Hopp til innhold

Rudolf (18) snikrar for framtida

Han satsar på noko så sjeldan som å bli tradisjons­handverkar. Nå vil Riksantikvaren ha fleire som han.

Rudolf Sarromaa snekrer på Dovre

ARBEIDSGLEDE: Rudolf Sarromaa (18) har alltid likt å snikre, skjere og sy. Lærlingen lar seg ikkje skremme av å måtte jobbe lange dagar aleine. Godt handverk tar tid.

Foto: Even Lusæter / NRK

Høgt oppe i den bratte lia over fjellbygda Dovre, arbeider Rudolf Sarromaa lange dagar, mest for seg sjølv. Her bygger lærlingen ny veranda på ei hytte i tradisjonell stil.

– Dette er det aller beste eg veit. Å bruke både hender og hovud. Det har eg likt frå eg var ein liten gut, seier Rudolf.

18-åringen har snikra sidan han var 8 år og fekk prøve seg i verkstaden til bestefar sin.

No er det nok å gjere. Både i Dovre og andre kommunar i Innlandet, som har flest freda og verna hus av alle fylka.

Rudolf Sarromaa og Steinar Moldal snekrer i Dovre

LÆRLING OG MEISTER: Steinar Moldal har vore snikkarlærar og meister på ei handverksbedrift i snart 30 år. Han vil ha fleire slike som Rudolf inn i yrket.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ny strategi for handverk

Mengda med hus som treng restaurering og reparasjon veks. Medan talet på handverkarar går ned. Og det gjeld for heile landet. Spesielt stor mangel er det i Nord-Noreg og på Vestlandet.

Det manglar murarar og målarar. Og det manglar folk som kan tradisjonshandverk i tømrarfaget. I tillegg til at det blir utdanna veldig får til ei rekke små handverk som er i ferd med å forsvinne. Som treskjerar og smed.

Det stadfestar Steinar Moldal som har hatt handverksfirma i 30 år.

– For kvart år blir vi færre som kan restaurere gamle hus med hjelp av dei gamle handverksfaga, seier han.

Også Riksantikvaren er bekymra. Difor er dei i gang med å lage ein ny handverksstrategi som skal vere klar i 2024.

Strategien skal i hovudsak ta for seg korleis ein skal sikre at fleire vel å utdanne seg innan tradisjonelle handverk. Og kva som skal til for at dei skal bli i yrket.

Slik svarar elevar ved Hjerleid Handverksskole på Dovre:

Hjerleid-handverkarmangel
Even Lusæter / NRK

Sara Tietgen

- En synes skular som dette er ein god måte å få fleire til å jobbe i bransjen.

Hjerleid-handverkarmangel
Even Lusæter / NRK

Hans Gutubø

- Det kunne kanskje vore reklamert meir for slike skular og satsa meir på dei.

Hjerleid-handverkarmangel
Even Lusæter / NRK

Edvard Alexander Aasen

- Om ein er skolelei så er det kanskje lurt å gjere noko praktisk.

Hjerleid-handverkarmangel
Even Lusæter / NRK

Torgeir Auråen

- Om det hadde vore fleire handverksskuler så hadde det blitt fleire handverkere også.

Berekraft og klimaendringar

Riksantikvaren rår årleg over 450 millionar til vern av freda kulturminne. I tillegg kjem alle kyrkjene som treng vedlikehald. Regjeringa har sett av 10 milliardar kroner i eit nytt fond til å bevare kulturhistorisk viktige kyrkjer dei neste tiåra.

– Men det hjelp ikkje med pengar, om vi ikkje har folk til å gjere jobben, seier avdelingsdirektør Turid Kolstadløkken hos Riksantikvaren.

Ho har først og fremst ansvar for freda eller verna bygg og kulturminne. Men ho meiner det er gode grunnar til å ta vare på alle gamle hus.

Turid Kolstadløkke. Avdelingsdirektør hos Riksantikvaren

Berekraft: Avdelingsdirektør Turid Kolstadløkken hos Riksantikvaren leier arbeidet med ein ny handverksstrategi. – For å få ned klimautsleppa må nybygginga ned. Vi må heller ta vare på dei husa vi har.

Foto: Riksantikvaren

For å få ned klimautsleppa må nybygginga ned. Vi må heller ta vare på dei husa vi har. For det andre blir husa våre også merka av klimaendringane. Slitasje og forfall skjer raskare. Byggemarknaden er i endring, og oppdraga på rehabilitering er aukande.

Desse faktorane gjer det viktig å bygge opp kompetanse på eldre bygningskonstruksjonar. Nå håper ho at den nye strategien skal gje eit svar på korleis ein kan få fleire folk inn i dei tradisjonelle handverka.

Les også Sliter med å finne godt nok tømmer til restaurering

Garmo stavkirke - Maihaugen

Byggebransjen

Byggenæringa er heilt på line med Riksantikvaren.

Nina Eidem leier Bygg og Bevar, ei avdeling hos Byggenæringas landsforeining som skal bidra til at eldre bygningar blir forvalta, brukt og sett i stand på ein god måte.

–Vi har snart bygd dei husa vi skal bygge. Det er semje i byggebransjen om at vi heller må bruke og bygge om att hus og materialar.

Nina Elisabeth Eidem dagleg leiar i Bygg og Bevar


Eidem meiner at marknaden for rehabilitering vil vakse, og at fleire etablerte handverkarar difor må lære seg det som trengst for å ta vare på eit gammalt hus.

– Vi er i ferd med å få ei renessanse for handverket, seier ho. Og vil oppmode fleire til å orientere seg inn mot dei tradisjonelle faga, også dei som driv eller arbeider for ordinære byggefirma.

I dag finnast det mellom anna vidareutdanning på Fagskular og NTNU har eit tilbod om bachelor i tradisjonshandverk. Og mange museum tilbyr kurs for dei som vil spesialisere seg innan gamle handverkstradisjonar.

Frå laftehallen på Hjerleid Handverksskole

HJERLEID HANDVERKSSKOLE: I laftehallen går arbeidet for fullt. I år har skolen 65 elevar, og ei stor gruppe av dei vel lafting og snikring som fag.

Foto: Even Lusæter / NRK

Starte tidleg

Rudolf Sarromaa har læretida si som elev ved Hjerleid Handverksskole. Her har han fått vise kva han kan, og lære meir av det han er mest interessert i.

– Og det er nok ein fordel å ha drive mykje med det før. Det er akkurat som med musikk. Skal du bli god må du starte tidleg og øve og øve, seier Rudolf.

Han får støtte av rektor Helle Hundevadt. Gjennom dei 20 åra ho har leia handverksskolen på Dovre har ho erfart at elevane som har vore borti handverk før, kan ha ein stor fordel.

Difor ivrar ho for å få meir handverksfag også i grunnskolen. Og ho gjer noko med det.

Neste år startar «Sløydskolen» på Hjerleid, eit kurs for kunst- og handverkslærarar i grunnskolen.

Helle Hundevadt, rektor Hjerleid Håndverksskole

REKTOR: Helle Hundevadt har leia Hjerleid Handverksskole i 20 år. Neste år tilbyr ho sløydundervisning for kunst-og handverkslærarar i grunnskolen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Utfordrar kommunane

Ifølge læreplanane for grunnskolen kan kommunane velje å tilby t.d. sløyd i ungdomsskolen. Og på statsbudsjettet har regjeringa foreslått å løyve 127 mill. kroner til ei tilskotsordning for utstyr og læringsarenaer for meir praktisk, variert og relevant læring i skulen.

– Men det skjer ingen ting før det skjer i kommunane, seier stortingsrepresentant Kari Anne Jønnes (H).

Ho oppmodar kommunepolitikarane til å ta tak.

– Om dei ikkje sørger for at det er tilbod om handverksfag, enten i skolen eller i kulturskolen, da går handverksfaga framtida usikkert i møte.

Kva synes du om tradisjonshandverk?

Les også Skrikende behov etter håndverkere som Magnus (23)

Magnus Hesthaugen er utdannet tømrer.

Flere saker fra Innlandet

BLEI OPPRINGT: Einar Tøndel ringde til 113 etter at han hadde snakka med sambuaren sin som var ein av dei fem i campingvognene.

Vart ringt av sambuaren under campingvogn-dramaet: – Ein frykteleg situasjon

Sjur og Jon Einar Høystad begge med gevær over skulderen.

Omfattende bjørneangrep i beiteområde