Hopp til innhold

To jenter redda hund ut av brennande campingvogn

Campingvogna brann opp på nokre minutt.

Brann i campingvogn ved Osensjøen i Trysil

OVERTENT: Campingvogna stod raskt i full fyr, og var bortimot nedbrent. – Ei campingvogn blir overtent på eit blunk, seier eigaren av campingplassen.

Foto: Privat

Det vart ein dramatisk dag på tirsdag for ein barnefamilie på campingtur ved Osensjøen i Trysil.

Like etter klokka tolv fekk politiet melding om brann i ei campingvogn på Osensjøen Turistsenter.

– Barna vart igjen for å ake då dei vaksne skulle ta seg ein kort skitur like i nærleiken, fortel familiemedlemmer til barnefamilien.

Kjente at det lukta røyk

Kleda dei to jentene hadde på seg då dei aka vart våte, så dei gjekk inn for å skifte. Då dei var på veg ut att for å møte fleire som skulle vera med å ake, kjende dei at det lukta røyk.

– Først opna dei døra for å lufte, og då ho eine gjekk inn for å sjå kvar lukta kom frå, såg ho at det kom frå sentralfyren. Dei kom seg ut av campingvogna, og begynte å rope på hunden.

Etter å ha forsøkt å lokka hunden ut fleire gonger utan hell, gjekk den 9 år gamle jenta som budde i vogna inn og henta ho med seg ut.

– Hadde dei ikkje gått inn så hadde ikkje hunden komme seg ut, fortel familiemedlemmen til barnefamilien.

Etter det ringde barna til familie og kjente i nærleiken, og til brannvesenet.

Les også Sunniva valgte bort hybel – bor nå i telt

Sunniva er glad for å kunne bo tett på sine to hunder.

Ringde til naboen

Yngve Grambo eig campingplassen. Han var på tur til Elverum, men snudde då han vart ringt opp av politiet.

– Eg fekk brannvesenet på tråden, og dei lurte på om det var ein traktor i nærleiken som kunne skuffe snø på flammane.

Både Grambo og naudetatane var langt unna, så han ringde opp ein av naboane sine.

Vart sløkt før brannvesenet kom

Stephan Bakke skunda seg i traktoren då han fekk høyre kva som skjedde.

Stephan Bakke var med og sløkte brannen i ei Campingvogn ved Osensjøen.

PLUTSELEG BRANNMANN: For Stephan var det udramatisk å bruke traktoren for å sløkke brannen.

Foto: Privat / Privat

– Eg drog og forsøkte å dra saman så mykje snø som mogleg for å frese over brannen, seier han.

Då han kom fram var det meste oppbrent.

– Det var litt flammar og ein del røyk, og eg kunne sjå nokre flammar frå spikarteltet, men det klappa saman då eg fekk snø på det.

Stephan Bakke filma røyken etter han hadde fått skuffa snø på brannen

RØYK UTAN ELD: Innan brannvesenet kom fram hadde Stephan fått skuffa på snø, og det var mest røyk.

Campingvogna brann ned veldig fort. Frå det Stephan kunne sjå var det nesten ingenting att. Men dei klarte å unngå at det spreidde seg.

Les også Mistet butikken i brann: – Det er jo helt jævlig!

Nedbrent

Både helse, politi og brannvesen vart sendt til brannen, men alle saman var langt unna.

– Det gjekk om lag 40 minutt før vi var på staden, seier operasjonsleiar Sidsel Svarstad frå politiet.

Ho seier Stephan var snarrådig med traktoren, og at brannen omtrent var sløkt innan dei kom fram.

– Det skal ikkje ha vore personskadar i brannen, men vogna er bortimot nedbrent.

I tillegg vart dei litt skader på campinghytter rundt.

Gode gamaldagse campingvogner blir meir populære Daniel og Solveig lever ut drømmen ved å leie ut gamle «glamping»-biler

Daniel og Solveig Feidal på tur

Blir tent på eit blunk

Yngve Grambo har ikkje oversikt over skadane enno, men alle eigarar er informert om brannen.

– Ei campingvogn blir overtent på eit blunk. Eg prata med nokon som såg det heile. Dei trur det tok ti minutt før vogna var borte, fortel Grambo.

Foreløpig veit dei ikkje kva som utløyste brannen, men Grambo er takksam for at ingen vart skada.

– Det er vi glade for alle saman.