere, men dette var utfordringa som venta på meg utan at eg visste det, seier Abalo.

I ei pressemelding frå klubben seier han at han valde Elverum framføre andre klubbar som har kontakta han.

– Eg spelte mot Elverum for Paris Saint-Germain i Håkons Hall. Atmosfæren, iveren frå dei norske supporterane og velkomsten me fekk hjelpte meg også i vurderinga. Det er slike augneblink eg ynskjer å oppleve på ny, seier Abalo.

Strålande nøgde

I Elverum er ein strålande nøgd med å ha sikra ein eittårsavtale med franskmannen som går under kallenamnet «Skywalker».

– Dette er sprøtt og heilt enormt for oss. Det er den største spelarovergangen i norsk handball nokon gong, det er eg sikker på, seier sportssjef Nils Kristian Myhre til TV 2.

– Dette er me veldig nøgde med. Det er noko heile handballeuropa kjem til å legge merke til, og i Elverum-målestokk er dette ei heilt unik signering, seier han til NRK.

TV 2 sin handballekspert Bent Svele seier ham ikkje imot.

– Det er uverkeleg. Eg trudde ikkje det var mogleg å hente ein slik kapasitet til norsk klubbhandball. Dette er i særklasse tidenes signering i Noreg. Han er ei verdsstjerne, og det blir ein fest å få ein slik spelar til Noreg, seier Svele til TV 2.

– Sjuk signering

Abalo har 262 landskampar for Frankrike og har vunne 12 medaljar, deriblant åtte gull til saman i OL, VM og EM. 35-åringen har som mål å avslutte landslagskarrieren si med eitt tredje OL-gull.

Han har spelt for Paris Saint-Germain i åtte sesongar, dei tre siste saman med Sander Sagosen.

– Ei rimeleg sjuk signering, seier Sagosen.

Sportssjef Myhre seier klubben håpar signeringa kan vere med å bidra til at Elverum og Noreg får ein plass i komande sesong EHF Champions League.

– Signeringa av Abalo er ei stor anerkjenning av den jobben som er gjort i Elverum både på og utanfor banen dei siste åra, seier Myhre.

– Målet er det same som før han kom. Me ynskjer å grunnfeste posisjonen som det beste laget i Noreg, og ynskjer å gjere det stadig betre i Europa, seier han til NRK.

Takkar for støtte

Myhre vil ikkje gå ut med kva overgangen for spelaren kostar klubben.

– I norsk målestokk er Luc Abalo sjølvsagt ein kostbar spelar, men i forhold til kva han er vane med å tene, så har han ei veldig moderat lønn i Elverum, seier han til NRK.

Abalo seier at han skal gjere alt for at Elverum skal vere eit lag som vinn handballkampar.

– Elverum har eit ungt lag, og eg vil kunne ta med mi erfaring inn, både i seriespelet – men først og fremst i Europa. Me skal gjere alt me kan for å ikkje vere ein outsider, seier Abalo.

– Eg ynskjer å takke heile Elverum by, alle i klubben, sponsorar – samt Sander Sagosen for deira støtte, seier han.

Stort for laget

Elverum-spelarane fekk sjølv nyheita om at Luc Abalo skal spele for Elverum rundt klokka 18.00 i kveld, etter trening. Det var overraskande for mange.

– Når eg ser reaksjonen til spelarane, så er eg sikker på at det vil motivere alle dei som er der. Me håper det betyr mykje for dei yngre spelarane og rekrutteringa i Elverum handball å få ei slik verdsstjerne på nært hald, seier Myhre til NRK.

Luc Abalo skal vere på plass i Noreg frå september, og skal spele førstkomande sesong. Myhre seier dei har brukt tid på å forsikre Abalo at han veit at det er forskjell på Paris og Elverum.

– Det har han skjønt, og som han seier, han kjem hit for å sove, trene, og gjere eit maksimalt arbeid for å vere ein del av den franske OL-troppen i OL i Tokyo, seier Myhre og understrekar at dette er noko dei som klubb støttar.

– Det vil vere ei stor stjerne for oss å sitte og følge med han på TV-skjermen når han er i Tokyo, sjølv om me kjem til å heie på det norske landslaget dersom dei møter Frankrike, seier han.