Arbeidet med den spektakulære tunnelen starta 9. mai, og fire franske ishoggarar brukte 12 dagar på å grave. Etter dette har ein av landets beste iskunstnarar, Peder Istad, finpussa og ljossett istunnelen.
Tunnelen er 30 meter lang og har fleire rom, utstillingar og til og med eit eige auditorium.
Eigen klimapark
Både riksantikvar Jørn Holme, Fylkesvaraordførar Reidun Gravdahl og fylkesarkeolog Espen Finstad var til stades da istunnelen vart opna.
Foto: Ulf Erik Hansen / NRKIstunnelen er ein del av samarbeidsprosjektet Klimapark 2469. Tunnelen ligg ved Juvasshytta, like ved Noregs høgaste fjell Galdhøpiggen.
I dag var det offisiell opning 1800 meter over havet, og fleire hundre personar hadde teke turen til fjells for å markere opninga.
Målet med klimaparken er å formidla klimahistorisk kunnskap, og gje moglegheit til å sjå korleis isen og klimaet har endra seg.
– Målet er at folk skal bli engasjert og oppleve det som skjer. Klimaovervåkinga blir demokratisert, alle kan delta, seier fylkesarkeolog i Oppland, Espen Finstad.
Sjå tv-innslag om Klimapark 2469:
Les meir om istunnelen på Klimapark 2469 sine Facebook-sider