Hopp til innhold

Klima­endringane gir bøndene eit dilemma: – Skal vi kutte ut den beste matjorda?

Jorda til Olav Dalen har vorte overfløymd sju gonger denne sommaren. No ber han styresmaktene avgjere om dei vil ha matproduksjon eller våtmark.

BERRE VATN: I sommar har det ikkje vore mogleg å hauste noko som helst på jorda nærmast elva Etna.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

BERRE VATN: I sommar har det ikkje vore mogleg å hauste noko som helst på jorda nærmast elva Etna.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Olav Dalen er frustrert. Denne sommaren har store vassmassar øydelagt avlingane hans.

Bonden bur i Nordre Land i Innlandet og har elva Etna som næraste nabo. I sommar har elva fløymt over breddene sine fleire gonger, og aller verst var det under ekstremvêret «Hans» i byrjinga av august.

Slike flaumar øydelegg avlingane, og sørgjer for høge ekstrautgifter og mykje ekstraarbeid.

No synest Dalen at styresmaktene bør velje kva dei vil med landbruket i flaumutsette område.

Han meiner signala frå politikarar, naturorganisasjonar og fagpersonar sprikjer i ulike retningar:

– Nokon meiner naturen skal få ordne opp på eiga hand, medan dei mest ekstreme på andre kanten helst ser elva gå i røyr, seier han.

Flaum skaper dilemma mange stader i landet

Det er NVE som sørgjer for sikring av flaumutsette område.

– Hovudoppgåva er å sikre eksisterande busetnad. Jordbruksområde fell i mange tilfelle utanfor dette, seier regionsdirektør i NVE, Paul Christen Røhr.

Om det skal endrast, er det i så fall eit politisk val, meiner Røhr.

NVE sin hovedoppgave er å verne busetnad ved flaum, landbruksområde kjem i andre rekke.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

NVE sin hovedoppgave er å verne busetnad ved flaum, landbruksområde kjem i andre rekke.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

NRK har spurd landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) om kva han meiner om Dalen sitt ynskje. Pollestad skriv i ein e-post at flaumtilpassing er ei viktig side av klimatilpassinga.

På dei synfaringane eg har hatt i samband med flaumen har eg fått fleire innspel på korleis ein kan sikre seg betre mot flaum og kva som er utfordringa med dei ordningane me har i dag. Hovudfokus no er framleis å handtere konsekvensane av årets flaum.

Pollestad skriv vidare at regjeringa ynskjer jordbruksareal der det i dag vert dyrka mat.

Alt tyder på at vi har meir ekstremvêr i vente

For bonden i Nordre Land betyr det trøbbel om ingenting blir gjort med vassdraget.

– Vårflaumane er vi vande med. Dei har alltid vore der. Men når det kjem store nedbørsmengder stadig vekk, blir det vanskeleg, seier Olav Dalen.

Han får støtte frå leiaren i Innlandet Bondelag, Elisabeth Gjems.

Elisabeth Gjems Innlandet Bondelag rundballer til sjøs

Bondelagslederen i Innlandet meiner det bør gjerast noko med vassdraga.

Foto: Carl Anders Brynildsen Sørheim / nrk

– Vi har eit vassdragsvesen som må sørgje for at vatnet bevegar seg gjennom landskapet. Fagstyresmaktene må samle seg for å unngå at det skjer altfor stor skader frå vassdraga, seier ho.

Når det blir meir ekstremvêr, meiner ho det blir viktig med nok plass i elveleia slik at vatnet kan bevege seg der, utan å gjere altfor stor skade på omgivnadane.

Å endre elveløpa er ikkje nødvendigvis ein suksess

Røhr i NVE seier fjerning av grus og stein kan vere ei løysing enkelte stader, men langt frå over alt.

– Dette har ein variabel effekt, for å seie det mildt. I breie og sakteflytande elvar har dette liten effekt. I andre vassdrag kan det ha positiv verknad, seier han.

For berre nokre tiår sidan kunne nærast kven som helst ta ut stein og grus frå elveløpa.

NVE-sjefen meiner tiltaka som allereie er gjennomførte i mange tilfelle har positiv effekt. Ifølgje han var det større vassføring i Gudbrandsdalslågen under «Hans» enn det var under storflaumen i 1995, men skadane var truleg vel så store då.

Naturvern må gå føre

Dokkadeltaet, som Etna renn ut i, er eit naturreservat.

– Naturkvalitetar har ein heilt annan verdi i dag, enn det hadde for berre nokre tiår sidan, seier regionssjefen i NVE.

Det er leiaren Naturvernforbundet i Innlandet, Ole Midthun, heilt samd i. Han meiner naturlege barrierar er det aller viktigaste for å redusere skadane av flaum.

Ole Midthun er leder i Naturvernforbundet i Innlandet og meiner bøndene er de som merker klimaendringane først.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ole Midthun er leder i Naturvernforbundet i Innlandet og meiner bøndene er de som merker klimaendringane først.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Myr, våtmarksområde og kantsoner er alle døme på det, meiner han.

– Det er bøndene som merkar klimaendringane først. Derfor forstår eg absolutt bonden i Nordre Land. Samtidig kan vi ikkje byggje demningar rundt all dyrka mark, seier Midthun.

Olav Dalen trur på løysingar som tek omsyn til fisk, fugl og matproduksjon. Han viser til tiltak som er gjennomført i andre vassdrag, og som også kan gjennomførast fleire stader.

– Så sant det er vilje til, får ein det til, seier han.

Olav Dalen opplever at alle flommene gjør tilværelsen som mjølkebonde uforutsigbar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Olav Dalen opplever at alle flommene gjør tilværelsen som mjølkebonde uforutsigbar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK